Hjørundfjordportalen » Lokalt » Mink eller oter?

Attende til hovudsida
  • Lokalt
  • Tourist
  • Natur
  • Bygdene

Aktivitetskalender

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

Annonser

Aktivitetskalender

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

Aktivitetskalender

19.juni
Spesialtilbud uten forhånd
(olso)
9.okt.
Tilbud om lån uten protokoll.
(Internasjonal finansiering)

Sjå heile kalenderen


Meny
Ikkje innlogga
  • Logg inn
  • Ny brukar
Oteren

Mink eller oter?

Her om dagen kom eg til å sjå eit dyr som rett og slett såg ut som det låg og leika seg i sjøen, 30 meter frå land. Eg stod heilt still og dyret kom symjande mot meg, eit lite hovud med blanke stirande augo! Eg stod like still og fekk ei gratisoppvisning i symjing under vatn. - Da eg kom tilbake eit kvarter seinare hadde symjaren gått på land, stoppa og kika på meg no også. Fargen vil eg seie var nærast grå. Halen var kraftig å sjå til, ikkje flat mot underlaget, men på kant, som sideroret på eit fly, eller som sporden på ein fisk. Med det same trudde eg det var ein mink, men er begynt å tvile. Er det vanleg å sjå mink/oter liggje og ha "lystsymjing" så pass langt frå land?

Koss skil ein mellom mink og oter? Har bladd gjennom ein god del foto på Internett, men blir heile tida i tvil

- og så fann eg eit bilete som eg nettlåner frå S. Lie, Høgskolen i Telemark.

Lagt inn av Enok Kippersund
13.02.2008 19:47

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Kommentarar

Dei sto og dro i god tro (14.02.2008 kl. 22:22)
Ein gjeng av hestejentar i antall av 7 for til tè Viddal en sommerkveld. Dei sku prøva fiskelykka si. Dei sto og dro i god tro. Fisken tok, jenta dro, oter tok, jenta dro i god tro.
Kjartan Alnes
Følger på avsporinga (14.02.2008 kl. 16:05)
Stian Holen,
Jeg husker den historien godt, og fant den igjen med et googlesøk:
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=1553746

"Trolig ble den 35 kilo tunge breiflabben så satt ut av det kraftige måltidet at den gikk rett i garnet til Anders Måseide. Fiskeren ble overrasket da han sprettet opp magesekken på fisken og fant en seks kilo tung oter."
Svein Myhre
Ustoppa (14.02.2008 kl. 15:35)
Vi har en utstoppa oter oppe på Bjørke.
Han er ca 1 meter med hale.
Den kan du sikkert få sjå Enok
Spør Jan
Får dere en oter i garn så husk å søke om løyve til å beholde dyret.
Det er forbud mot å ha slike dyr heime på grunn av fredinga.
Det skal varsles om funn av døde otera slik at dei får sjå på kva dyret å dødd av.
Perry Bjørke
Våryr (14.02.2008 kl. 14:46)
Arve Svoren merkar våren, og fleire med han. I dag såg at det var kome natavoner på ein liten hassel i vegkanten.
Enok Kippersund
Stadig lysare dagar (14.02.2008 kl. 14:35)
Og lett stemning på portalen idag . Ei helsing til alle våryre Hjørundfjordingar!
Arve Svoren
Og no er eg sikker! (14.02.2008 kl. 14:32)
Takk for mange hyggelege og lærerike innspel! Utover dagen har eg snakka med ein granne, som kjenner denne oteren som held til her nede i stranda. N.d.g. breiflabb og oter, så låg her ein stranda breiflabb i fjøra som oteren regelmessig kom og forsynte seg av. Det var ikkje eit matagrann igjen då han var ferdig.

Her er svaret som eg fekk frå forskaren som eg spurde:
"Halen hos oter er brei og kraftig innerst og smalner jevnt av utover mot spissen. Den står ikke på høykant, men er bare litt flattrykt fra undersida. Pelsfargen på oter er mørk brun, litt lysere enn mink. En våt oter ser ofte grå ut på land fordi lyset reflekteres i vannet i pelsen. Minken er "tammere" enn oteren og viser seg mer fram, men otrer kan også av og til oppføre seg som du beskriver. Hjelper dette?

Vennlig hilsen Thrine Moen Heggberget"

Sjå også heimesida på www.nina.no

Dette vart ein oter-festival!



