Det var fem gardar på Rise. Lensmannsgarden og Larsagarden har vore godt omtalt, men dei tre andre gardane Simagarden, Pegarden og Årsetgarden som Torstein og Hjørdis Årseth eigde, og var buplass for 4, har heller vore lite omtalt. Torstein og Hjørdis omkom i rasulukka 19.2. 68 og det var tilfeldigt at dei to andre, Kjell Arne og Marta Aklestad, som budde her, var vekke frå garden denne ulukkesnatta då Korsafonna kom.

Ingebjørg, Torstein og Hjørdis i Volbu
Ingebjørg, Torstein og Hjørdis.På utflukt ein fin dag i  Valdres 

Hjørdis Årseth kom frå garden vår, Gótene på Kvistad, og var tanta til mor. Mor hadde eit nært forhold til Hjørdis og var der fast på besøk i sin oppvekst og dette fortsette med oss ungane også. Vi hadde så fin kontakt med med Årsethfolket at både Hjørdis og Marta kalte vi for tante, sjølv om det var tantene til mor. Ja når eg skulle forklare ein nabo kven Marta Aklestad var, no for ei tid sidan, så viste han ikkje kven det var, fordi han også kalte henne for tante. Marta var systra til Hjørdis og var enkje og budde fast i Årsethuset. Ho var syerske og reiste på arbeid rundt på bygda, både her i Bondalen og til slekta på Standal. Der hjelpte ho til med forfallande arbeid og fungerte som heimehjelp. Ho var ofte i teneste med oss og då budde ho ilag med oss, i opptil 14 dager.

Larsa Arne og Sverre Osnes i galme Risetunet s.v
Torstein og born på høyvogna svært lyst s.v

Arne Riise og Sverre Osnes med geitebukkar. BakOlav Holen i samtale med Torstein og Ingebjørg 

Torstein Årset i lag med ungar  frå Rise.På vogna Knut J.,Arild,Anne Berit, Mariann.Bak Sigmund 

Før den tragiske ulukka gjekk 17.mai toget alltid frå Holebrua og når vi kom gjennom Risegarden var det eit høgdepunkt å sjå Årsethfolket på den flotte trappa med rekkverk og med oppgong på båe sider. Etter toget hadde gått runda til Sæbø var det pause, og då vi ikkje hadde bil var det for kort tid til å sykle heim, og då var det flott å ha kjentfolk på Rise. Her vart vi invitert på middag kvar 17.mai og Hjørdis diska opp med livretten vår til oss ungane,- hermetiske pølser. Dette var mat som ikkje var daglegdags, og pølsene den tida kom i ei stor blå hermetikk boks, med griser utanpå, som køyrde i ein stor bil. Boksa var i seg sjølv eit kunstverk.

Risemodellen sett frå Nord
 Risemodellen sett frå SørVest

Magne Årseth har laga modell av Gamle-Rise i målestokk.Tunet sett frå Nordvest 

 Rise sett frå sør-vest. Den raude løda      og huset nærast er Årsettunet

Å besøkja dei var ved alle høver svært kjekt og vi følte oss alltid velkomne. Når vi sykla frå Sæbø og frammatt så måtte vi ein tur innom Årsettunet for eit besøk. Dei hadde så mykje andre ting og sjå på enn kva vi hadde heime. Kjell Arne hadde fått flotte leiker i metall frå Amerika, bl.a eit stort fly som eg kan tenkje meg måtte være ein modell av eit B50 bombefly. Ikkje minst så var vi svært begeistra då vi fekk sjå kva som var under golvteppe på kjøkenet. For då Hjørdis drog frå teppet kom der fram ei luke som gjekk nedi kjellaren, og dette var ikkje vanleg i alle heimar, men sikkert svært praktisk.

Marta og Mariann

 Marta har fått besøk av Mariann frå Larsagarden.

I bestestova hang ei gammal klokke med tannhjul av tre. I lissjestova eller kammerset, sat Marta å strikka eller sydde, og ho sette på ei plate på platespelaren som vi skulle få høyre på då vi var der. Om det var musikken eller den avanserte platspelaren med plateskiftar som var mest interessant, det veit eg ikkje.

