Tirsdag 4. mars var det trubadur Leif Inge Thormodsæter som stod for underhaldninga på Hjørundfjordheimen.
Alle som hadde anledning og lyst vart med til stova i fyrste etasje der song og gitarspel stod på menyen.
Ver og føre ute var ikkje det beste så det var ikkje  så mange utanfrå som "såg seg syn" med å kome.
Thormodsæter baud på gamle kjente og kjære viser som fekk fram både latter og tårer.

Tormodsæter_edited-1
Leif Inge Thormodsæter spelar gitar og syng!

Viser som "Ein liten gyllen ring", "Gryta hennar mor" og "Den fyrste song" kalla fram mange gode og kanskje litt vemodige minner som gav ei lita tåre i augekroken hjå enkelte.

hjf4
Fornøgde publikumarar!

Songar som "Per spelmann" og "Blåveispiken" var også på menyen. Det rykte også i dansefoten til enkelte innimellom!

hjf8
Ein koseleg ettermiddag!

 

hjf6_edited-1

Vi takkar for eit kjært avbrekk  på ein vanleg kvardag!