Kvart år vert eigarane av Tine, som er mjølkeprodusentane, invitert til Årssamling der det vert gjort rede for rekneskap til Tine Meieriet Vest og morselskapet Tine BA. Hjørundfjord produsentlag som består av mjølkeprodusentar frå Bondalen og Norangsfjorden hadde i år besøk av styremedlem i TMV Borghild Reenskaug og distriktsjef Else Tømmerstøl. I tillegg hadde vi besøk av våre rådgjevarar og Meierisjef Bente Reklev og i alt møtte 14 mjølkeprodusentar.

Etter at stoda i selskapet var redgjort for, og det var ikkje nemnande kritiske spørsmål frå forsamlinga, fekk meisterkokk Trond Urkegjerde servere den flottast lunsj vi kan tenke oss.

Etter eit godt måltid var det utdeling av plakettar for særs god mjølk. Formålet med å dele ut plaketter er å påskjønne dyktige og interesserte mjølkeprodusenter. Hensikta er å auke interessa for godt fjøsstell, god gardsdrift og levering av mjølk med særdeles god kvalitet.

Ein leverandør kan kun ta imot dei ulike plaketter/sølvtine, ein gong. Ein 5-årsplakett oppnår ein dersom krava til kvalitet er oppnådd på ei samanhengande 6-års periode. 10-års plaketten kan oppnåast viss 10 av 12 år har vore uten anmerkning og 20-års på 22 år.

Og kvalitetskrava er; Alle kvalitetsprøver må være kvalifisert til 1. klasse og rester av veksthemmende stoffer (medisinrester) skal ikke være påvist.
Fjøsstellet skal være alminnelig godt. Det må være produsert minst 7 månader i kvart år dvs. med Elite mjølk.
Tineplankett 5 og 20 år
Anne Kristin Hustad med 5-årsplakett-Borghild Reenskaug frå TMV- Kolbein Holen er 20-års plakettvinnar. Plaketten får han utdelt på Årsmøte i TineBA.

Anne Kristin og Askjell Hustad fekk tildelt 5-års plaketten og Anne møtte opp og tok imot. Anne Karin og Ansgar Kvistad fekk tildelt 10-års plakett, men ingen av dei hadde høve å møte.

10-årsplaketten er ein plakett som har hengt høgt. Det er no fleire og fleire som greier denne kvalitetsplaketten og Meierisjefen kunne fortelje at mjølka til meieriet er svært god her i distriktet, og fagrapporten fortel at mjølkekvaliteten på Sunnmøre er no av den aller beste i landet.

Den store prisen gjekk til Kolbein Holen for å ha vore leverandør av kvalitetsmjølk i 20 år. Dette er den fyrste prisen i denne klassa som har vorte utdelt i vårt distrikt. Prisen er komen i seinare tid og i TMV var det ingen i 2005 og ein pris i 2006. I år var det 6 prisar i denne klassa for heile TMV.

Kolbein er no inne i siste året som mjølkeprodusent og sluttar av som pensjonist ved nyåret. Han har då dreve mjølkeproduksjon i 40 år og er blant veteranane i så måte. Det er dei ferraste som held ut so lenge.

Kolbein fortel at Sølvtina som er 15 år, fekk han ikkje, for han hadde ein smaksfeil pga.dårlege rundballar og den prisen må være samanhengande leveranse utan påvist kvalitetsfeil i alle åra. Men han var svært glad for å få 20års plaketten.


Vi gratulerar prisvinnarane og Kolbein er invitert til Årsmøte i TINE BA, for å motta prisen. God tur Kolbein!