På denne adressa ligg ein interessant 126 sides rapport frå 2007:
http://www.orsta.kommune.no/getfile.aspx/document/epcx_id/987/epdd_id/530

Viktige område 1Rapporten fortel kva som er kartlagt i dei tre naturreservata og dei andre viktige områda. Hjortebeiting på alm er uttrykket som går igjen under punkta om trusselvurdering. Der er ingen formuleringar som kan tolkast slik at Hjørundfjordstien vil vere trugande for artsmangfaldet.

 

Områda strekkjer seg frå stranda og opp til på det meste 600 m høgde, ein halv meter med fottrakk kan ikkje utgjere eit trugsmål.

Barlind, gråor-heggskog kan sjå ut for å vere dei treslaga som er viktigast å skjerme når stien skal lagast.

Hekkeplass for raudlisteartane gråspett  og kvitryggspett (utheva av artikkelforfattar i teksten under) er også viktig å skjerme.

At strendene blir vurdert som viktige edellauvskogreservat vil vere eit stort pluss i marknadsføringa av Hjørundfjordstien.

Viktige område 2


 

Diverse utklipp frå rapporten:

Nedanfor er lista opp  lokalitetar i kategori A (svært viktig), B (viktig) og C (lokalt viktig). Lokalitetane er gjeve nummer frå 1 til 117.












 

(Her har artikkelforfattaren tatt med berre dei områda som ligg ved Hjørundfjorden, ikkje Norangsfjorden og indre del av Storfjorden. )

Nr. Lokalitet Naturtype Verdi
1Hjørundfjorden: Gjevenesstranda naturreservat Rik edellauvskog, gråor-heggeskog A
2Hjørundfjorden: sør for Molaupen Rik edellauvskog A
3Hjørundfjorden: Barlindneset naturreservat Rik edellauvskog A
4Hjørundfjorden: Storevika Rik edellauvskog A
5Hjørundfjorden: Trandal-Nes Rik edellauvskog B
6Hjørundfjorden: Trandalsdalen sør for Olajølet Rik edellauvskog, gråor-heggeskog C
7Hjørundfjorden: Trandalsdalen Naturbeitemark C
8Hjørundfjorden: Rønningen Rik edellauvskog A
9Hjørundfjorden: Linderemmen Rik edellauvskog A
10Hjørundfjorden: lia under Saksa Rik edellauvskog B
16Norangsfjorden: Leknes Rik edellauvskog A
33Hjørundfjorden: Hustadnes Rik edellauvskog B
34Hjørundfjorden: Skår Kalkrike område i fjellet C
35Storfjorden: Stålbergneset-Gallsteinane Rik edellauvskog B
36Storfjorden: Sævåg Rik edellauvskog B
37Storfjorden: Vuvika Rik edellauvskog B
38Storfjorden: Kvamseelva naturreservat Rik edellauvskog, gråor-heggeskog A

fargekodeI Ørsta er det kjent 8 raudlista planteartar etter den nye raudlista. Følgjande av desse er knytt til kulturlandskapet: solblom, brudespore, kvitkurle. Kvit skogfrue, barlind og alm er knytt til skog. Brunburkne er knytt til olivin/serpentin-knausar og olivinskog.

1 Hjørundfjorden: Gjevenesstranda naturreservat (edellauvskog)

Lokalitetsnummer: 1520-11001 Kartblad: 1219 IV Sykkylven UTM (EUREF 89): LQ 67 13 Høgd over havet: ca. 0-500 m Hovudnaturtype: Skog Naturtype: Rik edellauvskog, gråor-heggeskog Prioritet: A (svært viktig) Mulege truslar: Hjortebeiting på alm (naturreservat)

Undersøkt/kjelder: 04.09.1987 (Folkestad & Bugge 1988), Bugge (1993), Holtan (2003, Sykkylven-sida)

Områdeskildring

Generelt: Lokaliteten er ei vestvendt edellauvskogsli som ligg ytst i Hjørundfjorden, mellom Gjevenes i Sykkylven og Strandabøen i Ørsta. Størstedelen av lokaliteten ligg i Sykkylven. Lokaliteten er bratt med skredlaup, steinurer og mektige kløfter, og er stadvis sterkt påverka av ras.

