IMG_2828

M/F Eiksund på veg over fjorden etter at sola har gått ned, på dei fleste stader.

 

Det var eit raudskjer over Hjørundfjorden tysdag kveld. Sola slo til, og lyste opp fjella medan folk flest budde seg på kvelden.

Det er slike kveldar vi lengtar etter. Dei fortel oss at den lyse tida er på veg. Ein ting er at sommartida på klokka er komen, noko anna er at kveldssola grip tak i fjella, og fortel oss at det berre vert lysare i månadene som kjem. 

Vi kan knapt vente på endå lysare kveldar. Det gjev aktivitet, myldring, flørting, glede, fotball, gjødsling og grøde. Eg gler meg i alle fall. 

IMG_2833

Til slutt ei lita tevling. Kva heiter fjellet bak kraftlinene?