Dette er ei gamal bunadslomme som dukka opp i Lars-stabburet. Vi veit lite om den, men dei som ser godt kan sjå fire bokstavar på lomma: R J D H. Dette trur vi kan være Randi Jakobine Jonsdatter Hole. Ho var fødd i 1853 og gift med Martin Martinusen Frøland frå Larsgarden.
Dette er bestemor Marta sin bunad, ho var fødd i Aksla i 1914. Det er mulig at denne bunaden har anar frå Engjaberga der mor hennar kom frå.
Stoffet til denne bunaden, som også var ferdig brodert, er arva få mamma si gamletante i Volda. Det er ikkje umulig at den kan stamme frå Dalsfjorden eller omegn. No er den snart ferdig montert så Rakel kan bruke den til konfirmasjonen.
No må eg berre seie at eg har like lite peiling på bunadar som gamle postkort frå Sæbø, men spennande er det iallefall når mamma finn slike kulturskattar på buder og loft:)Og eg tenker nok at det er folk som les dette som sit inne med kunskap og kan fortelje meir.....
Dette var Jenny Aklestad sin bunad. Ho var fullblods Bondaling og fødd på Villane i 1905. Så vidt eg kan sjå er den lik Rakel sin bunad, men fargane varierer. Er det nokon som veit noko om denne? Er det dette som er Volda-bunad??
No har eg fått nokre nye bilder fra Sølvi Britt. Denne er tanta til Sølvi B som har eigd, ho heitte Johanne Skylstad Smørdal. Dotter til Sølvi Brit har brukt den, og dei har fått sydd ny lomme.
Her har vi eit brudgomsbelte som bestemora til SB, Marie, laga til mannen sin, Bernt K. Stennes. Kjempeflott belte!
Her er bilde av eit brudgomsbelte som har vore eigd av Ole Flatnes:
Her er min Hjørundfjordbunad som eg fekk i 1991. Det er Søvi Riise som har brodert og Ragna Bjørdal som har montert.
På forkledet er det brodert initialane og årstal.