Første omgong var jentene tydeleg nervøse og gjorde mange feil og Ørsta fekk overtaket 5-1 før vi kom med i kampen.
Midt i første omgang leia ørstajentene 8-4 men då byrja våre jenter opphentinga.

mot Ørsta
Ørsta i angrep: Rakel, Liv Grete, Monica, Malene og Kimberly.

mot Ørsta 4
Marthe, Else Marie, Malene, Kimberly, Monica, Liv Grete og Rakel.

Monica hadde ein veldig god kamp i mål. Også Ørsta si målvakt Hege hadde mange flotte redningar! (desverre for oss..)

Liv G
Linjespelarar på kvart sitt lag: Rakel og Liv Grete.

Pauseresultatet var 8-7 men vi var no i "hælane" på Ørsta og jentene senka skuldrane eit hakk ned..

mot Ørsta12
Klare for ny dyst etter pausa og gode råd frå trenar Roger!

Andre omgong starta jamnt, spelet bølga fram og tilbake heile omgongen der laga fylgde kvarandre tett med kvar sin gong å halde leiinga.
Midt i andre omgong leia våre jenter med 3 mål for så å ligge under med 2 mål. Begge laga viste tidvis flott spel der spesielt forsvara fungerte godt.
21 min ut i andre omgong var resultatet 17-17!
Då Torill skåra stod jubelen nesten heilt i taket men så kom Ørsta att..
Neste mål vart kvittert av Liv Grete før Ørsta utlikna 30 sekund før slutt.

mot Ørsta 6
Marita blir heldt fast av Maria som får 2 min.

mot Ørsta 9
Malene og Rakel med godt tak i kvarandre, trur ikkje det er for å halde balansen..

mot Ørsta 13
Torill, Silje Anette og Kimberly.

mot Ørsta 8
Sara, Liv Grete, Tiril, og Malene i forsvar, Rakel i angrep.

mot Ørsta10
Ørstajentene i angrep rett før kampslutt, Kimberly, Karoline, Sara, Liv Grete, Rakel, Tiril, Malene skjult og Maren men no ville ...

mot Ørsta11
Malene ha mål og stakk fram og snappa ballen rett framfor Silje Anette som egentleg skulle ha den...

Sluttresultatet vart 19-19 i ein utruleg spennande kamp!
Resultatet var egenleg OK sjølv om vi nok synest vi var best...
Vi vart dermed nr. 4 på tabellen framfor Ørsta som vart nr.5

Med på kampen i dag var: Monica, Malene (7), Kathrine, Torill (1), Tiril, Sara, Marita, Karoline, Hanne, Rebekka, Liv Grete (3) og Else Marie (8).

Neste mål for jentene no er Fredrikstad Cup i pinsa noko vi gler oss til!