Og elevatitren? Jau, eit av namna fossekallen har her i bygda.



Men, altså: No har eg sette ein oter som held eit heilt program for meg! Eg kjenner meg priviligert og hatt ei oppleving som eg skal ta vare på.
Enok Kippersund
Mange ville dyr. (14.02.2008 kl. 12:31)
Det er mykje oter og mår på Bjørke.
Går man en tur langs elva og ser man dei ofte.
Oteren har også gått over attlegene oppe på Bjørke med ungene etter seg.
Mora kjem opp gjennom Tysseelva då og går over Holen til Vikeelva med ungene på slep.
Mår og Oter har våre utenfor huset her fleire ganger.
Mår har eg sett røva reir for egg også.
Måsen blir heilt gal.
Mink er det mindre av nå då mår og oter ikkje går så lett sammens med minken.
Minken finn nye plasser.
Man får også ofte oter i garna.
Eg synest eg ser meir og meir av ekorn også her på Bjørke.
Eg ser ofte ville dyr når eg sitter på bislagtrappa og tar med en røyk og en kaffi.
Måren kom heilt bort til trappa og satt og såg på den rare personen som hadde tatt fyr.
Så lenge bålet rauk og eg satt stille så såg han berre på meg.
Men når eg røyste meg då regerte han og for 30 meter vekk for så å kike på meg igjen.
Kjekt å sitte på trappa og følge med men eg må lære å kle meg når det er kuldegrader.
Eg raud i øyrene når eg kjem inn og då venter berre tilrettsettinga av Olga.
Eg har strikka deg 6 huer til deg så eg skal ikkje høyre noko om at du får øyreverk.
Perry Bjørke
ei lita avsporing..... (14.02.2008 kl. 12:11)
Eg meinar å hugse at ein yrkesfiskar i frå Ålesund eller omegn, fiska ein breiflabb som hadde ete ein oter.
Fangsten vart gjort her i Hjørundfjorden.
Er det nokon som kan bekrefte dette?
Stian Holen
Fossekallen (14.02.2008 kl. 12:03)
Elvatitre på Bjørke ? I Norangdalen sa dei elvaprest.
Sølvi Britt Skylstad
Oterlink (14.02.2008 kl. 12:01)
http://no.wikipedia.org/wiki/Oter
gløymde linken :)
Arnfinn Mork
Oter (14.02.2008 kl. 11:54)
Har sett Oter i sjøen ved Sæbøneset fleire gonger.
Desse flytter seg store distansar og er nok å finne i heile fjorden.
Arnfinn Mork
Eg trur du har sett ein slentr (14.02.2008 kl. 11:24)
No bur eg i Follestaddalen, og har ikkje sett den her. Heime på Frøland i Bondalen meinar eg han er observert, i allefall spora med det karakteristiske haledraget etter seg. Dette er ved Brattelva som går opp ved grendahuset. Når den er der kan den vel være på Bjørke også.
Har aldri høyrt om elvatitren. Men vill tipping; fossekall???
Unn Frøland
Ein slentr? (14.02.2008 kl. 11:06)
Takk for svar, Unn! Du veit, eg har budd så lenge i fjorden no at eg begynner å kome etter med lokale namn og uttrykk, - og "slentr", det er oter, ikkje sant? Eg var litt treg til å observere for fullt, men eg fekk ein tanke om at dyret der ute låg på rygg og leika seg i vatnet, mest som det ville gynge seg. Slentren likar å leike, men det kjennest som ei altfor stor ære om det verkeleg er oteren eg har sett. I elva heime på Espeland i Arna var det oter, vi hadde (og har) ei flott bru som heiter Oterkleiv bru. Eg har skrive til fagfolk, så får vi sjå. Er slentren å sjå der du bur?

E.S. Og elvatitren kjenner du? D.S.
Enok Kippersund
Kan det være ... (13.02.2008 kl. 21:42)
...ein slentr?
Unn Frøland

Skriv kommentar:




Logg inn her.

    • Logg inn
    • Ny brukar

Aktivitetskalender

19.juni
Spesialtilbud uten forhånd
(olso)
9.okt.
Tilbud om lån uten protokoll.
(Internasjonal finansiering)

Sjå heile kalenderen


Annonse
Nettstadskart/Sitemap Kontakt/Contact RSS Rapporter feil

Hjørundfjordportalen 2006 - 2018