Skattejakta 030

I 2007 var det eit frykteleg ver under Skattejakta på langfredagen. Likevel deltok kring 400 den dagen. Imponerande.

Skattejakta vert arrangert etter same lest som tidlegare år. Det vil seie at det både Langfredag og 1. Påskedag vert sett opp seks postar i området Sæbø – Sæbøneset –Hustadneset – Rise – Hustad. Kvar dag er det seks postar, med seks til åtte spørsmål på kvar post. Spørsmåla vert henta frå ymse kjelder, det vere seg atlasen, historieboka, filmar, blad, platesamlingar, Bibelen, Koranen, Hjørundfjorden, VG-lista osb...

Mange prøver å bu seg, og vert like overraska og vonbrotne kvart år. Det er eit mål for Skattejakta at i alle fall nokre av tema for spørsmåla er ei overrasking for deltakarane. 

 

Som vanleg vil vi på kvar post ha barnespørsmål, og dei er nesten slik at ein må ha med barn på gruppa for å greie spørsmåla – eller ein må ha ei litt barnleg sjel sjølv. Det er det ingenting gale med.

Skattejakta 047

 Hilde Sæbønes, Per Stein Straume og Ola Sæbønes under Skattejakta i fjor. Stiller dei i år? 

Kvar løypa går, vert bestemt i siste liten. Erfaringa tilseier nemleg at veret på denne tida av året kan vere litt ustadigt. I fjor, i eit forrykande uver, vart løypa den første dagen konsentrert om Sæbø sentrum, medan det andre dagen vart høve til å prøve nye-rampa langs Bondalselva til Rise. 

Uansett skal turen ikkje vere vanskelegare enn at det er mogleg å ta med seg barnevogn eller rullestol. Så litt om reglane: Det er ikkje lov med fleire enn seks vaksne på kvart lag. Dette handlar om rettvis konkurranse. Det er uavgrensa med talet på born (under seksten) på kvart lag. Ein må minimum vere to på laget. 

Det er ikkje lov å ha med hjelpemiddel under turen. Det vil seie oppslagsverk, aviser, mobiltelefon, bærbar pc osb. Vi veit at nokre er på jobbvakt medan dei går Skattejakta, og at mobiltelefonen må vere på. Då tek ein kontakt med sekretariatet på klubbhuset før ein går ut og varslar om dette, slik at vaktene vert informerte.

Skattejakta 043 

 I fjor var nyerampa ein del av ruta 1. påskedag. Det kan skje i år også. Her er Jon Endre Ørstavik og Normann Dimmen i front. 

Kvar dag er det påmelding frå kl. 14.00, og vi startar å gå ut kl. 15.00. Då rekk folk ein skitur før på dag om ein ynskjer det. Det er lov å melde seg på per telefon, og då ringjer ein 700 40 257 frå kl. 14.00 begge dagar. 

For dei som ikkje kan vente, legg vi inn to testspørsmål her. Det eine er eit tekstspørsmål. Det andre er eit biletespørsmål. Det er berre å svare i kommentarfeltet under. 

Spørsmål 1)

Først tekstspørsmålet: Eiksundsambandet er nyleg opna. Kor lang er Eiksundtunnelen? Og kor djup er han?

Spørsmål 2)

IMG_2112 

Kva i allverda er dette?