Vegetasjon: Lokaliteten har ein god almebestand, på Ørstasida gjeld dette særleg mellom Haugelvgylet og Strandabøfonna (Folkestad & Bugge 1988). Lauvskogen har elles skog dominert av dunbjørk med mykje hassel, elles hengjebjørk og ospebestandar og litt gråor-heggeskog, særleg på ei grusvifte under Haugelvgylet. Det finnst og furu, og dessutan litt lerk.

Kulturpåverknad: Det går ei kraftline i nedre del av lia. Lokaliteten grensar mot meir kulturpåverka område ved den fråflytta strandgarden Strandabø.

Artsfunn: Det skal finnast barlind (-/VU) i reservatet, men det er uvisst kvar (Folkestad & Bugge 1988). Elles er det påvist lundgrønaks, myske, hengjeaks, sanikel, breiflangre, kranskonvall, svarterteknapp og vivendel. Artsutvalet som er dokumentert på Sykkylvensida er omfattande, Ørsta-sida er dårleg dokumentert når det gjeld artsfunn, men er truleg ikkje mykje ulik. Raudlistearten gråspett (DC/NT) er funnen her, LQ 680 130, kjelde: Oddvar Olsen.

Verdivurdering: Området er gitt verdi A (svært viktig) på grunn av dei store verdiane som er dokumentert i lokaliteten som heilskap. Det er ønskjeleg med betre dokumentasjon av Ørsta-sida.

Skjøtsel og omsyn Her gjeld forskriftene for reservatet.

2 Hjørundfjorden: sør for Molaupen (edellauvskog)

Lokalitetsnummer: 1520-11002 Kartblad: 1219 IV Sykkylven UTM (EUREF 89): LQ 679-682 106-113 Høgd over havet: 0-200 m Hovudnaturtype: Skog Naturtype: Rik edellauvskog Prioritet: A (svært viktig) Mulege truslar: Treslagskifte, hogst, fysiske inngrep, hjortebeiting på alm

Undersøkt/kjelder: 07.08.1918, Ove Dahl (belegg i Oslo), 04.09.1987 (Folkestad & Bugge 1988), Fylkesmannen i MR (1991, 1997), 26.07.2005, DH, PL

Områdeskildring

Generelt: Lokaliteten ligg søraust for den fråflytta strandgarden Molaupen og består dels av edellauvskog.

Vegetasjon: Lokaliteten har ein del større almetre i bratte berg ned mot sjøen i nærleiken av Molaupfonna. I og ved elvegjelet veks m.a. bjørk, gråor, osp, rogn og ein del alm, og mykje hassel i busksjiktet. Skogen kan i hovudsak førast til rikt hasselkratt og gråor-almeskog, men har òg innslag av gammal lauvskog (bjørkeskog). Somme stader er det godt utvikla lågurtvegetasjon i hasselkratta, med mindre flekkar høgstaude- og storbregnevegetasjon. Mykje sølvbunkeeng og store felt med krattlodnegras står att som vitner om ein tidlegare kulturpåverknad.

Kulturpåverknad: Dårlege data. Vegetasjonen tyder på tidlegare beiting. I 2005 fann Dag Holtan og Perry Larsen restar etter ein steingard og hustufter. Folk på Trandal meiner at her har vore busetnad tidlegare (kjelde: Frank Storeide).

Artsfunn: Ove Dahl har funne lundgrønaks. I 2005 vart det m.a. funne firblad, raudlistearten fuglereir (-/NT), jordnøtt, myske, ramslauk, sanikel, skogfredlaus, skogsvinerot, sumphaukeskjegg og trollurt. Elles vart det funne kystrustkjuke, lungenever og sett spettmeis. Raudlistearten dvergspett (DC/VU) finst i ospeområda, noko upresist stadfesta (kjelde: Oddvar Olsen).

