
Kva heiter dette fjellet og kor høgt er det?
Ein ny mann har kome med i finaleheatet. Håvard Myklbust er namnet.
Håvard bur på Bjørke, vert 17 år i år, er aktiv langrennsløpar, og kva gjer han på fritida? Jau, då går han til fjells - på ski.
Quizen er framleis open for alle. Lukke til.
Under her kjem origimalfotoet til den siste quizen. Kjenner du igjen Trollgjøttemannen?

-------------------------------------------------------------------------------------------
Denne fjellquizen har som tidlegare nemnt tre spørsmål. Den som har flest rette svar, vinn. Men no har vi hatt tre omgangar og tre personar har eitt rett svar kvar. Difor kjem det no ei ekstrarunde - den fjerde quizen. Den første som får to rette svar, vinn hjorundfjorden.no si etter kvart berømte t-skjorte.
Det er sjølvaste kremen av fjellspesialistar vi har i finalen. Vi snakkar om tre menn, alle med eiga fjellheimeside. Dei tre er:
Johan Hustadnes Han er den av dei tre som har vore både lengst nord - nordspissen av Svalbard - og lengst sør. Han kom nettopp tilbake frå eit års opphald på den norske forskingsstasjonen Troll i Antakrtis. Bur i Volda.
Svein Myhre Er revisor av yrke, bur i Ålesund og er den personen som veit mest om fjell- og tilhøyrande namn i Hjørundfjorden. Han er den personen sjølvsaste Knut J Riise spør når han står fast. (Men er han f.t. i varmare strøk?)
Helge Standal Er rektor for ein internettskule og har såleis heile verda som arbeidsfelt. Men for hjorundfjord.no sine brukarar er han nok mest kjend for fjellbøkene sine. Denne mannen greier kort og godt å gje ut bøker som vert slitne ut. Har vore på alle fjell i Hjørundfjorden. Bur i Volda.
Klikk på namna og du får fram heimesidene deira.
Men: Quizen er framleis open for alle. I dette mannsdominerte miljøet - vil det kome ei kunnskapsrik kvinne inn frå venstre? Oppstår den dramatiske situasjonen at ein ny person kjem inn med raskast rett svar, kva då? Uansett - ver raskt, kom med rett svar og vinn hjorundfjord.no si t-skjorte. Lykke til.
Kva heiter dette fjellet?


Her er underteikna på veg opp Flatdalen(skal det vere med t?). Snarhornet er over hovudet mitt. Den som er kjend finn Nordre Sætretind i bakgrunnen, litt til venstre. Stemmer ikkje dette, Helge?
Bortevekk i påsken (23.03.2008 kl. 20:02)
Ja, denne avgjørende quiz'en gikk jeg glipp av. Han må være galen han som reiser til varmere strøk når vi har slikt vintervær som nå ;) var på påskefjellet tirs-søn.
Artig følgjetong å lese gjennom, kommer sterkere tilbake neste gang. Gratulerer til Håvard med t-skjorta!
Ps, ene avsnittet i artikkelen må tas med ei klype salt.
Svein Myhre
Bøyer meg i støvet (21.03.2008 kl. 15:33)
Tok heilt feil om Nordre Sætretind. Gratulerer, Håvard! Suveren vinnar!
Helge Standal
Gratulerer, Håvard (21.03.2008 kl. 11:15)
Håvard viste sin styrke under innspurten. Gratulerer med sigeren. Det rette svaret på denne siste finalequizen er altså Nes-Staven, 1016 m. Du vil få premien, t-skjorta, snarast under eit passe høve.
No ser det diverre ut til at det har vore tekniske problem under denne siste quizen, ikkje fått fram fotoa i full storleik, men her skal eg snakke med vevmeister Tor Eirik Trandal.
Det vart litt diskusjon om Snarhornet, mistanke om at Nordre-Sætretind er blanda inn her. Eg legg ut originalfotoa for å syne at så ikkje er tilfelle.