Rise eit år etter raset  Brandmuren i Årsetgarden (2) 
 GamleRise eit år etter rasulukka.  Måleriet av kronhjorten på brannmuren

Men huset bar preg av at dei hadde ein oppveksande kunstnar som dei var svært stolte av. Hjørdis leitte fram teikningar som Sigmund hadde teikna når han var gut og her hang måleri av gamle Hallvard frå Gótene og sjølvportrett av han sjølv som han imponerande hadde måla frå spegelen. Men det som vi ungane var mest storøygd over, var den flotte havfrua på brannmuren. Der var måla ei havfrue på eine sida og ein flott kronhjort på den andre. Eg har ofte prøvd og hugse kva som var så flott med denne havfrua og må nok gå til kunstnaren for å høyre kva dette var slags måleri.

Var det eit aktmåleri på brannmuren Sigmund, og om so var, så var det vel litt meiningar om eit slikt måleri i ei stove? 

”- Eg kan ikkje hugse anna enn at den nakne damefiguren på brandtmuren gjekk glatt igjennom sensuren, og ho hadde spor. Alle måtte vel forstå at ei havfrue ikkje spradar rundt i golfjakke . Så då så.” Seier Sigmund

Eg sjølv hugsar god at Hjørdis var stolt av sonen og kunsten hans og Marta hadde sikkert tenkt seg ei litt meir påkledd dame, men hennar meiningar i denne saka, var lagt klokeleg lók på av ho sjølv, til fordel for kunstnaren og kunsten hans. Kjell Arne fortel at der var folk innom og utrykte at dette måleriet hadde dei ikkje ville hatt på veggen sin heime.

I slåtten hadde Torstein den kjekkaste reiskapen vi ungar visste om, ein liten svans med hjul som vart kalla småbrukarriva. Dette var eit utruleg kjekt reiskap som vi ynskte oss heime også, men dette var nok noko som ein av sønene hadde kjøpt inn og det kunne neppe være hyllevarer på Samvirkelaget, så dette reiskapet var ikkje på kvar gard.

Den tragiske ulukkesdagen i februar 1968

Det hadde snøa i 14 dager i eit strekk og kvelden 18. februar var det uhyggeleg med snø og det siste vi gjorde den kvelden var å måke snø så vi kunne ta oss fram til skulebussen morgonen etter. Eg hugsa godt bestefar var svært bekymra då han ikkje hadde sett makan til snø, den meir eller mindre rann av snøskuffa.

Dagen etter var det ein snøfull dag med store snømengder og vi kom oss igjennom til busstoppen på Kvistadbrua, men der kom ingen buss. Det vart etterkvart stor trafikk av bilar og vi oppfatta at noko var gale, men vi venta vidare til ein eller annan kom med beskjed om at vi måtte gå heim.

Ingen heime hadde aning om kva som hadde hendt så det vart gjort forsøk å kome i kontakt med andre, og det var vanskeleg å kome i kontakt med telefonsentralen. Men eg trur at far fekk kontakt med tanteBrit på sentralen som kunne fortelje at Rise var teken av Korstafonna. Det var no full fart å kome seg nedover med traktor med spader og måkereiskapar. Sjølv om far hadde handa i fatle pga. at han hadde skada stygt ein finger, var det ikkje noko spørsmål om å la være å dra. På vegen ned mot Rise tok vi på folk som gjekk etter vegen.

Dagslyset viser den store katastrofa på gamle Rise s.v  19.feb.1968 
 Rise på førmiddag rasdagen 19.feb.  Korsafonna 19.februar 1968

Synet som møtte oss då vi kom nedtil tunet til SimOle, var heilt uverkeleg. Mykje av Risetuna var vekk, og der var berre ein fonnbré å sjå i den dårlege sikta. Veret hadde no vorte betre etterkvart, så det var slutt på den intensive snøinga.

