Hovudtemaet for årets fasteaksjon er "Frå draum til virkelegheit", fortel Knut Åmås, som er dirstriktkontakt for Kirkens Nødhjelp på indre Søre Sunnmøre, til hjorundfjord.no

Knut Åmås

Knut Åmås

- "Frå Draum til virkelgheit" vil seie at barn og unge som har misst skulegang p.g.a. krig og terrormkan få ein ny sjanse til å realisere sine draumar, fortel Åmås vidare.

Den offisielle innsamlingsdagen for fastebørsene/pengane har Kirkens Nødhjelp fastsett til den 11. mars, men konfirmantane og konfirmantforeldra med Ragnhild Frøland har av praktiske årsaker bestemt at innsamlingsdagen er i Hjørundfjord sokn vert fredag 11. mars frå klokka 18 og utover kvelden.

På fredag skal først konfirmantane og foreldre møtest i kjellarstova på Bedehuset på Sæbø .  Der skal dei m.a. sjå ein kort film om kva prosjekt  som er sentrale for årets innsamling.  Deretter startar så sjølve innsamlinga.

Ragnhild Frøland og Knut Åmås vonar at konfirmantane vert tekne godt imot når dei kjem på besøk og sjølvsagt vonar dei to at det også kjem pengar i "kassa".