Deltakarane ventar spent på fasiten.
Trollgubben lurvelegg har 1 auge, 2 naser osv, kva har han 7 av?
Naglar av gråstein
Han fekk ei kjerring som han var så gla i , kva tid gifta han seg(dato)? 4. mai
Onsdag fekk Noreg sin første mannlege europameister i symjing, kva heiter han:Aleksander Dale Oen
Kva for ein distanse vann denne symjaren? 100 m bryst
Denne symjaren vart den fjerde i verda under ei drøymegrense i symjesporten på denne distansen, kva for ei? Under minuttet
Noreg har i symje-VM langbane teke ein medalje. Kven tok denne, og på kva distanse? Lene Jensen, 100 m fri (sølv forresten)
Kor langt er bassenget i eit kortbanemeisterskap i symjing? 25 meter
Kva heiter kontordama til onkel Skrue? svar: Frøken Vable
Kva heiter milliardæren som onkel Skrue alltid kranglar og konkurrerer med? svar: Rikerud
Kva heiter hovudstaden i Kazahkstan? Astana
Kva heiter hovudstaden i Irak? Bagdad
Kva land er størst i flateinnhald (kvm), Sverige, Tyskland, eller Spania? Spania
Russland er det støste landet i verda i flateinnhald, kva er det nest største? Canada
Kva er det minste landet i Europa i flateinnhald? Vatikanstaten
Kva er namna på foreldra til Harry Potter?
Lilly og Jakob Potter
Kva er Harry Potter sin skytsverge? Ein hjort
Kven vert republikanarane sin presidentkandidat til presidentvalet i USA til hausten? John Mc Cain
George W. Bush er USA sin 43. president. Kven var president nummer 40? Ronald Reagan
Kva heitte presidenten som vart skoten etter den amerikanske borgarkrigen: Abraham Lincoln
Den største demninga i Colorado-elva er kalla opp etter ein amerikansk president. Kva for ein? Herbert Hoover
Kor mange kvinnelege presidentar har USA hatt? Ingen
Kva farge har bilen Lynet mc qeen? Raud (med gult lyn)
Kva farge har krana på Byggmester Bob? Gul
Hyse og sei er med i den same fiskefamilien, kva for ein? Torskefamilien
Kva type fisk er salmonidae? Laksefisk
Kva vert rekna som verdas raskaste fisk? Tunfisk (makrellstørje
Kva er mussa? Lita sild (5 – 10 cm
Kva slags type båt er Elias? Slepebåt/bergingsbåt
Kva heiter den vesle oransje båten som er i hamna til Elias? Kjapp
Agnetha, Bjørn, Benny og Anni-Frid utgjorde popgruppa? ABBA
Kva gruppe gav ut LP-plata ”Revolver” i 1966? The Beatles
Kva heiter vokalisten i bandet de Lillos: Lars Lillo Stenberg
Kva heiter songarinna som deltek for Noreg i Grand Prix i år: Maria Haukaas Storeng
Kven syng om Reidar sin gjødselspreidar? Vassendgutane
Kva slags blomst er ho Fiffi? Forglemmeiei
Kva elskar humla, som er i lag med Fiffi? Honning
Blomen er gul, og er vanleg å sjå rundt påsketider. Det latinske namnet er Narcissus pseudonarcissus, og planta er? Påskelilje
Digitalis purpurea er ein vanleg plante langs norskekysten og i fjordane. Blada frå planta vert brukt til hjartemedisin. Kva er det norske namnet? Revebjelle
Denne urten er vanleg å bruke på pizza, og ein art av urten veks vilt i Noreg, særleg i Oslofjordområdet og i indre fjordstrøk på Vestlandet. Kva plante snakkar vi om? Bergmynte/Origanum vulgare/Oregano
Kvitveis og blåveis er i same blomefamilie. Kva heiter denne familien? Soleiefamilien
Fasit søndag:
Kva farge har den vesle roboten i robotgjengen? Rosa og blå
Jordbærmathilde har eit lite kjæledyr, kva er det? Ein rosa katt
Kvar kom Snorre Sturlasson i frå? Island
Kor gammal er fjorårets nobelprisvinnar, Doris Lessing? 89
Kven har skrive serien ”Sagaen om Isfolket”? Margit Sandemo
Kven skreiv ”I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg”? Jakob Sande
Nemn tre fuglenamn som er med i songen ”Alle fugler”?
Gjøk, sissik, trast, stare, lerke
Dei tre små grisane bygde hus av ulike material, kva?
strå, kvist og murstein
Kva lag vann Tippeligaen sesongen 2007? Brann
Kven vart toppskårar i Tippeligaen sesongen 2007? Thorstein Helstad
Kva lag vart verdsmeistrar i fotball-VM for kvinner i 2007? Tyskland
Kva heiter fotballstadion der Bayern Munchen spelar sine heimekampar? Allianz Arena
Kva heiter heimebana til FC Valencia i Spania? Mestalla
Nemn 5 av dyra som er med i båten til geitekillingen som kunne telle til ti? geit, ku, kalv, okse, hest, gris, hane, katt, gås, hund.
Kva heiter statsministeren i Tyskland? Angela Märkel
Kva heiter statsministeren i Storbritannia?Gordon Brown
Kven er olje og energiminister i Noreg? Åslaug Haga
Kven er ordførar i Oslo? Fabian Stang
Kven vart utnemnd til barneombod, men som slutta før ho byrja? Ida Hjort Kraby
Kva farge har kongen i filmen Biler? Blå/turkis
Kven er bestekompisen til Byggmester Bob? Skuff
Kven hadde den mannlege hovudrolla i filmane ”Den forsvunne pølsemaker” og ”Fjols til fjells”? Leif Juster
Kven spelte Hannibal Lecter i ”nattsvermaren” frå 1991? Anthony Hopkins
Og kven spelte FBI-agenten Clarice Sterling i oppfølgaren ”Hannibal” frå 2001? Julianne Moore
Ho tok tre Ol-gull, og var Noreg si største internasjonale filmstjerne før Liv Ullmann. Kven snakkar vi om? Sonja Henie
Trond Fausa Aarvåg og Mariann Saastad Ottesen har hovudrollene i kva film frå 2007? Tatt av kvinnen
Kva heiter hamna der Elias og vennene bur? Lunevik
Kva heiter helikopteret? Helinor
Kva land var den dominerande kolonimakta i Mellom – og Sør Amerika? Spania
Haiti vart det andre sjølvstendige landet i Amerika, og proklamerte den første svarte republikk. Når skjedde dette? 1804
Kva heiter statssjefen på Cuba som nyleg gav seg etter snart femti år ved makta? Fidel Castro
Kva heiter øya som Haiti og Den Dominikanske Republikk ligg på? Hispanola
Kven av røvarane i Kardemommeby vart brannmeister? Kasper
Kva skjedde 1. påskedag, og som gjer at vi feirar påske? Jesus Oppstode
Jesus vart helsa med Hosianna då han reid inn i Jerusalem på Palmesøndag. Kva betyr Hosianna? Hebraisk, kultrop som eigentleg betyr hjelp, frelst.
Kven av Jesu disiplar heitte opphavleg Simon, men fekk av Jesus tilnamnet Kefas, som beyr klippa? Peter
Kva var innskrifta som Pontus Pilatus sette på Jesu kors? ”Jesus frå Nasaret, jødane sin konge”
Kva vart bestemt om påskefeiringa ved kirkemøtet i Nikeia, år 325 e.Kr? At påskesøndag skal vere første søndag etter den første fullmåne etter vårjamdøger (20. mars).