IMG_0714 Bjørke og Kaldneset sett frå Kvamsedalsbrunene

Planen er å byggje ein tunnel mellom Bjørke (t.h.)  og Leira, slik at ein slepp å køyre i ope rasutsett landskap forbi Kalneset, noko som alt har teke eit liv.

Ordførarane i Ørsta og Volda reagerer svært negativt på utspelet frå fylkesdirektøren. Dei varslar kamp for å få arbeidet i gang i år, slik tidlegare føresett.

 

No er den vidare lagnaden til rassikringa Bjørke - Leira avhengig av korleis dei ymse partia stiller seg til saka i fylkestinget. Møre - Nytt har meir om saka.