Verdivurdering: Området er gitt verdi A (svært viktig) på grunn av at her er førekomst av velutvikla, rik edellauvskog med fleire kravfulle artar, m.a. fleire raudlisteartar. Ein reknar med at her er potensiale for raudlista marklevande soppartar (ikkje undersøkt). Rike hasselkratt er ein truga vegetasjonstype.

Skjøtsel og omsyn

Av omsyn til dei biologiske verdiane er det best om området i framtida får skjøtte seg sjølv.

3 Hjørundfjorden: Barlindneset naturreservat (edellauvskog, barlindførekomst)

Lokalitetsnummer: 1520-11003 Kartblad: 1219 IV Sykkylven UTM (EUREF 89): LQ 68 09 Høgd over havet: 0-600 m Hovudnaturtype: Skog Naturtype: Rik edellauvskog Prioritet: A (svært viktig) Mulege truslar: Hjortebeite på barlind og alm (naturreservat)

Undersøkt/kjelder: 07.08.1918, Ove Dahl (belegg i Oslo), 04.09.1987 (Folkestad & Bugge 1988), 22.08.1991, A.O. Folkestad (Lindmo et al. 1991), DN (1992), Fylkesmannen i MR (1997), 25. og 26.07.2005, DH, PL

Områdeskildring

Generelt: Lokaliteten ligg mellom Trandal/Lyngneset og Molaupen på austsida av Hjørundfjorden, i ei vestvendt, bratt fjordli. Glisne skogbestandar oppsplitta av juv, glatt fjell og skredlaup. Opp til 500-600 m o.h. er det ei lauvskogsli med skredmark. Heile skogen har eit konstant innslag av barlind hovudsakeleg frå havnivå og opp til 200 m o.h., men frå båt vart det sett einskilde barlindar høgare oppe i lia. I heile området vart det registrert ca. 100 barlindar (DH & PL). Berre området sør for Barlindneset vart undersøkt til fots (DH & PL), og her vart det telt ca. 50 individ. Det høgaste var 9 m med stammeomkrins 115 cm like over rotsokkelen. Andre tre hadde omkrins opp til 1,6 m. Begge kjønn er representert, og fleire tre hadde velutvikla frø. I tillegg formerer barlinda seg vegetativt. I deler av bestandet er det tydelege merke etter hjortebeite. Første belegg av barlind herifrå er samla av Ove Dahl i 1918.

Vegetasjon: Bjørk er dominerande treslag i området, med innslag av furu (Barlindneset) og alm-hassel-skog. Alm mest høgare oppe, hassel over det heile.

Kulturpåverknad: Lokaliteten er i dag ikkje nytta til beite eller andre ting, men vegetasjonen tyder på tidlegare beiting.

Artsfunn: Særleg interessant er førekomst av raudlisteartane barlind (-/VU) og kvit skogfrue (R/NT). Av andre interessante artar kan nemnast lakrismjelt (regionalt sjeldan), ramslauk, sanikel, lundgrønaks, myske, skogfredlaus, kusymre, breiflangre, kranskonvall, brunrot, krossved, fagerperikum og vivendel. I 2005 vart det funne raudlistearten fuglereir (-/NT), svarterteknapp, gullkremle (DC/-) og hasselskrubb (R/-). Raudlisteartane dvergspett (DC/VU) og gråspett (DC/NT) finst i ospeområda (kjelde: Oddvar Olsen).

Verdivurdering: Området er gitt verdi A (svært viktig) på grunn av at dette er ein av dei store barlindførekomstane i fylket, og elles har førekomstar av raudlistearten kvit skogfrue og mange andre kravfulle artar.

Skjøtsel og omsyn Her gjeld forskriftene for reservatet.

4 Hjørundfjorden: Storevika (edellauvskog, barlindførekomst)

Lokalitetsnummer: 1520-11004 Kartblad: 1219 IV Sykkylven UTM (EUREF 89): LQ 689 077 Høgd over havet: 0-400 m Hovudnaturtype: Skog Naturtype: Rik edellauvskog Prioritet: A (svært viktig) Mulege truslar: Treslagskifte, hjortebeiting på alm

Områdeskildring
Generelt: Lokaliteten ligg frå sørgrensa for Barlindneset naturreservat og sørover til Lyngneset, i ei vestvendt, bratt fjordli med edellauvskog og barlind.

