Vi som meiner at det har vore mykje nedbør i februar, har nok rett.  På målestasjonen på Hustad v/Sæbø kom det heile 343, 7 mm i februar.  Det er meir enn dobbelt så mykje som normalen frå 1961 til 1990, som er på 160 mm.

IMG_3894 (Large)

Mykje nedbør også i februar hos vêrobservatør Anne Hustad

Anne, kva er lettast å telje i februar - dagane med nedbør, eller dagane utan?

- Det er vel nesten som vanleg, dvs. dagane utan nedbør.  I februar 2008 var det berre fire dagar utan nedbør på Hustad.  To av dei var til og med samanhengande, dvs. 11. og 12 februar.

Elles var det mest snø på marka her den 3., då var det 27 cm.  Mest nedbør kom det den 17., då kom det heile 65 mm.

Ja, ja, så veit vi det.

Kva med Petterbakkane i Ørsta? Der får vi vel temperaturen også, Arild Stokke?