Nysatsing Adm. dir. Terje Devold i 62°Nord smiler og meiner klart at nysatsinga på Hjørundfjorden skal bli attraktiv.
Terje Devold i 62 NORD
Båten har plass til 97 passasjerar og har høg standard. Marsjfarta er 25 knop. Det vil seie at Leknes – Ålesund går unna på 1t og 15 min. Det er servering om bord med ymse rettigheiter. ”Fjord Aalesund” skal stå for persontrafikken frå Ålesund til Leknes og retur med nye passasjerar frå Leknes til Ålesund. Sesongen er frå 27. juni t.o.m. 17. august. Opplegget er to-delt og har ulike namn:
FJORD MAJESTIC
startar i Ålesund kl. 16.00. Fem kvarter seinare går passasjerane om bord i buss på Leknes og køyrer til Hotell Union Øye der det vert servert kaffi og kaker. Bussen går vidare gjennom Norangsdalen med kort stopp på Ljøen og vidare til Ørsneset og Ålesund. Turen er rekna å ta 4 t 50 minutt.
Leknes er eit sentralt knutepunkt for turistsatsinga
FJORD EXPERIENCE
er eit opplegg med samkøyring med hurtigruta frå Ålesund til Geiranger, ferje til Hellesylt og buss til Leknes. ”Fjord Aalesund” ventar då på Leknes kl. 17.30 og derfrå er det beine turen til Ålesund kl. 18.45. På denne måten vert katamaranen utnytta svært effektivt, noko som vil vere viktig for framtida for opplegget.

Hotell Union skal servere kaffi og kaker kl. 17.40-18.15
Terje Devold vil understreke at 62°Nord ikkje har kutta eller revurdert satsinga på Hjørundfjordnaturen. Han vil heller kalle det ei justering av drifta basert på erfaringar og vurderingar av framtidig potensiale.

Katamaranen "Fjord Aalesund"
Fjordabåten (10.04.2008 kl. 19:35)
Det er nok rett at Tide Sjø har kjøpt opp Cruise-Service as, slik Rune skriv. Men Hjørundfjordruta er ikkje oppført mellom hurtigbåtrutene til Tide. Når begge fjordabåtane så er oppført på 62Nord si nettside, så er det litt forvirrande.
Er det nokon som veit meir om dette?
Kåre Myklebust
Fjordabåten (08.04.2008 kl. 20:08)
Trur det var CruiseService og 62Nord som innleia samarbeid. Både Nordic Lady og Nordic Sky er ein del av båttilbodet frå 62Nord. På heimesida til Cruise-Service står rutetabell for Hjørundfjordruta for 2006, så eg trur at det er 62Nord som har styringa. Eg tvilar på om denne ruta skal gå i år, men håper eg tek feil. På Tide sine sider finn eg imidlertid ikkje noko om dette.
Kåre Myklebust
Cruise Service - Tide Sjø (08.04.2008 kl. 19:41)
Vi må ikkje forvekse 62 grader Nord sitt opplegg med Cruise Service, no ein del av Tide Sjø. Cruise Service ville satse i alle fall tre år på Fjordabåten til Hjørundfjorden. Det skal vere eitt år att av denne satsinga, og så får vi sjå om det også i år vert Fjordabåt med stoppestader på Trandal - Sæbø - Øye og eventuelt andre stader.
Rune Sæbønes
Dagstur til Ålesund (08.04.2008 kl. 18:41)
I fjor hadde eg nett sett meg av ein fredag til ein Ålesundstur då opplegget brått vart innstilt. Vi var fleire som såg fram til å få eit nytt høve til sommaren.
Men etter det som er skissert i denne artikkelen, vert det ikkje noko tilbod til hjørundfjordingane og turistane som kvart år oppheld seg her. Å få dra sjøvegen til Ålesund, ha nokre timar i byen og så attende innover på ein stille og kveldsolbada fjord, det var det vi hadde drøymt om!
Kari Hame
Fint rundturopplegg (08.04.2008 kl. 18:08)
Men kva med å få turistar til å stanse i fjorden? Då må dei ymse tilboda om overnatting/ servering bli kjent for turistane. Ser at nettsida til 62 NORD ikkje har noko lenker til tilboda i Hjørundfjorden. Dette bør ein ta opp med dei og få lenker til/frå 62 Nord. Det skulle ein tru var til gjensidig interesse sidan mange av tilboda her ofte er avhengig av båttransport.
Elles er det gledeleg at Lekneset har kome slik i vinden, særleg for oss som har orkesterplass!
Kåre Myklebust