Planen blir lagt ut til offentleg ettersyn i tida 25. februar til 31. mars 2008. Det er lagt ved eit planhefte.

Av omsyn til den vidare behandlingav planen, ber vi om at eventuelle merknader vert sendt

innan 3l .mars 2008 til:

Statens vegvesen Region midt

Fylkeshuset

6404 Molde

E-postadresse : firmapost-midt@vegvesen.no

Bjørke og Ner-Saure 23-7-06 Even K.Holte
NerSaure,Bjørke og Finnes 23.7.06. Tunellinslaget viser med raudt.Foto Even K.Holte

Planen innheld tunnel mellom Bjørke og Leira for å få ein  rasikker veg.

 Føremålet med planen er i få ein rassikker veg mellom bygdene Bjørke og Leira./Viddal.Strekninga er spesielt utsett for steinsprang som det er umogleg i varsle. Etter Vegvesenet si vurdering er det vanskeleg å gjere tiltak langs dagens veg som gjev tilstrekkeleg trygging.Derfor går Vegvesenet inn for bygging av ein tunnel frå Bjørke til Leira. Tunnelen blir ca.1920 meter, og ein må byggje ca. 450 meter veg i dagen, avkøyrsler og sidevegar kjem i tillegg. I fylkestinget 12. desember 2006, sak T-71106 blei det bevilga ei startløyving til prosjektet på 10 mill. kr i 2007, og i økonomiplan 2007-2010 er det sett av 60 mill. kr.i 2008 og i 2009, til saman 130 mill. kr. Det har vore gjennromført eit folkemøte for å kartleggie ønske og krav. Etter at planen blei lagt ut fyrste gong, 7. mai 2007, har det vist seg umogleg med påhogg bak garasjen til Tussa. Ein revidert plan med tunnelinhogg på Bjørke oppi marka ca.100 m søraust for Tussa, blei lagt ut 9.juli 2007. Etter at høyringsfristen glekk ut hadde Vegvesenet eit møte med Ørsta kommune og Tussa, der Tussa foreslo at ein tok påhogget inntil deira bygg og gjennom tilkomsttunnelen til kraftstasjonen inni fiellet. Dette var det semje om var ei mykje betre løysing enn det framlagte forslaget. Etter nærare berekningar har det óg kome fram at det er umogleg å fylle tunnelmasse i sjøen på Bjørke, slik det var vist på planen. Fyllinga får ikkje tilstrekkeleg stabilitet.

Tunell kart regulering3 Bjørke
Plan og profilkart tunnelinnhogg på Bjørke. 

Det nye forslaget gjer at ein ut frå driftsmessige høve og omsyn til kraftstasjonen til Tussa vil drive tunnelen frå Leira. Tunnelmassane vil bli fylte i sjøen på Leira. I planen er det vist fylling rett utanfor tunnelopninga og ein molo framfor nausta. Uvisse kring kor mykje masse det verkeleg gir i sjøfyllingane gjer det uvisst om det blir nok masse til i fylle, slik planen viser. I så fall vil fyllinga rett utanfor tunnelopninga bli prioritert. På Bjørke viser planen ei mindre utfylling aust for kaia.Slik planen no ligg føre blir tunnelen ca. 1920 meter lang. Tunnelen startar på Bjorke attmed kraftstasjonen til Tussa og kjem ut på Leira ca.150 m innanfor nausta. Forventa døgntrafikk vert langt mindre enn 300 kjøretøy. Difor er det valt følgjande veg- og tunnelklasse:

- 1-felts veg med møteplassar for kvar 250-300 meter. Totalbreidda på vegen vert

4,0 meter.

- Tunnelklasse A med 1-felts veg der vegbreidda vert 4,0 meter. 24 meter lange møteplassar/havarilommer vert bygt for kvar 250 meter.

Leira 6.mars.2007
Leira 6.mars 2007. Tunnelen skal drivast frå Leira og mykje av massa vil gå til vegfyllinga her. 

Planen inneheld også område med fylling i sjøen på Bjørke og på Leira. På Bjørke er det regulert inn småbåthamn. På Leira er det regulert inn eit område for småbåthamn og eit område for turistsatsing.

Noverande veg rundt Kalneset blir nedklassifisert frå offentleg veg til privat veg med Vegvesenet som eigar av veggrunnen. Grunneigarar langs vegen vil framleis kunne nytte vegen.Tunellkart regulering 3 Leira
Reguleringskart på Leira. Mykje av tunnelmassa går til vegutfyllinga utanfor tunell innslaget på Leira. Skulle her verte masse til overs så reknar grendalaget med at Vegvesenet vil bruke massa til det beste for fjorden.

 Tunnelen blir delvis kledd for å hindre vesentlege vassdrypp. Det blir same type lys i tunnelen som i Rotsethomtunnelen. Vidare blir tunnelen utrusta med brannslekkingsapparat og antennekabel for radio og redningssamband.

Tunnelsteinen, ca. 85 000 m3 fast fiell, vil bli brukt til å byggje opp vegen, og resten vil gå med til fylling i sjøen på Leira og på Bjørke innafor regulert område.

Ida Malen og Cecilie
Ida Malen Skjåstad og leiar Cecilie Rørstad i Bjørke grendalag støttar den nye reguleringsplanen. No er det ein ting som betyr noko, og det er å få ein rassikker veg før det går liv att, seier dei to. Foto Knut Hustad

Bjørke grendalag er godt fornøgd med planen som no ligg føre. Dei meiner denne planen gjev ein god veg – og arealløysing både på Bjørke og på Leira. Dei ser ingen grunn til å endre på noko i framlagt plan. Grendalaget har bedd  om at Ørsta kommune gjer sitt til at prosjektet vert gjennomført slik det ligg føre, snarast råd, av omsyn til tryggleiken til dei som no må køyre på ei svært rasutsett vegstrekning.


Spørsmål om planen kan rettast til:

- Prosjektleiar Oddbjøm Pladsen, tlf . 7 0 17 50 77 /906 92 429.

- Planleggjar Helge Svingen, tlf. 7127 41 981902 48 484.

- Ørsta kommune v/avdelingssjef Gunnar Wangen, tlf. 70 04 97 00.

Les også her på Ørsta kommune si heimeside.