Vegetasjon: Bjørk er dominerande treslag i området, med innslag av osp og alm-hasselskog. Somme stader er det godt utvikla lågurtvegetasjon i hasselkratta.

Kulturpåverknad: Lokaliteten er i dag ikkje nytta til beite eller andre ting, men vegetasjonen tyder på tidlegare beiting.

Artsfunn: Særleg interessant er førekomst av raudlistearten barlind (-/VU), som her står på si innergrense i fylket, sjølv om det berre vart sett nokre få tre omkring 200 m høgd. Av andre interessante artar kan nemnast breiflangre, fagerperikum, raudlistearten fuglereir (-/NT), krossved, kusymre, kystgrisøyre, liljekonvall, myske, skogfredlaus, svarterteknapp og vivendel. Av sopp vart m.a. gullkremle (DC/-) og hasselskrubb (R/-) funne. Noko overraskande vart også dei uvanlege regnskogsartane sølvpærelav Pyrenula laevigata (-/NT) og vanleg rurlav Thelotrema lepadinum funne på hassel. Den raudlista dvergspetten (DC/VU) vart også observert, og hol i osper er det truleg han som har laga.

Verdivurdering: Området er gitt verdi A (svært viktig) på grunn av at det er ein edellauvskog med barlind (raudlista i høgare kategori) og fleire andre raudlisteartar. Ein reknar med at her er potensiale for raudlista marklevande soppartar (ikkje undersøkt). Rike hasselkratt er ein truga vegetasjonstype.

Skjøtsel og omsyn Av omsyn til dei biologiske verdiane er det best om området i framtida får skjøtte seg sjølv. Lokaliteten kunne ha vore ein naturleg del av barlind-reservatet (sjå Barlindneset naturreservat), og ein bør vurdera ei utviding av dette ved høve.

5 Hjørundfjorden: Trandal-Nes (edellauvskog)

Høgd over havet: 25-ca. 200 m
Hovudnaturtype: Skog
Naturtype: Rik edellauvskog
Prioritet: B (viktig)
Mulege truslar: Treslagskifte, skogbruk
Undersøkt/kjelder: 01.08.1918, Ove Dahl (belegg i Oslo), 04.09.1987 (Folkestad & Bugge 1988), (avstandsbetrakta 06.07.2005, JBJ)

Områdeskildring

Generelt: Lokaliteten ligg mellom Trandal og Nes på austsida av Hjørundfjorden, i ei sørvestvendt, bratt fjordli. Lia er utsett for ras, og har mest lågvaksen og noko glissen hasselskog, og flekkar med open steinur. Området er undersøkt av Ove Dahl i 1918.

Vegetasjon: Bjørk, gråor, selje, osp og hassel er dominerande treslag. Hassel er stadvis godt utvikla. Det finst og alm, furu og hengjebjørk.

Kulturpåverknad: Lokaliteten er i dag ikkje nytta til beite, men har vore sterkt beita tidlegare (jf Folkestad & Bugge 1988). Veg mellom Trandal og Nes går i nedkant.

Artsfunn: Ove Dahl har samla kusymre, skogfredlaus, lundgrønaks, vivendel og skogsvingel (sistnemnde oppgjeve som "Nes, Mohlaup", dette kan tyda at arten vart funnen begge stader).

Verdivurdering: Området er gitt verdi B (viktig) på grunn av at her er ein edellauvskog med hassel og nokre kravfulle planteartar.

Skjøtsel og omsyn Det beste for naturverdiane vil vera å la skogen få stå i fred for inngrep. Beiting har forma vegetasjonen i lang tid og burde ideelt sett halda fram.

