Dei to er for tida på ein konsertturne på Sunnmøre, og denne gongen har dei " UT MOT HAVET " som hovudtema. Det vert songar som "Vesle Daniel", "Dar kjem dampen", "Hildringstimen", og andre fine sjømannsviser.
Hjørundfjordheimen har hatt besøk av desse tidlegare og veit at vi kan glede oss til ein flott konsert. For bebuerane ved Hjørundfjordheimen er konserten gratis, men for alle som kjem på besøk kostar det kr. 50,- i inngangsbillett. Dette fordi det kostar oss ein del å ha så "proffe" musikerar på besøk. Vi vonar på fullt hus, og god stemning veit vi at det blir.
Knut Åmås.
Kommentarar