I 1978 vart Åmdal Trekkspelklubb skipa av ein gjeng ihuga trekkspelarar. Mange av desse spelar framleis i klubben, og nye entusiastar har kome til. Klubben tel i dag 17 aktive musikarar frå alderen 17 - 80 år. I tillegg er vi så heldige å ha eit breidt spekter av aktive supporterar og støtte-medlemar.

Dei idylliske omgjevnadane i Hjørundfjorden dannar ei flott ramme rundt jubileumsfeiringa, som byrjar med konsert i gymsalen på Sæbø skule klokka 15.00. Vi ønskjer at årets arrangement skal vere noko ekstra, der vi får syne breidda til dette fantastiske instrumentet. For å få til dette har vi mellom anna fått med oss Heine Bugge som er ein jazz-artist av ypparste klasse. Kjell Harald Langhaug er eit kjent namn i både inn- og utland, og ikkje minst i Ørsta, her han har vore ved fleire ulike høve. Han spelar det meste som er å spele på instrumentet og vil i tillegg til sin brilliante musikk stille med trekkspelutstilling. 


Seminar for elevar ved Dalane skule og elevar ved Ulstein Kulturskule vert det med Lars Røyseng og Stian Aase, kjent under namnet Duo Jupiter. Dei er blant dei fremste i Noreg på trekkspel, og var å høyre i programserien Kjempesjansen på NRK1 hausten 2006. Nyleg gav dei ut plate med musikk som representerer stor musikalsk breidde. Både dei og seminardeltakarane vert å høyre under konserten.


Også vårt eige distrikt har musikkaktørar av høg kvalitet. Vi nemner mellom anna distriktsmeister i både solist og varitè, Kristina Bjørdal, og multimusikar Odd Arne Halaas frå Eide på Nordmøre som både spelar og syng. I tillegg får vi høyre Accordion Girls som er ei gruppe med unge trekkspelarar frå Ørskog, distriktsmeisterar i gamaldans klubb/orkester og underhaldning, Rauma Trekkspelklubb, NM-vinnarane Johnson New Look og sjølvsagt jubilanten, Åmdal Trekkspelklubb, og mange andre.


Dagen vert avslutta med dans ved Sagafjord Hotel på Sæbø.


Vi meiner dette arrangementet vil ha noko for ein kvar smak, og håper å kunne gi våre tilhøyrarar ei musikalsk oppleving som vil varme både kropp og sinn framover våren.

Åmdal Trekkspelklubb