Det vart litt klabb og babb sist haust med den planlagde gangvegen frå Rise til Kvistadbrua p.g.a. sein sakshandsaming i Ørsta kommune.  Denne strekninga vart likevel rydda for skog før vinteren sette inn for fullt.

Denne veka har maskinentreprenør Ronny Aamås igjen gjort ein god jobb og fått rydda og planert toppen av elverampa.  Og i dag vart det køyrt på heile 560 m3 med grus på strekninga frå Rise til Kvistad.  No er det berre å ta turskorne på for å teste denne strekninga.

IMGP3980 (Large)

I dag hadde Gunnar Stokke i hjullastaren hos Holen Sand- og Grustak ein travel dag.  Det var han som leste på 560 m3 grus på ein lastebil og 6-7 traktorar.

I dag var det i alle høve 13 personar som deltok på dugnaden og sjefen, Irene Osvoll, er svært glad og takksam for den jobben som vart gjort.  Som vi veit, er gangvegen frå Hustadbrua til Rise ferdig og no er også strekninga frå Rise til Kvistadbrua nesten ferdig -  berre eit lag med fingrus skal på og ei bru eller to skal på plass over eit par småelvar.  Likevel er det ingen problem med å gå denne strekninga no med lave sko.  Men enno kan det nok vere i tyngste laget å trille barnevogn.  Ein skal også vente med å køyre rullestol her til fingrusen har kome på plass.

IMGP3974 (Large)

Det var Åge Osvoll som var arbeidsformann i dag og sytte for at traktorane, som gjekk i skytteltrafikk, tippa grusen på rett plass.

Som kjent er det matyktene som er likast med alle dugnadar.  I dag fekk også Irene Osvoll og Hilde Sæbønes avsetning på pølsene, sjokoladekaka og sjokoladen som dei hadde med.

IMGP3985 (Large)

Hilde Sæbønes fekk avsetning på pølsene sine

IMGP3986 (Large)

... Og stemninga var god.  Frå venstre: Kenneth Hustad, Arne Gjerde, Åge Osvoll(sitjande), Gunnar Stokke og Håvard Aklestad.