Kvalsvika og Runde. På ein flott vårdag.
Palmelaurdag tok underteikna og Anton Sæbønes seg ein tur til ytre. Det har vorte så mykje enklare med Eiksundsambandet. Og for ein dag å reise på. Lufta og sikta i ytre var ekspepsjonelt klar. Ein såg over det meste.
Det sørlegaste fuglefjellet, Runde, ventar på hekketida.
Anton kommenterte turen slik: "Flott. Eg har vore i to byar og passert fire vinmonopol." Han synest Fosnavåg som sentrum skilde seg ut i trivsel og intimitet sett opp mot Ørsta, Volda og Ulsteinvik.
Anton likte kystlandskapet.
Eigentleg skulle vi på tur for å handle fersk torsk. Vanlegvis plar vi ta turen til kaia i Ålesund på denne tida av året, men med Eiksundsambandet valde vi Fosnavåg. Der var det så som så med sal av fisk frå kaia, og det vart Mega på Myklebust i staden.
Skitt au. Turen var det viktigaste, og Kvalsvika på ein solrik og vindstille dag var ei operberring.
I staden for å sjå på ytre som eit trugsmål i reiselivssamanheng, må det vere mogleg å kombinere det flotte kystlandskapet med vårt spesielle fjordlandskap på eit vis.
Til slutt (under) tek eg med eit bilete som viser at det ikkje berre er ytre som har naturkvalitetar, såpass patriot må ein vere.
Hjørundfjorden februar 2007.