Vi møtte opp i Voldahallen i god tid før første kampen kl. 12.00.

Denne veka har vi hatt vinterferie og fri frå handballtreninga.  Trenerane våre syntest derfor det var lurt å ha litt tid til å minne oss om enkelte ting vi må hugse på når vi spelar kamp. Ikkje gå for langt med ballen, skyte på mål ... 

Supportere

Foreldre, besteforeldre og sysken er trufaste supporterar.

skuddvilje

 I dag ville vi score mange mål og det greidde vi òg!

skyt!

Ikkje noko å seie på innsatsviljen. 

Nokre gongar vert vi litt usikre på kva vi skal gjere. Ikkje alle dommarar er like flinke til å rettleie oss når vi gjer ting som eigenleg ikkje er lov. Det er ikkje mange reglar som gjeld for oss som er så unge, men vi visste ikkje at det er lov å ta ballen under armen og gå over heile bana?  Trudde det var i rugby det...

 Reservebenk

Innbyttarbenken er klar til ny innsats.

Det er godt å vere mange spelarar på laget så vi får bytte på å kvile oss.

Lille Håkon er vel ikkje heilt klar endå.

Handball

Forsvaret jobba godt, men det vart nokre mål mot oss.

Tidsfordriv

Mellom kampane var det ein time pause. Då kan det vere greitt å ha med seg litt tidsfordriv.

Men foreldra våre synest det er kjekt å vere på turnering. Det er skikkeleg sosialt og tida går utruleg fort.

Vi ungane heldt oss i aktivitet i pausane. I Voldahallen har dei leiker og utstyr som vi fekk låne. Rokkeringar, kjempestore ballar å rulle seg på, balansebrett og mykje anna.

Har dei som teiknar ny gymnastikksal på Sæbø laga til plass for oppbevaring av slikt utstyr skal tru? 

 Pause

Påfyll av energi må til mellom slaga.

I Volda har dei kiosk med god mat.

Pizza, svele, muffins, sjokoladekake og frukt. Mykje sukkerholdig mat, men det er kanskje ein fordel å ha høgt gir når ein skal spele kamp? 

Keeper

Keeper er klar til å ta imot.

Diplomutdeling

 Sjå dei fine diploma vi fekk då alle tre kampane var ferdige!