Mest vinkelrett på ryggen mellom Dalagubben og Holmshornet strekkjer det seg ei egg sørover mot Sæbø sentrum. På denne egga reiser det seg to alpine toppar. For nokre år sidan vitja eg desse flotte formasjonane på sommarstid. Minnet om den luftige klivringa og det spektakulære utsynet over Hjørundfjorden og fjella på austsida, sit framleis langt framme i pannebrasken. Dermed fekk eg ideen om å nytte det milde februarveret til å satse på ei vinterbestigning av den sørlegaste og mest markante av desse toppane - Lynghalstinden.
Min faste turkompis, Åsmund Vaage, lot seg ikkje be to gonger. Tysdag morgon (12.02.08) stampa vi oss opp frå Rise og over i Skondalen, med tunge sekkar lasta med både is- og klippeklatreutstyr. Grunna storfonna valde vi å baute oss opp ryggen på austsida av Skondalen. Deretter var det skine på sekken og stegjarna på beina opp til sjølve toppegga. Her unte vi oss ein kort rast medan vi rigga på klatreutstyret. Sola skein framleis sitt febrilske februarlys, men vinden bles kuling her. Egga er luftig, men lettklatra. Skavldanning på austsida og sva/klippe på vestsida. Vi brukte ein dryg halvtime på dei om lag 250 meterane til toppen, og om lag det same attende. Deretter barst det nate i Skondalen via ei renne med passeleg solsmelta skaresnø. Ein variert og spennande tur i absolutt fabelaktige omgjevnader!
Biletet viser ruta vår opp og ned.
Open lauvskog i overgangen til Skondalen.
På veg opp ryggen.
Biletet viser den første delen av toppegga.
Vi skimtar Åsmund på led på det andre opptaket.
Uttopping.
Nei, det finst ikkje vakrare fjord- og fjell-landskap.
Rapell.
Skikøyring ned mot Skondalen.
Kommentarar
Og det sjølv om eg hatar fjell.
Når kom så dette hatet? Sannsynlegvis i 1982, og nettopp oppe ved Lynghalstinden. Det var snakk om sauesanking, og eg skulle, heime på perm frå militæret, hente sauene våre nede frå fjellet.
Vi var ikkje heilt sikre på kvar sauene var. Vanlegvis gjekk dei denne tida på året nærmare Tua og Skardet, mot Hjørundfjorden. Men det viste seg at det hadde vore ein flott haust vermessig, og sauene hadde gått høgt til fjells.
Ettermiddagen før eg skulle gå, den same eg kom heim frå Steinkjersannan, tok eg meg ein tur til Hustad med kikkert, og speida over sida mellom Skardet og Skondalen. Og då såg eg sauene gå like over Åsen, altså rett ovanfor Sæbø.
Dagen etter gjekk eg i gang, og tenkte dette vart lett match. Eg kom opp på Åsen, men høyrde ingen bjeller. Eg tok kikkerten, og byrja å speide. Og der såg eg sauene på ein stad ingen skulle tru nokon kunne bu, rett under toppen av Lynghalstinden.
Då var vurderinga mi at eg gjekk ned i Skondalen, og følgde eit gyl mellom Lynghalstinden og Saudekråtinden for å kome over sauene. Det gjorde eg, og eg kom meg opp, rett under toppen, og ovanfor sauene.
Då sauene såg meg, berre sprang dei, skitstøvlane.
Eg tenkte eg skulle følgje etter, men såg med det same at eg stod fast. Og det var så mykje luft rundt meg på alle kantar at eg fekk heilt skjelven. Eg kasta faktisk opp, og var redd. Til slutt gjorde eg det ein ikkje skal gjere i slike situasjonar: Eg hoppa.
Heldigvis trefte eg trygg grunn bortanfor, og kunne gå ned mot Grønskredhammaren. Eg leita ei stund etter sauene, men dei var borte vekk, og eg gjekk heim. Ganske sliten kom eg heim utpå kvelden. Og kven møtte meg der rett ovanfor gjerdet mot utmarka: Dei fordømte sauene.
Sidan har eg ikkje vore i høgfjellet i Sunnmørsalpane.