8 Hjørundfjorden: Rønningen (edellauvskog)

Høgd over havet: 0-100 m
Hovudnaturtype: Skog
Naturtype: Rik edellauvskog
Prioritet: A (svært viktig)
Mulege truslar: Treslagskifte
Undersøkt/kjelder: 31.07.1918, Ove Dahl (belegg i Oslo), 04.09.1987
(Folkestad & Bugge 1988), Fylkesmannen i MR (1997), 26.07.2005, DH, PL

Områdeskildring
Generelt: Lokaliteten ligg i ei sørvestvendt li i Hjørundfjorden sør for Rønningen, som er sørlegaste bruket i Trandalsbygda.
Vegetasjon: Lokaliteten er ein stor, homogen hasselskog med godt utvikla og rik lågurtvegetasjon. Elles finst bjørk, hengjebjørk og selje som splittar opp hasselskogen. Ove Dahl har samla lind i området i 1918.
Kulturpåverknad: Folk busette på Trandal kan fortelle at det over og vest for området tidlegare har vore beite-og slåtteenger. Plantelivet i hasselskogen tydar likevel på låg kulturpåverkad i nyare tid.
Artsfunn: Det er notert myske, skogfredlaus, hengjeaks, myskegras, storklokke, brunrot og vivendel. Ove Dahl har samla lind, lundgrønaks og skogfaks her. I 2005 vart det m.a. funne breiflangre, jordnøtt, kransmynte, lundgrønaks, myske, sanikel, skogfredlaus og skogsvinerot.
Verdivurdering: Området er gitt verdi A ( svært viktig) på grunn av at det er den største og best utvikla hasselskogen i Hjørundfjorden. Potensialet for funn av sjeldsynte eller raudlista soppar vurderast som stort.

Skjøtsel og omsyn Det beste for naturverdiane vil vera å la skogen få stå i fred for inngrep. Treslagskifte til bartre, og flatehogst vil vera uheldig.

9 Hjørundfjorden: Linderemmen (edellauvskog)

Høgd over havet: 0-200 m Hovudnaturtype: Skog Naturtype: Rik edellauvskog Prioritet: A (svært viktig) Mulege truslar: Treslagskifte, hjortebeiting på alm

Undersøkt/kjelder: 22.08.1974, Harald Korsmo (Korsmo 1975), 04.09.1987 (Folkestad & Bugge 1988), Fylkesmannen i MR (1997), 26.07.2005, DH, PL

Områdeskildring
Generelt: Lokaliteten ligg i ei bratt, sørvestvendt liside ned mot Hjørundfjorden mellom Trandal og Leknes. Lokaliteten er særleg interessant fordi han er ein av dei få i fylket med naturleg lindeskog, og dermed ein av dei nordlegaste lindeskogane i verda. Lindebestanden ligg mellom to skredfar og er ca 2 dekar ifølgje Korsmo (LQ 714 033, ED50, 30-80 m o.h.), og avgrensa av rasmark og bjørkeskog. Trea er opptil 300 liter og opptil 10-12 meter høge. Linderemmen er kjent med herbariebelegg heilt frå 1882 (Oslo).

Vegetasjon: I denne lia som heilskap er osp, bjørk og hassel dominerande treslag. Det er eit konstant innslag av alm i heile lia, og i øvre delen finst eit større "reinbestand". Sjølve lindelokaliteten består av raspåverka lindeskog med innslag av hassel, alm, osp og bjørk. Området rundt har rasmarker og bjørkeskog.

Kulturpåverknad: Truleg liten.

Artsfunn: Det vart m.a. funne myske, lundgrønaks, vivendel, svartburkne, liljekonvall, breiflangre, fagerperikum, kranskonvall, brunrot, fingerstorr, myskegras, storfrytle og krattlodnegras (Korsmo 1975). I 2005 vart det m.a. funne jordnøtt, krossved, lundgrønaks, myske, sanikel, skogfaks (LQ 7145 0292), storklokke og vivendel. Elles vart den raudlista prydhetta (R/-) funne på hassel (LQ 7134 0284). Ein større førekomst av sølvnever på daud selje vart også funne same stad. Raudlistearten gråspett (DC/NT) finst i ospeområda (LQ 710 035, 1998, kjelde: Oddvar Olsen).

