Det er nedkøyringa som brukar å vere best, så også med Saudehornet i Ørsta....

IMGP3176 kopi

.... men vi må starte med starten.

Jau, underskrivne har jakta på denne toppen i heile vinter, yr.no har blitt lest svært så nøye - ei flik av ei sol har blitt tolka som den flottaste finevêrsperioda, men dårleg vêr, for mykje snø, skredfare osb., har sett ein stoppar for ein topptur på Saudehornet.  Men i dag - det måtte bli i dag.  Eg ringde Vegard.

Vegard stod klar med ski klokka 0915 - og eit stort glis.  Han var klar for Saudehornet.  Bønder og studentar har det godt.

Vi parkerte bilen ved den øvste Vasskoppen i Ørsta.  Mange hadde dei siste dagane gått på Nivane eller på Vallahornet, men berre eitt skispor gjekk mot Saudehornet - men vedkomande hadde snudd før toppen.

IMGP3111 kopiIMGP3112 kopi

Til venstre: Bilen er parkert.  Målet er Saudehornet i bakgrunnen.  Til høgre: Vi ser mange skispor, men ikkje eit einaste til toppen av Saudehornet.

På parkeringsplassen møtte vi tre svært så hyggelege svenskar - ei kvinne og to menn.  Dei skulle no for femte dag på rad på fjelltur.  Litt slitne i beina var dei rett nok, men dei skulle i alle fall kome seg opp på Nivane.  Nivane vart altså rekna som ein rein avslapningstur...

Men vi hadde lest "Skiturar i Sunnmørsalpane".  Om Saudehornet står det m.a.: "Ei av dei flottaste nedkøyringane på Sunnmøre", "Berre periodevis ligg forholda til rette for bratt laussnøkøyring heilt frå toppen".  Ei av desse periodene måtte vere i dag.  Vi vart ikkje skuffa.

Starten på skituren er ikkje så mykje å snakke om, men eg misunner ørstingane den flotte, opplyste  trimvegen oppover frå Vasskoppen.

IMGP3118 kopiIMGP3116 kopi

Mange hadde i løpet av dei siste dagane kosa seg i Vallahornet(t.h.), men Vegard såg berre mot Saudehornet

No har Vegard og eg gått på tur i lag før, men det var tydeleg at no hadde kondisjonen hans auka.  Han heldt eit godt tempo oppover, men så er også målet X2 - skistudent som han er.  X2 er altså det årlege toppturrennet i Ørsta - først opp på Saudehornet, ned att og deretter opp på Nivane og så ned til mål.

IMGP3120 kopi

Etter kvart som vi gjekk oppover, vart det færre skispor.  Det er Saudehornet vi ser.

Vi følgde no sørryggen til den vart bratt - slik det står i boka.  Men så skjedde det noko rart - noko som aldri har skjedd med min svigerson og faste turkamerat Fred Ingar.  Vi måtte ha ei lita pause og Vegard bad å få spada mi.  På eit blunk hadde han laga til den flottaste sitje- og kvileplassen.

IMGP3125 kopi

På eit blunk hadde Vegard laga til den flottaste kvileplassen

Når Fred Ingar og eg går på tur, er det alltid han som er sjefen, men aldri har eg høyrt om kviling og mat før toppen.  Men rett skal vere rett - Vegard har gått Adventurelinja på folkehøgskule og har nok lært slikt.  Kanskje kan Fred Ingar ta dette Adventurekurset pr. brev?

Under denne gode matpausa, der Vegard måtte ta imot fleire gratulasjonar pr. mobil, oppdaga vi at våre svenske venner hadde gitt etter for  fristelsen - dei kom etter oss mot Saudehornet.  Ein så vakker dag gir krefter.

IMGP3133 kopiIMGP3131 kopi

Vegard kan både ta imot fødselsdaggratulasjonar og ete skrive med leverpostei på ein gong. Klikkar du på fotoet til høgre, ser du at våre svenske venner nærmar seg.

