Når du går oppover mot ein fjelltopp med ski på føtene vert det fort i varmaste laget sjølv om temperaturen er på minussida på gradestokken. Til slutt er det gjerne berre ei tynn devoldtrøye og ein ryggsekk på overkroppen - kanskje med tillegg til ei hue og eit par vindvottar.
Fred Ingar (Somby) med standard oppoverutrustning. Jakka er i sekken - det same er ofte hua og vottane også.
Men så er toppen der. Då gjeld det å ta seg god tid, byte til tørre klede, setje seg ned å nyte utsika, ete nistematen saman med god, varm drikke og sjølvsagt fotografere litt - hadde det ikkje vore for vinden. Og vind har det vore mykje av i fjellet i vinter.
Nei, i praksis vert det å få på seg jakka i full fart, få på seg hjelm, og ullvottar i tillegg til vindvottane. Så er det berre å setje utfor. Å nei, ein ting til må gjerast - skifellane må av. Dette gjeld uansett , om naglibiten herjar, om det snøar eller regnar, om kulingen er stiv eller støl - skifellane må av...
Eg vedgår lett at eg stort sett brukar å røske dei av i full fart og trykkjer dei snarast råd ned i sekken og tek problema etterpå. Slik er det ikkje med Fred Ingar. Han er ein sindig mann med sans for teljekantar. Han har alltid med seg oppvebvaringsposen opp. Han har også med seg nettingen som skal ligge mellom limsidene på skifellane. Og sjølv om fingrane hans må vere kalde og stive som isjuklar og vinden pip rundt øyrene, legg han først ned den eine skifellen med limsida opp. Så legg han nettingen oppå der igjen og til slutt den andre skifellen på toppen. Men av og til kan vinden skape problem, sjølv for ein finnmarking og på denne toppen kom også eit ord eller to som ikkje står i nynorskordboka mi. Men det gjekk bra til slutt - sjå berre under.
Først skifell, så netting og snart er skifell nummer to også på plass - hadde det ikkje vore for vinden.
Vind, ja, men framleis er smilet på plass. Men Fred Ingar prøver på nytt...
Slik, no er alt på plass. Men er ikkje vinden i ferd med å ta tak i den øvste fellen igjen?
Det var vel her dei ikkje heilt fine orda kom...
Til venstre: - Har du ikke fotografert nok nå? Til høgre: Ser du, det gjekk fint til slutt. Skifellane er fint bretta saman - med teljekant.
Denne turen er ikkje heilt fersk - nesten arkrivstoff. Men skrivinga no skuldast lengt etter betre (snø)vêr og finare dagar. Det må også nemnast at då eg sa ja til Fred Ingar om å bli med på denne turen så var føresetnaden at han ikkje skreiv om den nokon stad - eg heldt på å gjere noko viktig arbeid i heimen. Men, men... No skriv eg litt om denne turen sjølv. Kvar Fred Ingar er veit eg ikkje heilt nøyaktig, men han er på ein plattform der dei borar etter olje eller gass. Og han er i alle høve ein stad - som vi har sett i det siste - ein stad der dei ikkje har æ, ø eller å på tastaturet.
Vi kom oss no velberga ned denne gongen også, sjå under. Ein liten quiz må sjølvsagt vere med. Kva heiter eigentleg dette fjellet som det er fotografert ifrå? Kvar ligg det?
Det er vel tvilsamt om det vert ein vane, men å avslutte ein skitur med eit kafebesøk er vel ikkje så verst?
Kommentarar
Fellene har hver sin plastnetting, den eine ble overflødig og gikk i bosset. Den andre ble klippet opp i to like lange biter. Altså de dekker bare halve fella i lengda. Fella skal klebest på begge sider av denne slik at alt limet dekkes.
Det er klips bak på mine feller, så jeg klarer å ta de av med hansker. Teknikken er fin med hansker på hele tiden.
- skia legges med bindingene ned etter først å ha løsnet klipsa bak.
- jeg drar av fella slik den bare henger fast/stramt i skituppen.
- skia holdes nede med foten, fella holdes stram, plastnettingen legges på bakre halvpart av fella. Først helt bak der både plastnettingen og fella holdes med venstre hånd, høyre brukes til å stramme opp plastnettingen. To stramme flater legges beint mot hverandre.
- løsner fella fra skituppen og legger andre halvparten mot andre sida av plastnettingen.
- blåser vinden ekstra hardt trakker jeg på bakfestet av fella for å holde fella stram.
Teknikken er utviklet på gangen heime, virker til tusen :)
Har to par feller, begge fra G3 og det virker som limet har endret seg. De nye taaler nesten ikke sne foer limet blir umulig aa feste..
Faar teste ut metoden din neste gang
Jeg har et spørsmål om Nivane:
Slik jeg har forstått det er Nivane det en ser fra Ørsta, altså sørligste delen av fjellmassivet. Høgste punktet mot Vasskoppen, er dette også Nivane? Eller er der et annet navn?
- Når skal du på Brekketind Knut?
Med ei slik tolking i botnen, er det vidare klart at namnet må gjelde den delen av fjellet som ein ser frå Ørsta sentrum. Dermed reknar iallfall eg Nivane for å vere namn på fronten av fjellmassivet og bak til første varden (936 moh). Nord for denne reiser det seg ein fjellrygg med stup ned mot Vasskoppen. Denne formasjonen har, så vidt eg veit, ikkje noko eige namn. Men om ein går mot denne ryggen, for så å dreie i nordaustleg retning, mot Saudehornet, kjem ein til Vardehornet (995 moh).
Regner med at vi snakker om samme Vardehornet/1009, at 995 var ei forveksling.
På Norgesglasset står det Heidskredhornet på fjellryggen nordvest for, har ikke undersøkt dette navnet med noen og heller ikke vært ned på den delen av massivet. Regner med at det er et navn som stammer fra Skorgesætra, og 995 kan like gjerne ”smitte” dit.