Det var ei underleg stemning på folka som gjekk mot rasstaden, og det var ikkje veksla mange orda. Då vi kom ned mot ulukkesområde var mannskapa i full gong og det var litt opptimistisk støy då dei høgde hol i Larsastova og fekk ut Bjørn Urkegjerde i live. Etter ei stund var det også meldt funn ved lødetrappa til Lensmannsgarden og no vart det nok dei to siste sakna som var funnen. Det var Torstein og Hjørdis som var omkomne. Området vart avsperra i vente på offentleg personar skulle være på plass i framgravinga. Stemninga vart no trist og dyster og folk begynte og trekke seg frå området då alle dei sakna vart funnen. Mykje av mannskapa var no overflytta til Sledalen. Der var enno mykje folk att som var med å grave fram dyra. Eg hugsa at i området der dei omkomne vart funnen fann eg vekkerklokka deira som stod på ti-over-halvsju. Klokka starta å gå så snart som eg tok den opp ifrå snøen.

Ei medvirkane årsak til at det gjekk så gale i Årsetgarden var at dei to omkomne låg i fyrste etasjen, og denne delen av huset var knust. Løda på garden som stod fremst og var det fyrste huset fonna møtte, vart så totalt knust at det var vanskeleg å finne vrakrestar som ein kunne seie med sikkerheit høyrde til dette bygget.

Som tidlegare nemnt så var Kjell Arne og Marta vekke denne natta og det var tilfeldigt. Marta var på besøk med broren sin familie i Ørsta og hadde utsett heimreisa pga.det dårlege veret. Ho tenkte ofte på det seinare kor tilfeldigt det var at ho var vekke frå heimen sin denne natta der ho budde fast. Ho miste alt ho eigde i fonna. Ho hadde ingen innboforsikring, og sidan ho ”berre” budde her, så vart det lite med erstatning av noko slag.

Sigmund KjellArne og Magne  Snøen dekkjer til vrakhauane av Årsthtunet 1968

Brødrene Sigmund, Kjell Arne og MagneIlag med resten av Årsethuset.Soveromet til Kjell Arne var i denne delen. 

Resten av Årsethuset var komne nesten bort til der dagens fellesfjøs stend.Senga vart brukt seinare.

 


 

 Frå romet til Kjell Arne  Romet tilKjell-Arne etter fonna hadde teke huset

Kjell Arne ser inni det som var sove- romet hans. 

 Dei einaste delen av huset som ikkje vart knust. Amerikaflyet ligg på  toppen.

I samtale med Kjell Arne fortel han at hjelpeapparatet i krisesituasjonar hadde ei skikkeleg utfordring denne dagen og då leiaren-lensmannen var blant dei råka var det nok mangt som skulle på plass av andre som ikkje hadde rutinene.

Kjell Arne, som då var 23 år den gongen, var målarlærling i Volda og denne helga var han ikkje heime slik han brukte, og det var ei god stund utpå førmiddagen før han visste noko som helst. Han arbeidde i leigebustadar som høyrde til sjukehuset og la merke til den aktive trafikken som var med sjukebilar, men at dei kom frå Rise fekk han ikkje greie på.

Då han fekk beskjed om den tragiske ulukka, så tok han ein drosje til Rise og då var mykje av leitearbeidet avslutta. Der var ingen kriseteam eller nokon annan som tok i mot her, og Kjell Arne tok drosjen tilbake til Volda.

Drosjen venta fram med fonnkanten. Han kan hugse at drosjesjåføren Richard Nautvik ikkje ville ha noko for turen, då han på den måten ville gje han ei hjelpande hand.

 Bilder som er tekne med nytt cannon camera 164 Sigmund Årseth fortel om gamle Rise 
 Sigmund og Kjell Arne Årset 2005  Sigmund fortel om den gode tida på Rise 

Korleis opplevde du tida etter ulukka Sigmund?

 - ”Eg og bror min Magne, fekk beskjed om at det hadde hendt ei katastrofe på Rise og dagen etter tok vi oss oppover til Vestlandet. Eg frå Valdres og Magne frå Stadthelle. Vi kom til Ørskogfjellet og møtte stengde veg og vi måtte berre gjennom for kvar pris. Vi kontakta vegstellet og når vi fekk forklart den situasjonen vi var i, så slapp vi igjennom på eige ansvar.

