Det vert ei øving der kursdeltakarane på "Fagkurs skred 2008" skal leie redningsarbeidet. Det å få frivillige som ynskjer å delta i redningsarbeidet skal vere ei av utfordringane til kursdeltakarane. 

Det vert med personell frå Røde Kors, Norske Redningshundar og Politiet. Luftambulansen frå Ålesund og Sea-King frå Ørlandet har meldt at dei også stiller om været tillet det. 

Spesielt ynksjer vi å invitere dei som deltok på Snøskredrednings demonstrasjon på Reset  eller  Skredkurset som Sunalp arrangerte i Ålesund/Stordalen.    

Påmelding skjer ved å legge igjen ein kommentar på Ørsta Røde Kors sine heimesider . 

Det vert oppmøte på Ørsta Røde Kors sine lokaler i Strandgata 21. Avreise derifrå skjer klokka 09.00.
Det vert felles transport med beltevogn, ettersom det er begrensa med parkeringsplassar på Standalseidet og i Kolåsen.

Øvinga startar klokka 10.00, og vi må berekne god tid på å gå opp til skredområdet ettersom det har kome store mengder nysnø på Standalseidet.  

 Meir info om Fagkurs skred 2008 finn du her

Her er nokre bilder frå nattøvinga som var torsdag kveld.

 Skred1

DSC00123

Observatørane

DSC00126

Seaking redningshelikopter landa i tolv-tida for å fylle drivstoff.

seaking 

 

MVH

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.