Alle foto: Jonny Flatnes

Ute på Flatneset er det tradisjon for å drive med fjordfiske og ein av dei som tek opp arven, er Ole Flatnes. Sidan årsskiftet har han brukt å setje ut garn omtrent ein gong i veka og fisk har det blitt. Ole fortel at han m.a. har fått ca. 60 torskar og flesteparten av desse har vore det som ein reknar som ferdatorskar - flotte og fine fiskar med ei gjennomsnittsvekt på kanskje fire-fem kilo.  Ole trur at den største torsken han har fått i år var på ca. 10 kg.  Likevel vert nok sjølv ein så stor fisk smågut mot fisken under...

Bilde011

Ca. 16 kg vog laksen Ole Flatnes fekk i Brunsvika utanfor Leknes i dag.

I går torsdag sette Ole på nytt ut garn - i Brunsvika utanfor Leknes.  Målet og håpet  var igjen å få nokre fine torskar.  Då garna skulle dragast i føremiddag, fredag, hadde han også med seg svigerfar Jostein Aasen i båten.  Det var nok Ole glad for.  Ekstra hjelp skulle vise seg å kome godt med.

No er det vel å overdrive og hevde at laksesesongen er i full gang, men det skulle vise seg at ein svær laks hadde gått i det eine torskegarnet.  Heldigvis sat laksen godt fast og med god hjelp fekk som nemnt Ole laksen over ripa og ombord i båten.

012

Laksen var så så tung at ein skikkeleg bismar måtte brukast til veginga.

Før Ole kom på at laksen burde vegast, var innmaten fjerna.  Men utan innmat vog den feite laksen 14, 5 kg.  Ole går ut ifrå at dette i utgangspunktet var ein oppdrettslaks, t.d. var hovudet stort noko slike laksar brukar å ha.  Ole har også innhenta ekspertuttale.  Jarle Walseth er samd i at dette nok er ein oppdrettlaks, men i all den dag oppdrettslaksane brukar å verte slakta når dei er ca. 5 kg, har trurleg denne fisken vandra rundt i fjorden i fleire år etter at den fekk smaken på det frie liv.

Og no har Ole og familen allereie fått smaken på laksen.  Sjølvsagt har dei fått i seg berre ein liten del, men laksen var god den, forsikrar Ole Flatnes.

Og vart det så "berre" ein laks på ca. 16 kg i dag?  Nei. slett ikkje.  På same staden fekk Ole og svigerfar Jostein fire flotte torskar i tillegg.  Snakk om god start på helga.

Eit spørsmål til slutt, Ole - fekk du skjelven?

- He, he... Nei, eg trur ikkje det.  Laksen levde tross alt ikkje lenger då den kom over ripa, men eg trur nok at der hadde vore ein stor kamp i garnet nokre timar tidlegare.  Kanskje gjekk dei fire torskane seg fast i det same garnet fordi dei ville sjå kva som skjedde?