11 barn og 2 vaksne gjekk i samla flokk til kirka i føremiddag og vart møtt i døra av presten. Då vi kom inn, tende presten lys for kvart enkelt barn. Barna fikk sjølve sette lyset sitt opp i lysestaken.
Deretter viste han teikningar av Jesus på lystavle og fortalde om Palmesøndag. Borna har fått kjennskap til dette gjennom samlingar i barnehagen og dei svarte det beste dei kunne. Etterpå gjekk dei på vandring i kirkehuset, fikk "palmegreiner" og sang "Hosianna, Davids son, velsignet være han". Dei såg på bilda i glasvindaugo og studerte altertavla og bilde frå langfredag grundig. Observante barn såg at Jesus var spikra fast til korset, medan dei to andre, som var røvarar, var knytte med tau.
Saman laga vi grava til Jesus og la steinar rundt, og ei helle for å illustrerte at grava var tom. Palmegreinane vart lagt rundt den symbolske. Til slutt fikk vi teikne om det vi hadde sett, høyrt og opplevd. Teikningane hengde presten opp rundt preikestolen!!
Avsluttingsvis song vi "Påskemorgen slukker sorgen" til presten. Det vart han glad for. Det var ei fin stund, og han var veldig flink å fortelje til barna.
Kommentarar