Etter jul har vi arbeidd med emnet "Den store verda - himmelen over oss" og fokusert på solsystemet vårt. Vi starta med å spørje barna kva dei kunne frå før:

KORFOR ER DET DAG OG NATT? Det er for at vi skal kvile oss. Jorda gjer det slik. Nei, det er Gud og Jesus som gjer det, det er dei som bestemmer. Det er natt fordi sola drar.

KOSS SER DET UT OM NATTA? Himmelen blir svart. Nei, den blir mørkeblå. Den er lyseblå når det er morgon. Mørkeblå eller svart når det er natt. Grå når det regnar.

KORFOR ER HIMMELEN SVART OM NATTA? Fordi det er natt. Fordi stjernene skal lyse. Nokon gongar er månen og stjernene der, nokon gongar ikkje. Mars kan vi ikkje sjå, fordi den er langt borte - den er rød / oransje / rosa. Eg veit det fordi eg brukar walkie talkie / reiste dit med rakett / såg det i eit spel

No har vi arbeidd med dette i mange veker, lest i bøker og sett på data, teikna og forma og barna fortel at:

”Jorda snurrar rundt, sola står stille”, ”Når det er sommar i New Zealand, er det vinter her”. ”Sola gått ned, er det natta, sola kjem opp er det morgon”. ”Når sola skin på oss, er det natt i New Zealand. Det ligge på andre sida”. ”Sola er alle fargar, men vi ser berre gulfargen.” Det er 11 planetar med sola( som er stjerne)”.”Det første levande vesenet som var i verdsrommet, var hunden Leika!” ”Rundt Saturn er det 18 månar”.

 feb1 feb2

Styrar Hilde går på vidareutdanning i Volda og studerer "Kreativ bruk av data i barnehagen". Derfor er den bærbare maskina flytta ut til barna som bruker teikneprogrammet Tux Paint (som er gratis nynorsk programvare). Dei kan og vere med å ta bilde med digitalt kamera og laste dei ned på maskina. Etterkvart skal her kome andre leikeprogram og internett på maskina. Vi tar det langsomt, først skal program testast ut på høgskulen som del av studiet. Barna liker dataen, dei samarbeider, hjelper kvarandre og ventar på tur.

feb3 feb4

Vi liker oss godt ute, sjølv om det har vore strevsomt med mange veker med samanhangande regn som gjer sjølv dei best kledde barna våte! Heilt innpå skinnet! Å skifte klede på 25 regnvåte kalde ungar på rad, de kan tenke dykk....... Derfor er vi veldig glad når det er opphaldsver. Badestranda om vinteren er eit lite eldorado, sand - skjell - leite etter krabber og tanglopper eller kanskje ein sabeltannskatt! Ein gong i blant blir det vinter med snø - vips, vi lagar snømann.

feb5 feb6

Slike dagar er det godt å ete mat ute, Nistepakke er grei, varm mat på bål kanskje best? Iallfall meir spanande. Kapteinskvia ligg nært tilgjengeleg og byr i tillegg på badestrand, bekk og skog. Vårt eige uteområde byr på grillhus med sitjeplassar og tak over hodet og ein grei utegrill. (Og så er det veldig greitt å lett tilgang til do og byteklede....)

feb8 feb9

Elles har vi fått snikkarbud - der sagar vi, borer hol med drill og set i skruar og spikar. Nokre er meir enn nøgd med å utforske reiskapen, andre går løs på store oppgåver. Td lage kjepphest.

 

feb8feb7

Barnehagebarn har ikkje vinterferie som skuleborna, og måtte i år arbeide. Ja da, det hørest kjedeleg ut å arbeide, men denne gongen skulle leikene vaskast. Vatn og barn er ein uslåeleg kombinasjon, og mange ville hjelpe til. Vi vaskar elles med klorin - hmmm, det luktar badebasseng.

feb11 feb10

No arbeider vi forresten med New Zealand som emne og lærer oss m.a. songar frå New Zealand - på engelsk!