Det har allereie blitt ein tradisjon - to dagar/kveldar i påskeveka opnar Margrethe og Bjarne dørene til grindaløda, vinkjellaren og Iverstova.  Dei to vil då m.a. servere handmat og ein tre rettars middag der sjølvsagt lammekjøt er hovudingrediensen.

20070217_0217 (Large)

Margrethe, nærast, vil møte gjestane med godt humør og god mat.

Bjarne har no erfaring med å ha ope for individuelle gjestar i påskeveka og kan såleis love hyggelege kveldar der ein nyt den gode maten og ikkje minst roa og samtalen.  Han kan også love at det ikkje vert musikk, men vert det for mykje varme frå den gode peiselden, vil sikkert lødegluggane verte opna og samtalen kan førast vidare med susen frå elva som bakgrunnsmusikk.

Rekkedal Gjestehus opnar dørene klokka 19.  Det vil då stå hjortemòr og heimebaka flatbrød ved inngangen.  Middagen er sett saman av varmrøykt ørret, utbeina lam fylt med krydder og litt bacon - denne retten er det Tor Rune Smelvær som har lært vertskapet å lage - og til dessert vil det bli servert tilslørte bondepiker.

20070217_0218 (Large)

Framleis er det kanskje nokre som ikkje har vore innom Rekkedal Gjestehus og ikkje kjenner til historia.  Ingen problem, seier Margrethe og Bjarne, dei to viser gjestane gjerne rundt og fortel når det måtte passe i løpet av kvelden.

Som mange allereie veit, er det berre desse to dagane i påskeveka Rekkedal Gjestehus har ope for bordbestilling.  Nytt difor høvet no - ta kontakt og ting eit, eller fleire bord.  Vertskapet ynskjer alle velkomne.

Bjarne ynskjer at dei som ynskjer å kome ein av desse kveldane, tek kontakt frå no og til og med palmehelga.  Telefonnummeret til Rekkedal Gjestehus er (+47)952 22679, eller bruk e-post, klikk då her.