Eg vart gjort merksam på eit intervju med Stortingsrepresentant  Leif H. Kongshaug i NRK lokalt i går 6. mars. Eg høyrde det og vart mildt sagt sjokkert! Partiet Venstre ville ta tak i årsakene til villaksen sin "på randa til utrydding i elvane våre," og setje inn verkemidler. Fine ord og vendingar, men.......

Nett slike uttale er desverre symptomatisk for politikarar og byråkratar frå alle parti i denne saka.Dessutan for representantar for miljøvernavdeling regionalt. Likeins lokale representantar  om nasjonal status for Hjørundfjorden og Bondalselva.

Dei er dei fleste (fleirtal) totalt uvitande om kva det heile dreiar seg om! Ikkje bryr dei seg om å setje seg inn i sakene, heller.

Stortingsrepresentant Kongshaug vil i NRK intervjuet forby drivgarn og krokgarn. Det var tydeligvis "sesam sesam" for å få villaksstamma oppbyggande. Realitetane er imidlertid at drivgarn og krokgarn m.m vart forbode frå og med sesongen 1989!! Altså er han  20 år for seint ute! Villaks i sjø og elv vart 10-dobla inntil oppdrettsnæringa ekspanderte, med dei konsekvensar ein ser i dag. Ikkje eit pip om dette frå Venstre sin talsmannn!  Det har altså ikkje stortingsrepresentanten fått med seg!

Ein treng ikkje motstandarar når ein har slike "uvitande" villaksvener. Er det rart vi villaksforkjemparar ikkje makter " trenge gjennom?"

Frå Miljøvernavdelinga i Molde kjem det geniale og underlege innspel. Utsetjing av laksesesongen frå 15. til 20 juni........Fisket framleis ope til 1. september. Galskapet er nesten komplett! Frå opning 15. april (min barndom) er opninga gradvis utset til no 20 juni. Medan sesongslutt er og har vore 1. september.

Fisk som går opp i Vestlandselvane i mai, juni og juli vert stort sett oppfiska. Dei har ikkje store hølar å skjule seg i når snøsmelting og høgare vannstand er over. Som er miljøvernavdelinga sitt argument for stadig utsetjing av opninga på sesongen.

Det er fisk som er/går opp i elvane i august som skal ivareta gyting/vern av villaksstamma. Antal gytefisk har imidlertid vore omtrent null dei seinare åra, nett p.g.a stenging først 1. september.

Elvane i vårt område kan gjerne opnast 15. mai, men steng for all del fisket 1. august av omsyn til gytefisk.

 

P.S

At Stortingsrepresentant Lef H. Kongshaug slenger på røyret når eg konfronterar han med si og partiet si uvitenheit i denne saka, er i alle høve for meg tankevekkjande.........

I dag er sjøfisket "ein saga blott," her er ikkje meir å hente. Berre laksenøter av den gamle type er tillate. I Hjørundfjorden er det berre 4-5 aktive.