Sauebonden har ansvaret for at saueklippar Kieran McCallum (29) til ei kvar tid har ein sau å klippe.  Linda (24)McWhirter tar seg av resten, dvs. ho sorterer ulla slik at bonden får best mogleg betalt.  I tillegg er det Linda som tek seg av økonomien - det er ho som tek imot betaling og skriv ut kvittering.  Og dei av oss som har hatt besøk av desse to i sauefjøsen, veit at desse to kan sitt arbeid.

IMGP2954 (Large) 

Kieran klipper og Linda sorterar ulla

Dei to bur no i lag i  Argyll i Skottland, men Kieran er frå Irland der far hans er sauebonde og har 600 sauer.  Det er saueklipping dei to lever av og frå dei to kom til Bergen i slutten av februar og til dei reiser frå same stad i byrjinga av april, er det 3000 sauer som har fått ny frisyre av Kieran McCallum.

IMGP2952 (Large) 

I løpet av vel ein månad klipper Kieran ca. 3000 sauer i Noreg, for det meste i fjøsar rundt om i Møre og Romsdal

Mange sauebønder har dei siste åra gjerne nytta norske saueklipparar, men diverre har det synt seg å få stabile slike - dei klipper eit år eller to, men så er det slutt.  Difor er vi sauebønder svært så glade for at vi har slike fagfolk som Kieran og Linda.  Dei kan sitt fag og betre klipparar er det uråd å få.  Dei får sjølv store og urolege dyr til å slappe av under klippinga.

Kieran og Linda klipper sjølvsagt sauer både i Irland, Skottland og Noreg.  I tillegg klipper dei også sauer på New Zealand.

IMGP2956 (Large)

Sauebonde Kjell Frøland si oppgåve er å syte for at klipparen har sauer og klippe

I all den dag dei er to, slepp sauebonden å få fatt i anna hjelp.  - Ikkje gongsperre i ryggen i dag, seier Kjell Frøland og tenkjer på at han slepp å bøyse seg ned for å sortere ulla.  Men Kjell har likevel fått tak i hjelp.  Han er bestefar/morfar til 6 år gamle Ingeborg Ryste Frøland.  Ho har skulefri og det passar såleis fint for då kan ho vere med å hjelpe til.

IMGP2965 (Large)

Her studerer 6 år gamle Ingeborg ullkvaliteten saman med morfar Kjell

IMGP2968 (Large)IMGP2967 (Large)

Her blir ein ny sau klipt, Linda sorterer ulla, og sauen...

IMGP2959 (Large)

vert glad og nyklipt

No er det snart vår og tid for lamming, men i haust er Linda og Kieran tilbake i Hjørundfjorden.  Då er det  den gode haustulla som skal av.  Visste du forresten at vårulla vert kalla ru?

Medan Linda og Kieran klipper sauer i Ørsta, bur dei hos Odd Bjarne Bjørdal på Eide.  Det er også han som er kontaktmann om nokon skulle mangle saueklippar til hausten, eller vil sleppe å klippe sjølv.  Og i morgon reiser klippa og ullsorterar til Åndalsnes.  Dei har m.a.o. travle dagar sjølv om påskehøgtida nærmar seg.  Men litt tid har dei til overs - i 2010 skal dei gifte seg...