Kan dette området utviklast, utan at det får følgjer for miljøet?
Som journalist i Møre-Nytt er eg politisk kastrert, slik Einar Førde ein gong sa om rolla hans som kringkastingssjef. Når ein arbeider som journalist er ein formidlar, ikkje meiningsdannar. Det er også mitt utgangspunkt i denne artikkelen, sjølv om einskilde vil lese det eg skriv både i en eine og andre retninga.
Grunnen til at eg skriv denne artikkelen, er debatten om Skårasalvegen. Saka om veg til Skårasalen har utløyst eit stort engasjement. Nokre er eldsjeler for realisering av vegen, andre er eldsjeler for naturvern. For å understreke det: Eg har stor respekt for begge partar.
Alle har talerett
Først ein liten digresjon. I debatten om Skårasalvegen vart det brukt som argument at mange utflytta sa nei til Skårasalvegen. Eg håper for Guds skuld at dette ikkje er meint slik at utflytta ikkje skal kunne uttale seg om det som skjer i fjorden. Sjølv merka eg meg at mykje ungdom engasjerte seg i debatten. Dette er ungdom som er ute for å ta utdanning. Vi håper å få dei tilbake til fjorden og regionen, og skal dei då høyre at dei ikkje er meiningsberettiga om utviklinga i fjorden, vert det etter mitt syn for dumt.
I fjorden har vi no ei rekkje saker der det handlar om utvikling versus miljø. Vi har småkraftutbyggingane, søknadene om oppdrett innover heile fjorden, massetak på Standal, og turismeprosjekt som Skårasalvegen.
Eg har også tidlegare registrert ynske om at Hjørundfjorden skal få dispensasjon frå det generelle forbodet om heliskiing, slik at det kan startast turismeprosjekt med helikopter for skituristar til Skårsalen og Trandalhatten.
Eg skal driste meg til å ta nokre standpunkt, som eg meiner kan vere førande for den vidare debatten: I alle fall er utbyggingsprosjekt der kapitalen kjem lokalsamfunnet til gode betre enn der kapitalen vert henta ut og hamnar på Kypros.
Er her plass for oppdrett?
Oppdrett
Når det gjeld oppdrettsanlegg føler eg det siste. Oppdrett har skapt mininamlt med arbeidsplassar i Hjørundfjorden, med unnatak av det landbaserte anlegget på Urke.
Men landbasert anlegg er noko anna enn sjøbaset. Dei sjøbaserte anlegga er eigde av folk utanfrå, kapitalen reiser til Kypros, og arbeidsplassane er i alle fall ikkje her.
Miljøkonsekvensane av sjøbasert lakseoppdrett har vorte dramatiske: Truleg er den atlantiske villaksen så truga at han vert raudlista. Det vil seie at det ikkje vert lov å fiske på han lenger. Det vil føre til store konsekvensar for Sæbø. For etter mitt syn er to campingsplassar og to butikkar på Sæbø avhengige av sommarturismen som villaksfisket i Bondalselva gjev.
Då vert Sæbø straffa for at vi for tretti år sidan sa ja til utbygging og nei til miljø. Vi såg utsiktene til kortsiktig økonomisk gevinst for fjorden, og rekylen har vorte hardare enn vi trudde. No er stoda at vi ikkje kan velje begge deler: Anten vel vi oppdrett, og pengane til Kypros og John Fredriksen, eller vi vel å satse på den siste sjansen vi har til å berge villaksen.
Skyene gjev regn over Hjørundfjorden, og mulegheiter for kraftutbygging. Skal vi byggje ut alt?
Kraftutbygging
Så til småkraftutbygging. Vi har grunneigarar som sit med vassressursar. Det gjeld heile fjorden. Nokre får bygt ut, andre ikkje. Ser vi vekk frå dei økonomiske sidene om skatt/balanse/overskot, handlar det for meg naturvern kontra utbygging. Dei første kraftutbyggingane i fjorden var lokale e-verk. Så kom storkapitalen, og det vart Tussa.
Med Tussa har vi sett at verdiane har vorte fordelt til fellesskapen – til fordeling for heile Søre Sunnmøre.
Men for å stille eit annleis spørsmål: Har Hjørundfjorden og spesielt Bjørkeområdet tapt pengar og utviklingsmulegheiter fordi Tyssefossen vart bygt ut? Eg veit ikkje, men eg tvilar.