Knut Hustad
Nes-Staven (21.03.2008 kl. 10:20)
1016 moh
Håvard Myklebust
Kolåstinden (21.03.2008 kl. 09:43)
1432 m
Helge Standal
2 fjell (21.03.2008 kl. 09:27)
Kanskje Knut kan legge hele bildet senere. Da kan en lett se Nordre Sætretind bak og til venstre for dette fjellet. Nordre er ikke med på bildet
Fred Ingar Somby
Gratulerer (21.03.2008 kl. 00:12)
Gratulerer, Håvard Myklebust. Snarhornet er fjellet til venstre. Men topp nr 2 bak til høgre er Nordre Sætretind. Dvs at Knut og Fred Ingar har lagt ut bilde av to fjell...
Helge Standal
Nei... (20.03.2008 kl. 23:44)
For gale å stenge folk ute. Den må vere for alle.
Knut Hustad
OK (20.03.2008 kl. 23:39)
Men då må ej berre spør: E neste quiz berre for Håvard, Svein, Helge og Johan?
Linda Stokke
Snarhornet, 1158 m (20.03.2008 kl. 23:12)
Ja, så kom det rette svaret. På kartet er det rett nok ikkje noko som heiter Søre Snarhornet, men eg fann to stk Snarhornet no etterpå. Og Håvard Myklebust - vi tenkjer på det som ligg lengst sør.
Eg var ikkje klar over det sjølv, men for ei tid tilbake oppdaga eg at den gamle Hjørundfjordkommunegrensa t.d. gjekk over spissen på Kolåstinden.
Vi må sjølvsagt berre gratulere Håvard. Fotoet av dette fjellet tok Fred Ingar den 13.11.07 - på ein fantastisk tur han og eg hadde på Langnestinden.
Kva gjer vi no? Dette må ikkje verte alt for langdrygt. I farta bestemmer eg at det vert lagt ut ein ny quiz i morgon (langfredag) ca. klokka 0930. Den quizen vert kanskje litt enklare - og vi må få kåra ein totalvinnar i løpet av dagen.
Og berre så det er sagt: Det er svært så kjekt at så mange er med sjølv om vanskegraden er høg.
Knut Hustad
Nøvedalstinden (20.03.2008 kl. 22:43)
(F5 er ein dum tast på maskina, vart ekstratipping)
Vidar Stokke
Blåtindane (20.03.2008 kl. 22:19)
Kan det vere Blåtindane, tatt frå Heimste Kopphornet evt Nonshornet
Jarle Steinar Bjørdal
Nordre Sætretind (20.03.2008 kl. 22:16)
Har til og med spekulert på om bildet er speilvendt. Veldig bra quizzz. Flaut å kome med så mange forslag.
Helge Standal
Snøhornet, (20.03.2008 kl. 22:02)
har eg tenkt på lenge, usikker på om det høyrde til Hjørundfjord
Vidar Stokke
Snøhornet, (20.03.2008 kl. 21:57)
har eg tenkt på lenge, usikker på om det høyrde til Hjørundfjord
Vidar Stokke
Søre Snarhornet (20.03.2008 kl. 21:54)
Kan det vere Søre Snarhornet frå Fladalen?
Håvard Myklebust
Skjerpings... (20.03.2008 kl. 21:41)
Tida for å imponere er no inne - for den som veit... Nei, ingen har enno rett. Som sagt, oppgåva er vanskeleg, i alle høve for den som ikkje veit. Skal vi samle hinta litt, så har eg allereie nemnt at fjellet står på kartet, nærare bestemt kartet Sunnmørsalpane. Namnet står også i Helge Standal si bok "Skiturar i Sunnmørsalpane". Det er også allereie opplyst at det er i gamle Hjørundfjorden kommune. At oppgåva er vanskeleg vil nok også seie at dette fjellnamnet ikkje er allment kjent.
Når finaleheatet ser ut til å svikte, skulle det vere mogleg å løyse denne oppgåva ved hjelp av desse opplysningane og div. krysspeilingar. Som sagt; Fred Ingar og eg har på ingen måte tenkt å behalde t-skjorta sjølve, men det er vel litt flaut om vi må kome med ei ny oppgåve?
Knut Hustad
Storetinden? (20.03.2008 kl. 21:06)
Eller ligge den kanskje utafor Hjørundfjordgrensa?Fjell skifta form og utsjånad berre ein bevega sej litt, so no blir det snart vill tipping...
Linda Stokke
Lisjedalshornet (20.03.2008 kl. 20:50)
Jonny Flatnes
Er det ingen som har rett? (20.03.2008 kl. 20:47)
Eller er det hektisk med forberedelsar fram på Årsethhaugen dagen før den store dagen?