Verdivurdering: Området er gitt verdi A (svært viktig) på grunn av at det er ein rik edellauvskog med lind, ein av dei nordlegaste samanhengande lindeskogane, og ein av få lokalitetar med lind i fylket, og elles med ein del kravfulle artar. Potensialet for funn av sjeldsynte eller raudlista soppar vert vurdert som stort. Eventuelle artar knytt til lind vil vera særleg interessante å undersøkja. Slike artar vil her kunne ha nordgrense.

Skjøtsel og omsyn Av omsyn til dei biologiske verdiane er det best om området i framtida får skjøtte seg sjølv.

10 Hjørundfjorden: lia under Saksa (edellauvskog)

Høgd over havet: 0-300 m
Hovudnaturtype: Skog
Naturtype: Rik edellauvskog
Prioritet: B (viktig)
Mulege truslar: Treslagskifte
Undersøkt/kjelder: 04.09.1987 (Folkestad & Bugge 1988)  

Områdeskildring Generelt: Lokaliteten ligg i ei bratt, vest-sørvestvendt liside ned mot Hjørundfjorden mellom Maradalen og Leknes. Det er ei beiteprega lauvskogsli
Vegetasjon: I denne lia som heilskap er bjørk og hassel dominerande treslag. Det er eit konstant innslag av alm i øvre del av lia.
Kulturpåverknad: Beiteprega, særleg i sørlege delen mot Leknes (geitebeite, no opphøyrt).
Artsfunn: Dårlege data.
Verdivurdering: Området er gitt verdi B (viktig) på basis av ei noko sparsam skildring av Folkestad & Bugge (1988), men dei solvendte liene i Hjørundfjorden er generelt artsrike og verdifulle. Verdien kan bli sett høgare ved betre undersøkingar.

Skjøtsel og omsyn Av omsyn til dei biologiske verdiane er det best om området i framtida får skjøtte seg sjølv.

33 Hjørundfjorden: Hustadnes (edellauvskog)

Høgd over havet: ca. 0-200 m
Hovudnaturtype: Skog
Naturtype: Rik edellauvskog
Prioritet: B (viktig)
Mulege truslar: Treslagskifte, hjortebeiting på alm
Undersøkt/kjelder: 04.09.1987 (Folkestad & Bugge 1988), Fylkesmannen i MR (1997)

Områdeskildring Generelt: Lokaliteten ligg like sør for Hustadnes ved Sæbø, i ei bratt, austvendt li ned mot Hjørundfjorden. Alm står heilt frå toppen og ned til fjorden. I nord grensar lokaliteten til beitemark. 5,5 dekar er verna gjennom kommunal reguleringsplan.
Vegetasjon: Lokaliteten består dels av storvaksen almeskog. Elles er det innslag av hassel, bjørk, osp og gråor.
Kulturpåverknad: Dårlege data. Grensar mot beitemark i nord.
Artsmangfald: Ingen data ut over treslag.
Verdivurdering: Området er gitt verdi B (viktig) på grunn av at det er ein lokalitet med rik edellauvskog med godt utvikla tresjikt av alm.

Skjøtsel og omsyn: Ein bør unngå større inngrep som omfattande vedhogst og treslagskifte. 

38 Storfjorden: Kvamseelva naturreservat (edellauvskog)
Høgd over havet: ca. 0-300 m
Hovudnaturtype Skog
Naturtype
: Rik edellauvskog, gråor-heggeskog
Prioritet
: A (svært viktig)
Mulege truslar
: Hjortebeiting på alm (naturreservat)
Undersøkt/kjelder: 04.09.1987 (Folkestad & Bugge 1988), Bugge (1993), Fylkesmannen i MR (1997), (avstandsbetrakta 21.07.2005, JBJ)

Områdeskildring Generelt: Lokaliteten ligg nord for Finnes i Storfjorden. Det er ei søraustvendt lauvskogsli med store alme- og hasselbestandar. I sør er det gråorskog på ei austvendt grusvifte. I skredrennene er det bjørk-, hassel og gråorskog, med innslag av selje og rogn.
Skjøtsel og omsyn Her gjeld forskriftene for reservatet. Planta gran bør fjernast.
Sjå lovteksten

(Ikkje plass til meir i denne artikkelen. Les resten her.)