Litt usikker vert eg likevel når eg ser kor sterk diskusjonen er om postkortet frå Sæbø. Det er difor viktig at alle som ser bileta hugsar at det er elevane som har teksta bileta, og på tre språk, så her kan de finne både faktafeil og språklege feil. Eg voner likevel at de vil ha glede av bileta. Her finn de prosjektet: Bilete fortel historie.
Bilete fortel historie
Vinteren 2002 hadde 10. klasse på Sæbø skule eit prosjektarbeid om gamle bilete. Dei samla inn bilete frå slekt og naboar, scanna bileta, og la dei ut på skulen si nettside. Dette var lenge før Hjørundfjordportalen, så det var ikkje så mange som surfa på internett og såg bileteprosjektet. Eg tek difor sjansen på ei relansering.
Lagt inn av
Johannes Halland
29.03.2008 21:53
29.03.2008 21:53
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Heilt enig med dei to førgåande kommentarar. Det er eit grundig og verdifullt arbeide skulen har gjort her. Fint at Johs la ut linken på portalen. Bileta er ikkje lette å finne for alle.
Ivar Svein Mo
For nokre flinke elevar det er på Sæbø skule!Men det seier vel litt om leraren også,eg vart sittande å sjå på bilda til langt på natt,veldig kjekt,plutseleg såg eg meg sjølv på framhaldskule 58-59,og i år er heile klassa 5o års konfirmanter.Takk til Johs Halland for at han har gjort det slik at vi også fekk sjå alle bilda,en kulturskatt er det.
Karin Flatnes
Dette er ei skikkelig skattekiste ! Her er mye å studere nærmere for mange!
Sølvi Britt Skylstad