Påskedag  9.mars l944                           

Me var fire ungdomer som hadde avtalt å gå på ski over Skårafjella.Det var Anders (2o) Bjarne (l4) og syskjenborna våre på Hustad, Anders (26) og Andreas (21)Veret var stilt,overskya og ca 0 gr.  Men det hadde kome lo  - l5 cm. nysnø  siste natt, so forholda var ikkje heilt gode for ein slik tur. Men me bestemte oss for å gjenomføre turen.                         

Me rodde til Skår, og tok på oss skia. Karsten og Håkon Skår slo lag med oss til Skårasætra.Det var noko tungt å gå på grunn av nysnøen, men ellers gjekk dette stykket greit.

Hadde matpause i Bakkeselet. Karsten og Håkon vart ikkje med då me gjekk videre innover Skåranakken. Me kryssa oppover skredene mot Lissehornet,Klokka var no l/2  2 på ettermiddagen. Og me såg folk kom roende fra Kyrkja.    Men for å kome forbi Lissehornet måtte me gå utover eit stykke og no vart det bratt og vanskeleg.  Trakka oppover som i ein hoppbakke. Snøen var svært laus og gav lite feste.Sjølv for meg som gjekk sist var det djup laussnø.

IMG_4252 (Large) 

Utsyn frå Skåradalen 

Det var nok stor fare for at det heile skulle gli unda.  Og nedanfor vart det mykje brattere med hammere og flog ned mot Vatnet. Dette var nok det vanskelegaste og farlegaste stykket på heile turen.   Det vart eit langt stykke å trakke på denne måten, men me kom opp, og no vart terenget noko slakkere eit stykke.

                        Skia mine var laga av Rogn og var både tunge og stive.Dei var innsette med  tjøre som var brend fast med primus.Smurninga me brukte var stort sett parafinvoks.  Skifeller kjende me ikkje til.Stavene var som regel heimelaga av bambus eller kanskje eit avbrote riveskaft. Bindingene var ei lærreim over tåa og ei bak om hælen.

 pan skåradalen 2 

Det var nok oppover her ein stad Bjarne & Co gjekk oppover frå Skårasetra påska 1944.  Foto: Fred Ingar Somby (Er det nokon som greier å teikne inn ruta her?)                         

Kursen vart no lagt på skrå ut og oppover den store breen med alle sprekkene som me ser om sommeren. Nysnøen var no ca. 2O cm.djup. Men sprekkene var ikkje synlege.Det var eit tungt stykke å gå men endeleg stod me på  Sanden !  Fantastisk !                        

Skårasanden er høgaste punktet på overgangen mellem Skår og Kvamsedalen.

Det er ei ganske stor flate som er dekt med småstein og sand.

DSC05010 (Large) 

Foto frå det aktuelle området ved Sanden der Bjarne & Co kom opp i 1944.  Stemmer dette, Bjarne? Kjerringøyra bak hovudet til underteikna.                         

Me hadde nettop starta på nedkøyringa til Kvamsedalen, då snøen brått losna under beina  !  Me vart alle stående å sjå på at heile Skåraskredene  losna og gjekk heilt i Kvamsedalen !Men me stod på ei linje og var dermed ikkje i fare for å verte tekne med i skredt.Me vurderet no situasjonen slik at no hadde fonna gått og då var det tryktt å renne ned i dalen.Og eit par mann rende heilt ned i dalen og fekk ein ekstra oppstigning til Reset. Men eg og ein til stoppa tidligere  so me kunne gå skredene mot Reset.                         

Over Kvamsedalfjellet gjekk det greit.  Kom heim på kanten, såg me folk på Vasstøylen som gjekk på ski.  Det leid no langt på dag, so me stoppa lite og rende  på skrå over alle gjøl i retning Kvistadsætra.  Resten av turen var enkel, og me gjekk sjølvssakt på ski heilt til Hustad og Hustadneset , der me kom kl. ½ 9  om kvelden.                        

I ettertid er me einige om at turen var både uforsvarleg og farleg med dei snøforholda som var den dagen , Men har turen i friskt minne sjølv om det no er 64 år sidan.                                                                                                                                                        Sæbø,den 4.febr. 2008                                                                                         

Bjarne  Hustadnes

skaarrute

Bjarne Hustadnes/Helge Standal har sendt underteikna e-postar.  Artikkelforfattar Bjarne Hustadnes og dei andre gjekk ruta som er avmerka på fotoet frå Skår til Maratinden/Sanden.

Bjarne opplyser også at skredet tok laust i området rett bak underteikna, jfr. foto i artikkel.  Underteikna har på fotoet elles akkurat kome opp på Sanden frå motsett side(Kvamsedalsfjellet) og skal til å gå vidare opp på Søre Skårtind. (Men fotoa har ingen ting med turen til Bjarne & Co å gjere.)