Fredag den 28/3 var det Årsmøte i Bjørke Bedehus.
Dei fekk valgt nytt styre og det var no flott.
Det er ikkje lett støtt å få folk til å stille opp til styra.
Evy Leira forsatte som leiar og Palma Sandvik tok på seg rekneskapet.
Dei hadde snudd underskotet som har vore til overskot og det
var no heilt nødvendig for den vidare drifta av huset.
Flott jobba.
Bjørke Bedehus ligg nede ved sjøen så det er eit viktig hus når vi skal ta i mot funksjonshemma og eldre som besøker oss på Bjørke.
Det er kort vei til den kommunale kaia til Bjørke Kailag så det er lett å ta mot folk som kjem sjøvegen.
Kaia burde ha vore opprusta slik at det var lett å ta i mot dei funksjonshemma i rullestol.
Eg har vore med å bere rullestoler på land før, nede på steinkaia og det var ikkje så kjekt.
Flytebrygga som er der nå er lite tenlig for rullestoler så her burde ei ny kome på plass.
Eg har lovet Oddvar Olsen lenge å sjå på kaiforholda på Bjørke men eg rekk ikkje alt desverre.
Bra at han nå har teke opp problemet med Bjørke Grendalag.
Det var eit kjekt møte med sang og god mat.
Eg fekk rettleie dei litt om søknad på kommunale midlar.
Kan eg hjelpe til så gjer eg det gjerne slik at vi fortsatt kan ha gode og opne kulturhus på Bjørke.
Kommentarar