Framleis var der eitt skispor framom oss, men då det brattaste partiet starta, vart også det borte.  Heldigvis viste det seg at nysnøen hadde festa seg godt til underlaget.  Vi såg heller ikkje varselteikn som tydde på skredfare lenger - men det vart bratt oppover.  Boka opplyser ca. 40 grader.

Eg frykta at Vegard meinte det vart litt bratt med ski på føtene og spurde om vi skulle ta dei av, setje dei frå oss og gå på føtene til topps.  - Hæ, på skitur til fjells utan ski? Var svaret frå Vegard.  Dermed var det spørsmålet avklart.  Eg presiserer:  Vi gjekk til topps på Saudehornet med ski på føtene - heile vegen!

IMGP3143 kopi

Her er sørryggen bratt - knappe 40 grader.

Som tidlegare nemnt, Vegard er entusiastisk.  - Det går ikkje an å ha det betre enn dette, meinte Vegard, og la til: - Og finns det likevel eit kvart, vil eg ikkje vite om det.

IMGP3147 kopiIMGP3154 kopi

Til venstre:  Dei siste stega mot toppen. Til høgre:  Jess - herli!

Saudehornet er ein fantastisk topp - i alle fall når veret er slik som det er denne onsdagen. Utsikta er også fantastisk - både mot hav og andre fjell.  Eg tek med ein liten quiz - mest for å lære sjølv.

IMGP3151 kopi

Kva heiter fjellet nærast? Kva heiter det som ser ut til å vere det høgste fjellet?

IMGP3163 kopi

Underskrivne og Vegard er klare for den store nedturen - eller heiter det også oppturen?

Like etter at vi starta å renne nedover, møtte vi igjen ein av våre svenske vener - Josef Källgården.  Dei to andre valde å kvile slitne bein litt lenger nede (Men det blir ny skitur på dei i morgon...)  Josef tok fleire foto som eg no har fått tilsendt pr. e-post.

IMGP3170 kopi

Josef Källgården var på Saudehornet også i fjor.

Vi var nok først litt skeptiske til den bratte nedkøyringa, men det skulle vise seg å vere ein opptur av dei sjeldne.  Vegard har også kome litt i tvil om det er nedkøyringa frå Grøtdalstinden som er den beste. 

Skorpa på snøen var no borte.  Ein gammal mann skal ikkje skrive slikt, men det er kjekt å vere dei første som får køyre/renne ned ei slik flott side.  Ingen vanskelege spor å krysse - det er berre å køyre om kapp med eigne snøballar.  Fantastisk.  Og låra heldt også godt no midt(!) i fjellskisesongen.  Vegard måtte berre stoppe av og til for å brøle og underteikna for å fotografere litt.

IMG_0257 kopi

Ca. 40 grader bratt, javel, men overraskande flott likevel.  Foto:  Josef Källgården

IMG_0269 kopi

Sjå det fantastiske blikket til Vegard.  Foto:  Josef Källgården

IMGP3174 kopiIMGP3183 kopi

Herli...

_MG_1051

Armar og bein i alle retningar, men fotografen kan sitt fag.  Foto: Min gode skivenn frå Sverige - Tomas Ahlberg.

IMGP3197 kopiIMGP3200 kopi

Som nemnt i andre samanhengar, samlar underskrivne på skispor, men eg likar ikkje å vise fram eigne spor (Skal tru kvifor).  Men i dag greidde Vegard seg svært godt - og..., ja fotoet under høyrer med.

IMGP3209 kopi

Det midterste sporet i midtpartiet er ikkje vårt, men dei andre...

IMGP3210 kopi

Men no er det spor ned frå Saudehornet, konstaterer Vegard

Til slutt legg eg ved dette fotoet av Saudehornet for våre svenske vener.

IMGP1539 (Large)

IMGP3158 (Large)

Ikkje ein quiz, men meir eit spørsmål:  Kva ser vi her/ute i havet?