Etter mange månadar på rad med nedbør langt over normalen, fall det på Hustad 168, 6 mm nedbør i mars.  Det er berre 4,6 mm over normalen som altså er på 164 mm for denne månaden.

IMG_3892 (Large)

Ikkje så mykje vatn i målebegeret i mars, "berre" 168,6 mm.

Når Anne Hustad les i boka si, ser ho at døgnet med mest nedbør er den 17. Då kom det 28,3 mm nedbør.  Den dagen det låg mest snø, som også er rekord for året så langt, var den 24.  Då var det 48 cm snø på flat mark på Hustad.

Og som vanleg er det lettast å telje dagane utan nedbør.  Det var 10 døgn utan regn eller snø på Hustad. 

Og som vanleg kjem snart Arild Stokke sine observasjonar frå Petterbakkane i Ørsta.  (Dersom han er komen heim frå operahussynfaringa i Oslo).