Vi kom til Rise og måtte ta oss fyrst og fremst av Kjell Arne og tante Marta. Korleis det hadde vore for Kjell Arne å kome åleine til rasstaden kan eg ikkje forstille meg ein gong. Vi måtte prøve å grave fram det vi kunne og å forberede gravferda til foreldra våre. Desse dagane hugsa eg lite ifrå, og gjekk mest i svime.

Vidare vart det i fellesskap planlegging i lag med dei andre på Rise korleis oppbygginga skulle gjerast.

Den som stytte opp om, var han Anders(Hustadnes), men endå til han lurde på om han ikkje berre ville selje jorda til Lennsmans og få seg ei tomt på Sæbø. Då han skyna at dette ikkje var aktuelt støtta han heilhjarta opp om oppattbygginga og vi har mykje å takke Anders for. Hadde Kjell-Arne late vere å bygge opp att på Rise hadde han vel like godt forlate bygda.

Ein som også gjorde ein kjempeinnsats var han Olav Lyshagen, ho tante Marta forguda han, han nesten bar henne inn i drosja når det skulle til.

Han var i ruinane jamt når han hadde høve til det, stogga drosjen og såg etter om noko kom fram av snøen. Hjå oss var det ikkje noko å finne, men han fann mykje for dei andre.

Men området vart ikkje avsperra og helgane var der folkevandring og mykje kom bort, det er ei anna historie.

Anders fekk tak i militære til å rydje opp markane. Me Risefolket, hadde samtalast om at ein utanforståande måtte leide dei. Sima-Edvart skulle spyrje han Ragnar Brattheim, og me leit på det.

Så kom morgonen med dei militære i lang kolonne og spurde etter arbeidsleiar, då sa han Edvard, nei han Ragnar kunne ikkje.

Då var gode råd dyre, eg rende meg ned til han Olav Lyshagen, som sat og åt og elles hadde lite lyst på ei slik oppgåve, var redd for å koma mellom barken og veden.

Han vart likevel med meg og då han såg kor soldatane kappa opp fine lange granstrangar i bere -lengder, greip han inn og leidde arbeidet på ein flott måte, resten av tida dei var der.

Og som nemdt tidlegare, Einar Nybø pakta garden til Lensmannen og stilte traktoren sin til disposisjon for oss. Utan hjelp og støtte og traktorlån av Einar, så hadde situasjonen vår vore vanskeleg.

Nye Rise 19.06.05 

NyeRise 19.06.05 Torsteingarden på NyeRise og Årsettrappa på gamle Rise er innringa i raudt.

Torsteingarden på nye Rise.

Oppatbygginga var ei travel tid for Kjell Arne så eg og bror min, Magne, var her så ofte vi kunne. I denne tida måtte Kjell Arne også reise til Oslo for å avslutte målarutdanninga si.

 Men i juni 1971 var nyehuset klart til innflytting og Kjell Arne og Torill gifte seg, og no kunne Torsteingarden på nye Rise inviast. Onkel Hans hadde vore som ein far for oss og hjelpt til det han kunne, og denne dagen var ein stor dag for vår gamle onkel.

Då brudeparet skulle til fotograf så arrangerte han ilag med naboane graving av hole og røysing av ny flaggstong på garden. Då brudeparet kom att, var vi like vise på kven som var gladast, onkelen eller dei to. Dette er ein flott minne eg har av han.” fortel Sigmund

Brura vert boren over dørstokken web  Ingebjørg, Sigmund, Haldis og Hans 

Nye huset var innvia ved bryllaup og brudgommen ber bruda over dør-stokken etter ynskje frå gjestane. Haldis frå Valdres hadde sikkert ikkje sett slikt før. Magne Årset passar på.

Ein fin dag under oppattbygginga. f.v.Ingebjørg,Haldis,Sigmund og Hans Kvistad.  

 
Sigmund kan du fortelje kva du hugsar best frå gamletunet på Rise?

 -”Når eg tenkjer på kva som vel var spesielt ved tunet vårt, så var det vel hagen.