Unn Frøland
Dette fjellet (20.03.2008 kl. 20:34)
Dette fjellet eller desse fjella ?
Sølvi Britt Skylstad
søre smørskredtind og slogen (20.03.2008 kl. 19:42)
Trond Åge Osvoll
Slogen (20.03.2008 kl. 19:38)
Vidar Stokke
Grøtdalstindane (20.03.2008 kl. 16:40)
Sett frå ein merkeleg vinkel?
Håvard Myklebust
Twindoki Otolaki ? Eller Otola? (20.03.2008 kl. 13:48)
Twindoki Otolaki? En liten spøk, men et slikt fjell med tvillingtopper finnes i Spania.
Otola? Er Otola en mulighet? Fra en vinkel vi ikke ser renna?
Sølvi Britt Skylstad
2 fjell? (20.03.2008 kl. 12:07)
kan det vere 2 fjell som ser ut som ett tatt fra en spes vinkel?
Magne Riise
Svein Myhre?? (20.03.2008 kl. 11:45)
Savner et forslag fra Svein myhre. Har presset blitt for stort? Er han redd for å svare feil?
Fred Ingar Somby
Vanskelig ! (20.03.2008 kl. 11:41)
Kan det være Brekketindene fotografert langt vekke fra ,på Vestsida ?
Sølvi Britt Skylstad
Kårdalstindane (20.03.2008 kl. 09:48)
Kor mange tipp er det pr pers? Eg treng ei ny av dei supre t-skjortene:)
Eg er i allefall sikker på at her e det snakk om tindar i fleirtal.
Unn Frøland
Skjerdingstindane (20.03.2008 kl. 09:41)
Unn Frøland
Kan det vere (20.03.2008 kl. 09:15)
Saksa? Sett innanfrå Urkedalen? Svein Myhre veit det nok, han sit berre og gliser av alle dei snåle forslaga.
Helge Standal
Hmm... (19.03.2008 kl. 23:44)
Dalegubben.
Håvard Myklebust
hint (19.03.2008 kl. 23:29)
fantastiske hint du kjem m knut:P
Magne Riise
Ingen rett så langt (19.03.2008 kl. 23:22)
Vanskeleg, ja, men namnet på fjellet står på kartet.
Knut Hustad
hmm (19.03.2008 kl. 22:58)
ja det e ikkje heilt enkelt å vite kor grensa gikk.
men søre sætretind e vel utenom?
Magne Riise
(19.03.2008 kl. 22:11)
Eg ser hovudet på ein hund eller ei løve litt til venstre for midten av bilde. Kan det være "Bikkjetindane"?
Unn Frøland
Urkedalstindane? (19.03.2008 kl. 22:03)
Dette er meir engasjerande enn påskelabyrinten på P1. Skal tru kor mange som ergrer seg for at dei ikkje greier å finne svaret på fjellquisen. Eg er iallefall ein av dei. Flott tiltak, Knut! Eg prøver meg med eit forslag på Urkedalstindane, sett frå Grøtdalen.
Jarle Steinar Bjørdal
Langnestinden 1206moh (19.03.2008 kl. 21:07)
Kan det vere Langnestinden 1206 moh?
Håvard Myklebust
To "hånnj" (19.03.2008 kl. 20:11)
Det ligna litt på Geithornet..
Linda Stokke
Klovtindane? (19.03.2008 kl. 18:45)
Vanskeleg ja. Fjellet minner også om Klovtindane ved Kvistaddalen, men verkar større.
Johan Hustadnes
Smørskredtindane er det nok (19.03.2008 kl. 16:48)
Eg og trur det er smørskredtindane
Einar Arve Nordang
Det er kansje? (19.03.2008 kl. 14:12)
Smørskredtindane. Der er då nokre likskapar då .
Arve Svoren
Vanskeleg? (19.03.2008 kl. 13:18)
Denne quizen er nok vanskeleg. Det kan opplysast at dette fjellet ligg i Ørsta kommune, i eit område som tilhøyrde gamle Hjørundfjorden kommune.
Knut Hustad
Koppefjellet (19.03.2008 kl. 11:31)
- frå Vatnedalen.
Helge Standal
jønshornet (19.03.2008 kl. 11:25)
tvila, men no må ej ned i fellesfjøsen å jobbe:P
Magne Riise