gjerdsvik

Sæbø IL si A-lagsdrakt dei to siste sesongane. Men laget har hatt fleire drakter. Er det nokon som har nokon heime. t.d. den vertikalstripa gule og raude drakta? 

 

Sæbø IL skal markere sine 75 år på fleire måtar. Det vert gjennom spesielle idrettsarrangement, jubileumsfest og i årsskriftet til Hjørundfjord Sogelag. I sistnemnde vil ein stor del av skriftet handle om laget si soge dei siste tjuefem åra.

Under Hjørundfjorddagane ynskjer vi å vise laget si soge med ei utstilling. Vi ynskjer foto av idrettsaktivitet, organisert og uorganisert. Gamle lagbilete, foto av idrettsaktivitet, sommar som vinter, og desseutan gjenstandar som viser idrettsleg aktivitet er av interesse. Det treng nødvensigvis ikkje vere knytte til Sæbø IL spesielt, men gjerne idrettsaktivitet generelt.

For å ta nokre døme: Vi veit at det alltid har vore ein stor skiaktivitet i Bondalen, som er Sæbø IL sitt kjerneområde dei første femte åra, og etter kvart heile Hjørundfjorden. Difor ynskjer vi t.d. å stille ut hoppski viss nokon har det på "lager". Trollbakken er jo vidgjeten, og mange frå Sæbø IL sitt nedslagsfelt hoppa der.

Vidare ynskjer vi gammalt utstyr frå all skisport, om det er ski, støvlar eller stavar, eller kanskje eit skiantrekk før og no. Før var det i alle fall ikkje trikot. Det er det no, og det ynskjer vi også.

For å ta eit døme: Monica Hjellen frå Hjellen, Sæbø, vart noregsmeister i slalåm for juniorar, og då konkurrerte ho for Åmdal IL. Vi er ikkje større på det enn at vi gjerne kunne tenkt oss å ha stilt ut køyredressen til Monica.

Eller for å gå til sommarsport: Kathrine Nydahl vart noregsmeister for Røa i fotball. Eksisterer drakta ho hadde på seg i cupfinalen enno.

Det var nokre av dei nasjonale topprestasjoanane, men vi er sjølvsagt ikkje berre ute etter dei. Vi ynskjer å få fram breidda og engasjementet.


Eksisterer det enno nokre par av fotballskoen Viking Proff, og sko som er eldre enn det. Eksisterer drakter frå hine hårde tider, både i fotball og handball.

Midt på syttitalet vart det laga ein Sæbøsong til serieopninga mot Spjelkavik. Eksister ein kopi av den songen enno (Mel: Glory, glory Hallelujah).  

I det heile, bruk fantasien. Alt utstyr og foto som har med  idrett i Hjørundjfordnedei siste 75 åra er av interesse.

Det vi no er ute etter, er at fok tenkjer over dette, og leitar det fram. Sæbø IL kjem tilbake til  ein kampanje om jubileumsutstillinga i mars/april, når det er noko nærmare Hjørundfjorddagane. Bruk gjerne kommentarfeltet viss de har idear på gjenstandar som bør vere med på utstillinga.