
Det var ein straum av folk i Øyragata langfredag under Skattejakta.
Det var kring 400 deltakarar laurdag og 200 søndag, og dei var i alle aldrar. Nokon hadde pugga leksikon og atlasar, og fekk kanskje utteljing for det, medan andre var meir avslappa, og la vekt på trimmen og det sosiale.
Langfredag var det opplett og sol, men ein kald vind. Søndag var det kort og godt snøver.
Skattejakta kårar vinnarar både fredag og søndag, men leiar i fotballgruppa, Øyvind Taklo, legg vekt på at deltakinga er det viktigaste. - Dette skal vere ein treffstad for folk i påska, og det ser det ut til at Skattejakta har vorte, seier Taklo.
Han gler seg over at folk år etter år kjem tilbake, og legg ikkje løyn på at Skattejakta også er viktig for at fotballgruppa skal få ei god inntekt for å sikre deltaking av lag i serie og cupar.
Skattejakta har faktisk utvikla seg til å verte eit av dei største arrangementa i Ørsta kommune i løpet av eit år. I Hjørundfjorden er det vel berre Hjørundfjorddagane som samlar fleire folk.
Rust ? (25.03.2008 kl. 22:43)
Hjørunfjordagene bør no vere viktigere for folk i Hjørundfjorden eller Rust håper eg.
Ingunn bli i bygda of kos deg ilag med dei andre frå fjorden.
Eg har aldri set klypa men det er vel på grunn av køyrelengda til Ørsta.
På Rust har eg våre å skika på dagtid men då var det stengt der.
Perry Bjørke
Resultata (25.03.2008 kl. 12:35)
Eg for min del, hadde sett fram til at resultata vart lagt ut på nettet. Det er jo ein vesentleg del av motivasjonen å vite korleis ein har gjort det.
Roy-Magne Mo
Hjørundfjorddagane... (25.03.2008 kl. 12:19)
Viss Hjørundfjorddagane er på 7.og 8.juni i år,så fell det på same helga som Klypa&Bryggedansen på Rust.
Ingunn Hjorthaug
Mykje folk . (23.03.2008 kl. 21:43)
Eg trudde folket var på fjellet eller på bondalseidet eg i påska.
Eg tok vist feil.
Perry Bjørke
Ikkje resultat, men fasit (23.03.2008 kl. 21:40)
No skal eg ikkje blande meg inn i korleis fotballgruppa vurderer dette no, men då eg var med i sjølve arrangementet, vurderte vi det slik at vi offentleggjorde premievinnarane på hotellet kvar konkurransedag. Dei som var til stades der, kunne få vite deira resultat.
Når vi gjorde det slik, var det fordi dette først og fremst skal vere uhøgtideleg. Difor er det mitt råd til fotballgruppa at ein held fram med same ordninga.
Det er framleis slik at eg saman med nokon andre inntil vidare lagar spørsmåla. Fasiten skal vi om ikkje så lenge leggje ut under artiklar-vignetten.
Rune Sæbønes
Resultatene og fasit? (23.03.2008 kl. 21:26)
E det noen som veit hvem som vant og kanskje fasiten også...
Marianne Holen