Vi som bur heilt nær (sikkert andre og) er nyfikne på kva ordning HB kan tenkje seg for å knyte nord og sør saman over elva. Kva bruprosjekt vert det arbeidd med? Event. allereie prioritert.
Kanskje er de inne i ein prosess slik at de førebels ikkje vil uttale dykk? Men ifølge "rykter" er alternativa ei bru som lekk i den nye riksvegtraseen. I tillegg ei bru som bind saman promenaden langs sjøen.
Den vesle brua som no er, er vel snart verneverdig? Skal den verte ståande? Avgjerslene er vel kanskje ikkje tekne, men det hadde vore interessant å høyre kva tankar/forslag HB har om dette.
Kommentarar
For at det skal kunne takast ei avgjerd om Lisse-elva så må Ørsta kommune svare på om reguleringsplanen skal fylgjast her, eller her skal gjerast ein endring ved ein rullering av den eksisterande planen.
Det er stor semje frå alle hald at å leggje elva i rør må aldri skje, så her må det gjerast ei endring i reguleringsplanen.
For eit år sidan hadde vi synfaring ilag med Vegvesenet om å få teikna alternativ vegprofilar på Sæbø. Ein ned med sjukeheimen slik reguleringsplanen seier og det andre alternativet rundt Slettedalshjørnet. Vidare må det innteiknast korleis den nye ferjekaia vil verte liggande med oppstillingsplass på ny plass i Sandvika. Etter det vi forstod på synfaringa kan ferjekaia tilpassast slik den vert mykje mindre skadeleg for badestrandområdet enn kva vi har sett på reguleringsplanen. Men dette er planleggar i vegvesenet som må teikne inn og ikkje vi. Ingenting har vi høyrt frå Vegvesenet etter fleire henvendelser.
Skal vi kome oss i gong med Lissje-elva no til våren, må nødvendige vedtak gjerast. Vi har søkt Ørsta kommune om resten av millionen som var lova og som vi har fått 500.000 av frå før til Sæbø.(skyssbåtkaia) Noko avklaring og svar har vi ikkje fått og dermed kan ikkje bru byggast før finanseringa er på plass.
Slik situasjonen er i dag har vi midlar att frå kompensasjonsmidlane til å mure Lisjelva i naturstein og å lage brukar til den nye brua. Den nye gangbrua må ligge i fortautraseen i den regulerte riksvegen og være 3,5m. brei og av bedtong, pga. vintervedlikehaldet. Denne brua vil då verte gangbru etter dagens reguleringsplan og brukast ilag med ein event. riksveg. Planene vår er å lage ein terskel nedanfor brua slik at vi får eit vassspeil og ein damutforming ovanfor brua.
Den gamle brua vert det ikkje teke stilling til og er ei enkel sak å fjerne dersom det er ynskjeleg.
Det er også i våre planer no til våren, i samarbeid med Ørsta kommune å få grøntarealet i orden nedom sjukeheimen. På nordsida av elva er vi avhengi av ein ny endring i reguleringsplanen for å kunne gjer noko.(avklaring av riksvegen)
HB. meiner at skal vi få sentrum til å smelte saman med parkområde nedanfor Sjukeheimen og hotellet/hamna kan vi ikkje ha ein riksveg og ein stor oppstillingsplass på promenadeområdet på nordsida av elva.
Skulle vi kome i den situasjonen at heile reguleringsplanen må opp til ny rullering så vil ikkje HB gjere noko meir anna enn å få ordne med mold og så til, nedom sjukeheimen. Elva og promenaden på nordsida må ligge til den nye planen er ferdig.
Abeidsgruppa for Sæbø planlegg for øvrig dugnad i sjølve Sæbø for å gjere småvedlikehald. Det er også igong arbeid med å skaffe lokaler til offentleg toalett.
Men for all del HB har eit godt samarbeid med Ørsta kommune og det er ingen konflikter i synet på det som er planen, så vi trur vi skal få til ein del denne våren og vi ser fram til trivelege dugnadsdagar på Sæbø.
Ivar Svein Mo leiar HB