Det var opphaveleg ein klokkargard og det hadde vore hagearkitakt inn i biletet under planlegginga. Det var ein skjeldsynt hage i den tida og ville vel vere det enno, med sirlege opphakka singelgangar, fin stakitt(av den modellen som Kjell-Arne no har laga seg), og hekk som skjerma inn blomsterhagen.

 Paa_
På besøk i Årset hagen. Anne Berit, Anny og framme Mariann med etternamn Riise på alle tre. Bak ser vi lensmannstova.

Når alt stod i flor var det eit syn som fekk bilar og bussar til å stogge og taka bilete, hugsar eg. Då sto Syrenane i fleire fargar, i blomst, det store, og på dei kantar skjeldne kastanjetreet, ein stor Hortensia, så den store Gullregnen knallgul og Raudetreet, knallraudt og meir frodigt og riktblomstrande enn noko anna slikt eg har sett. Grunnen var to ting, desse to trea stod slik til at dei trekte næring og væte frå gjøsselkjellaren, på båe sider  av hagegangane, i lange rekker, stod alle Staudene, serleg hugsar eg dei store pionane under raudetreet. Ein grunn til at raudetreet vårt var så tett og frodigt var også, at det var nesten fast takst nå det var brudlaup på den tida, at dei kom til oss for å få greiner som dei plukka av og la enkeltblomster fram igjenom etter heile kyrkjegolvet, frå døra og til koret.

Han far var alltid raus i slike høve, og det synte seg at di meir han gav burt, di tettare vart treet .

Utanfor var frukt og bærhagen med rips, solbær og minst fire fem slags stikkelsbætre til å æte og til å sylte.

Der var to slags pæretre, stort morelltre og to kirsebærtre og fem slag epletre. Der var også to slag plommetre. Og alt bar rikt så det var rikeleg å gje burt til slike som frå Sæbø som ingen hage hadde.

Til Kastanjetreet førde ei rekke av Syrinar som enda i ein runding rundt Kastanjetreet så det der danna eit lysthus.

Der brukte me å feire me fødsedagen min, den 16.mai med litt ekstra kaffiykt, det var feiringa for det var ein travel dag elles, poteter som skulle i jorda og slikt.

Elles var heile tunet på Rise prega av store tre, Bjørker, Rogn og Hegg, og det som står att no, lensmannslønnene, og det halve Kastanjetreet der eg brukte å sitje oppe i å lese i middagsykta av og til.

Hus og hage hang slik saman heime, at sumarstida var det mest hagen eg hugsar me held til i.

Elles var det mykje me hadde felles på Rise, plassen framom lensmannshuset var aktivitetsplass for unge og eldre, med paradis, komb, fotball og badmington. Ho Ragna klaga aldri om det stundom gjekk hardt ut over både blomster ved troppa deira og anna, ho lo godt til alt”. Seier Sigmund

På Hjørundfjord kulturvernlag si side finn du artikkelen om Rise som Sigmund skreiv til avdukinga av minnesmerke. Les på Kulturvernlaget si side

Risemodellen kan ein sjå i dag på Hotell Sagafjord på Sæbø. Modellen er laga av Magne Årseth og er nøyaktig i målestokk av gamle Rise.

Denne dagen i 1968 vart det målt 2 meter snø på Hustad, 2,5m snø i Sledalen og 3,5m i Kolåsen i Follestaddalen. Kven i dag av den oppveksande slekt kan forstille seg desse snømengdene? Etter vi kom heim frå Rise denne dagen, så måka vi tak heime, og ut på ettermiddag vart det fint ver og vi såg fly kom i lav høgde over dalen for å fotografere.

Før eller sidan vil nok ein slik dag kome att.

 

 Minnesmerke på Rise2007 8 21 Oversiktstavle Rise 
 Minnesmerke ved Årsettrappa  Tavle på minnesmerke

 

Tavla på minnesmerke på Rise   Påska 1968 mykje snø ennå
 Tavla over ulukka.  Mykje snø ennå i påska 1968

Ivar Svein Mo   26.2.2008