No har vi småkraftutbygging. Trandal vart bygt ut. NVE sa nei til Sætrefossen, men ja til resten ved Vågen kraftverk. Det er ja til Urke, medan søknaden om Standal har teke så lang tid å handsame hos NVE at det tyder på sterk tvil. For min del ser eg dette positivt. Hjørundfjorden må ha fossefall å vise fram, alt kan ikkje byggjast ut. Eg stolar faktisk på dei politiske prosessane fram mot konsesjonsvedtak eller ikkje. Dette er demokrati, sjølv om nokre grunneigarar føler det urettvist, medan andre ikkje gjer det.
Sæbøneset: Det er ynske om hytteutbygging. Bør det tillatast?
Massetak
Vi har i Hjørundfjorden siste tida hatt tre saker som gjeld utvikling av massetak. For Holen Sand & Grus vart det svært restriktiv, for Flatnes vart det eit ja stort sett etter planen, og for det aller største, Standal, pågår diskusjonen no. Dette er i høgste grad saker som gjeld utbygging versus natur- og miljøvern. Dette er også saker som gjeld utvikling av lokalt næringsliv. Alle desse massetaka gjev fleire arbeidsplssar i Hjørundfjorden. Så vidt eg skjønar er også massetaka lokalt åtte, slik at kapitalen vert verande på lokale hender. Det er positivt.
På den andre sida etterlet slike massetak sår i landskapet, ja, dei endrar landskapet. Men er dette til hinder for turisme? Tenk etter, når de er ute og reiser, ynskjer de ikkje å sjå litt av den lokale næringsaktiviteten dit de reiser?
Skårasalvegen
Til sist vil eg kommentere turismeprosjekt, som Skårasalevegen. For å seie det først. Eg har ikkje teke standpunkt. Eg ynskjer ein grundig analyse. Det som likevel slår meg, er om det her vert satsa på gårsdagens turisme. Ein veg til Skårasalen vil verte basert på busstrafikk, diesel og utslepp. Eg har ei kjensle av at bussing av turistar, slik vi kjenner det, kan vere på veg ut i desse klimatider. Men kanskje tek eg heilt feil, og dette er framtida. Då må det kome noko i tillegg, slik at turisten kan leggje att pengar lokalt.
Vi ser no nemleg satsingane til Tide (CruiseService) og 62 grader Nord. Det er flott at dei vil vise turistar Hjørundfjorden, men dei legg ikkje att særleg med pengar lokalt på denne måten. Er vi fleire enn Margrethe og Bjarne og Frank som vil satse på opplevingstilbod i fjorden?
Lat ikkje turistsatsinga verte slik satsinga på lakseoppdrett vart, nemleg at pengane forsvann til Kypros og litt Vartdal. Då seier eg heller ja til massetak.
Helsing
Rune Sæbønes
Medlem styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering
Kommentarar
Miljøvert vert lagt meir og meir vekt på - og det må ein ta med i betraktninga. Om nokre år kan det å eige vassrettar verte ei gullgruve - sjølv på regnfulle vestlandet. Enda meir om det er reint vatn.
Korleis kan ein utnytte den vakre - og reine - naturen best mogleg? Og korleis kan det kombinerast med utviking av fjorden på ulike nivå?
Om diskusjonen og meiningsutvekslinga skal være forbeholdt dei som fortsatt bor i fjorden kan det fort føre til at ein går glipp av gode idear som igjen kan gi utviking - og kanskje føre til at folk vel å flytte heim for å bidra positivt.
Men då må det være noko å flytte attende til...
Straumproduksjon og masseuttak har eg ingen formeininga om. Oppdrettssaka der legg eg min store lit til Helge Strand og andre som veit kva dei snakkar om. Kanskje kan Hjørundfjord verte forsøksfjord for å restituere villaksstamma?
Vedgen til Skårasalen handlar og om å gjere naturen tilgjengeleg for fleire / alle. For Hjørundfjordingar er det ei sjølvfylgje at ein skal kunne gå ut å bestige dei toppar ein vil. Men om ein byrjar å sjå seg rundt ser ein at det er vel faktisk ikkje slik. Mange kan ikkje gjere seg nytte av naturen fordi ulike typar funskjonshemmingar hindrar dei. Vegar ut i naturen gir fleire mulighetane til å få være med å nyte den vakre naturen.
Men alternativ til busstransport og annan forureinnde transport bør absolutt vurderast.
Etter kvart har det vorte ein trend at folk skal være spreke igjen. Mange ynskjer å kunne kome seg ut å gå på fjellturar sommar og vinter. For mange vil tilgangen på "kjentmann" bidra til å gjere turar i Hjørundfjordfjella realiserbare. Kan det være ein ide for dei unge spreke å organisere seg og distribuere informasjonen slik at hotellgjestar og Campingturistar kan nå dei?
