Nei, i dag, 1. påskedag, var vêret ikkje det beste på Sæbø.  Likevel møtte mange opp for å ta del på dag to på Sæbø IL, fotballgruppa si skattejakt.  Og berre så det er sagt - det var ingen sure miner å sjå.

Eg har ikkje sett namn på alle personane på fotoa under - det hadde nok blitt eit for omfattande arbeid, men vil du ha namn under ditt foto, ta kontakt.  Klikk på fotoa for stor versjon.

IMGP3023 kopiIMGP3021 kopi

Anders Roald (t.v.) har nettopp avslutta to datakurs på Sæbø.  Likevel tok han seg også tid til å vere med på den populære påskerebusen.  Han hadde med seg eit sterkt lag begge dagar, m.a. hadde han med seg dotter si(bak) og var det ikkje rektor og professor Jørgen Amdam(t.h.) ved Høgskulen i Volda vi såg i snøbygene?

IMGP3024 kopiIMGP3026 kopi

Problema med vêret var nok størst  svara skulle skrivast.  Det galdt å finne eit tre, eit takskjegg eller noko anna å stikke hovuda under.

IMGP3030 kopiIMGP3031 (Large)

Fotoapperat og væte passar ikkje like godt i lag.  Men til venstre ser vi at Inge Kvistad har fått med seg familien.  Og til høgre ser vi at mange flaggar 1. påskedag.

IMGP3034 kopi

Staren er i alle høve på plass på Sæbø.  Det var fleire av dei på fuglebrettet til Gunnhild og Torbjørn Slettedal.  Denne fuglen såg likevel ikkje ut til å vere heilt nøgd - han ville tydelegvis heilt inn på kjøkenet deira.

IMGP3035 kopiIMGP3042 (Large)

IMGP3048 kopi

Det var ikkje like enkelt for dei som hadde med seg barnevogn i dag.  Det var nok trivelegare å sitje i vogna...

IMGP3043 kopiIMGP3040 kopi

Dei yngre likte godt å bruke kjelke også.  I alle høve gjorde Mina og Ella det.  Til høgre ser vi at kjelken er populær mellom dei som er litt eldre også...

IMGP3037 kopiIMGP3039 kopi

Ein lærar på laget er ikkje dumt...

IMGP3051 kopi

Arnfinn Mork(t.v.) hadde ei nybakt firebarnsmor med seg.  Nei, det var nok ikkje kona, men hunden har fire små heime i Volda

IMGP3056 kopi

Arnsjot Frøland var ein av dei som stilte med det sterkaste laget...

IMGP3062 kopi

Det same gjorde Ragnar Nygjerde(nr. to frå venstre).  Han stilte med begge sønene sine i tillegg til to barnebarn.

IMGP3065 kopiIMGP3059 kopi

Mathias Riise hadde også med seg eine dotter si.  Og Ann-Christin Andersen og Ella var samde om at det var ein gild tur.

IMGP3073 kopiIMGP3076 kopi

Til venstre ser vi dommarane avgjer kven som har flest rette.  Til høgre ser vi at mange hadde møtt opp på Sagafjord Hotell for å få vite om det var deira lag som gjekk av med sigeren.  Og ein ting er sikkert...

IMGP3078 kopi

Alexander Riise Olsen kan love at det vert påskerebus på Sæbø også neste år.