For sjølv om vi veit at går ein oppover kjem ein til toppen, snur ein og går nedover kjem ein til slutt ned i dalen eller til sjøen så kan ein gå seg vill i Hjørundfjordfjella og. Det har vore mange utrykningar for hjelpekorpset pga. dette og truleg vil det verte fleire.
Ein annan ide er å "kopiere" og vidareutvikle det dei har på Byrkjelo med "reidegardar". At ein har hestar som kan nyttast for turar ut i naturen. Dagsturar, overnattingsturar og leirar. Gardsturisme med overnatting på gard der ein skal delta i gardsdrifta. Mange er faktisk villig til å betale ein heil del for å ta med borna på landet og late dei få melke og klappe lamba.
Ting er allereide utprøvd mange stadar, og det er "berre" å kopiere og forbedre. For dei som har guts nok til å tore å gjere det. (Det ligg ikkje for meg å kunne gjere det men hadde vore fole kjekt om andre hadde våga...) Det er vel kanskje noko i retning av Jakobgarden på Bjørke?
Det er ein open gard oppe i Fyllingsdalen her i Bergen. Eg foreslo å ta med brukarane dit ein søndag. Dei andre på jobb syns det var ein dårleg ide, for der er så mykje folk at det er køgåing!!!! (for å sjå kjyr so gjenge på beite å nokre kalva....)
Det ein tek som ei sjølvfylgje er ikkje så sjølvfylgjeleg for andre.
Kanskje kan også det daglege slitet brukast som middel til framgang på andre områder - det er berre kreativiteten som set grenser.
"Spesialtilbod på Hotell Sagafjord denne helga: Eggplokking på Riise - kr.50 pr. familie, Då får ein være med å reingjere egga, og får koke og prøvesmake ett egg kvar etterpå.
Griserøkting på Moane - ta med støvlar. Her får ein være med å reingjere grisebingen og mate grisane. Kr. 50 pr familie.
Mjelking i fellesfjøsen på Tryggeset. Ta med støvlar. Kr.50 pr. familie. Prøvesmaking av varm nysilt melk innkludert."
Inntekta går til bonden.
Det verste er at folk faktisk vil delta på det og....
Men for at dette virkelig skal kunne skyte fart, må det storkapital til.
Bjørke har to potensielle og kotroversielle prosjekter som vil kreve storkapital og politisk vilje for å kunne realiseres.
Hotell på toppen av Kammen mellom Åkre og Leira og Gondolbane til Bjørkehornet. Man snakker om investeringer på opp mot 250 mill.
Bjørke kan komme til å bli et knytepunkt mellom fjord, fjell og land (vei).
Og dette er av stor interesse for utenfortående investorer. Men er det politisk vilje?
Vi som jobber med kulturen og kulturhusa jobber nå med å synligjere kor viktig det er å ha gode kulturhus og kulturtilbud på bygdene.
Kulturorganisasjonene kaller det kortreist kultur.
Naturvernerene og politikerene tur eg vil forstå dette etter kvart.
Det blir så klart mindre utslepp av at en bil med musikera og andre som skal ha konserter køyrer 4-5 mil frå Volda/Ørsta og inn til oss enn at 10-15 biler køyrer til Volda/Ørsta.
Eg trur vi vil få forståelse etter kvart for dette med kortreist kultur.
Vi treng ny aktivitet her i fjorden , vi kan ikkje berre nytte denne nydelege staden til buplass. Skal dei fleste av oss pendle i bil til Ørsta , Volda og for den del HÆrøy , kan vel problemet vårt verte at dette vert forbudt p.g.a. miljøskadelege utslepp frå trafikken til naturen på Bondalseidet og attelegene i Åmdalen.
Det er ikke lett å ta stilling til og her er mye som taler både for og mot, men er det noen som har noen formening om hvor mange arbeidsplasser man kan vente seg av slike og lignende prosjekt?
For noen år siden forsøkte man å dra i gang et opplegg med hesteskyss et sentrumsnært sted i kommunen. Man viste til Briksdalen og den suksessen de har hatt der inne. Men grunnen til suksessen er vel Briksdalsbreen og ikke hesteskyssen i seg selv?
Skal man trekke turister må man ha et salgbart produkt. Det bør ikke være kopi av et produkt som allerede er etterspurt andre steder, det vil bety tøff og kostbar konkurranse med andre aktører i markedet. Det beste er om vi kan klare å skape et unikt produkt som skaper behov/ etterspørsel hos potensielle kunder/turister og vi må få dem til å legge igjen penger.
På hotell Sagafjord hadde vi en filosofi om at det var viktig å ha turistene boende i flere netter, da tjente vi penger (forutsatt at prisen var OK). Vi anbefalte turoperatører og individuelle reisende å ta dagsturer til Ålesund, Geiranger, Vestkapp, Briksdalsbreen. Mange netter på Sæbø ga god uttelling da vi hadde minimale utgifter til vask av rom og rommene var utleid til folk som var vekke hele dagen. Vil vi at Bondalen skal bli et sted Ålesundshotellene sender gjestene sine til, eller kan vi klare å holde dem her hele dagen i flere dager ved å gi dem aktiviteter og opplevelser? Vil området være like attraktivt som nå dersom det blir for mange inngrep i naturen? Ikke godt å si.
Men jeg tror ikke man skal vente seg mange årsverk av en veistubb og en kai, isolert sett.
Kanskje det berre er dårlig argumentasjon fra eldsjelene som blir brukt, eller er det reelt?
Kanskje ei spørjeundersøking (anonym sådan) hadde vore på sin plass, for å lodde stemninga i Bondalen og områda rundt?
Eg unner både grunneigarar og utbyggjar inntekter på dette vegprosjektet, men eg spør, kva inntekter kjem inn etter at prosjektet er fullført? Er det fleire enn "Fjord 1" som vil tena pengar?
Kvifor er der ingen som kommenterer ideen min om heller veg opp frå Hustadneset? Dette ville vera mykje meir tilgjengeleg for alle slags turistar, i tillegg til at hotellet spesielt,samt campingplassar og hytteeigarar, ville kunna dra stor nytte av fleire tilbod i nærmiljøet. Er dette framlegget så borti natta at det ikkje kan diskuterast ein gong? Etter mi meining må det då vere både billegare og meir naturvennleg.
Å presentere ein god forretningside , krev veldig mykje , ikkje minst av den som skal presentere den og vere eldsjel i ei eventuell satsing. Eg synest du skal presentere din ide i ein eigen artikkel på portalen , slik at eventuelle innspel og kommentarar blir retta mot den . Dessuten må vi huske på at når vi får inn ein ny artikkel eller nyhende så blir den liggane i arkiva i portalen slik at einn seinare kan hente den fram att. Dette er svært fasinerande og interessant spør du meg.
Med vennlig helsing
Eg er også samd med Arve Svoren at det er naudsynt med ny aktivitet i fjorden. Sjølv har eg sansen for dei visjonære og "sprø" ideane. Og vi må ha fleire.
Som det har vorte påpeika tidlegare her på portalen er det likevel noko som skil Skårasal-prosjektet frå andre. Det er at det er folk som er viljuge til å bruke eigne pengar på eit vidlyftig prosjekt. Ein Skårasalveg kan ikkje vente offentleg støtte, og investorane må verkeleg tru på at dei får pengane att. Sjølv ser eg fram til analysen av prosjektet. Det vil gje eit grunnlag for å seie nei eller ja, og ikkje minst vil ein slik analyse vere viktig for å få synleggjort potensialet for eit kvart utbyggingsprosjekt i Hjørundfjorden.
Sitter ofte å lengter heim til farmen på sæbø.
Ej trur at ein veg til skårasalen vil skade meir enn den tener, tenk på kor mykje søppel folk vil dra med seg opp til skårasalen og inni naturen.
Fjellfolk e på en måte flinkere å tenke på ka dei legg igjen enn turista som berre tek bussen.
Har kjørt en god del m folk som har hørt om hjørundfjorden og som godt tenke seg dit, mest fordi der e so flott og uberørt natur.
Om det ha blitt satt opp ei gruppe som kunne fortelle folk om dalen vår utafor sunnmøre, so trur eg nok det kunne blitt nok av turista, og etter mi meining dei rette turistane for hjørundfjorden.
For der e ei fantastisk muligheit for fjellturisme og for folk å vil kome seg vekk fra byens mas og oppi i uberørt natur.
Folk flest i bergen, tar ikkje fløybana, dei går opp ikkje berre for utsikta, men for trimmen.
So ej sei det berre det slik, tenk dokke veldi godt om før det blir realisert noke veg opp i fjella våre.
Som politikerane sei, tenk på komande generasjona
det blir meir og meir bebodde områder og bil trafikk, det e jaggu godt å sjå litt dyreliv og:)