Juryen består av;

Per Urke,
Kari Stokke,
Kjell-Johan Aarseth,
Sølvi Britt Skylstad,
Alf Ole Aarseth (juryleiar)  

Utgangspunktet mitt for danning av juryen var å få ein balansert samansetning av alder og kjønn, samstundes som det var personar som fyl godt med på kva som skjer på Portalen. Her er ein liten presentasjon av kvar enkelt:  

Per Urke, 64 år

Per Urke  

Per Urke, f. 1943 på Urke og voks opp i Ramogarden. Har vore lærar i Haram, Spjelkavik og Åse skular i Ålesund. Rektor ved Åse skule til 2006. Fersk pensjonist.Skriv ein del på Portalen frå Urke og Norangsfjorden. Skriv og til Årboka for Hjørundfjord sogelag. Her er Per Urke med barnebarnet Sondre.

  

Kari Stokke, 43 år

Kari Stokke  

Kari Stokke, f 1964, gift med Jørund Mo.To gutter: Fredrik Johan 8 år. Jørgen Andreas 10 år. Bor på Tryset, ca. midt i Bondalen. Født og oppvokst i Fana (Hatlestad), sør for Bergen. Min far Andreas er fra Pe-garden på Stokke og min mor er fra Stryn.

Flyttet til Sæbø i 1992. Utdannet Diplomøkonom fra BI.  Har tidligere jobbet på Hotell Sagafjord i 6 1/2 år (resepsjonssjef og daglig leder). Er nå nyansatt konsulent ved Høgskulen i Volda.

  

Kjell-Johan Aarseth, 34 år

kjell_johan_og_jenny  

Kjell-Johan Aarseth, f 1973. Er nok kjend for mange Portal-lesarar då han står bak den populære julekalenderen frå både 2006 og 2007. Utflytta Bondaling frå Kvia på Årseth. Er gift med Anne og har ei dotter, Jenny på 2 år. Bur  no i Haugesund og jobbar som webutviklar i Hatteland Computer.  Her er Kjell-Johan med dottera Jenny i fullt arbeid med nissekonkuransen før jul :)

     

Sølvi Britt Skylstad, 64 år

Sølvi Britt Skylstad  

Sølvi Britt Skylstad f.1943 i Ålesund med foreldre fra Riise og Skylstad. Er gift og har tre barn, Johannes, Elisabet og Haakon Skylstad Tynes.
Er søskenbarn med den nyleg avdøde kjende diktaren Marie Takvam. Sølvi er adjunkt (fag: engelsk, tysk, pedagogikk, musikk) på Aspøy skole der hun lærer utenlandske barn norsk.
  

Alf Ole Aarseth, 42 år (juryleiar)

alf ole   

Alf Ole Aarseth, f 1965. Er eldre bror av Kjell Johan og dermed også frå Kvia på Årset i Bondalen. Flytta til austlandet i 1990, og er no busett i Drammen. Er gift med Kirsten og har 2 born; Oda 13 år og Anders 11 år. Har utdanning frå Norges MarkedsHøgskule (BI) og jobbar i energiselskapet Hafslund i Oslo, har ansvaret for ressursstyring i selskapet Hafslund Sikkerhet Privat.    

 

Bakgrunn for kåringa.

Det var som nevnt lett å svare ja til å være med på denne kåringa, sjølv om det er ei vanskeleg oppgåve. Det er utruleg mykje bra lesestoff på Portalen, så alle i juryen har vore enige om at det å plukke ut nominasjonar måtte gjerast på ein slik måte at ein fekk med breidda i type reportasjar både når det gjeld innhald og temaer. Me kunne ikkje nominere artiklar som jurymedlemar har lagt inn, pga inhabilitet, berre så det er sagt

Me har valgt ut innslag av både korte og lange artiklar, reportasjar som er prega av flotte bileter, artiklar som har snert av humor, artiklar med historisk snitt, artiklar som set søkjelyset på noko, artiklar som har skapt debatt, artiklar som har mange treff og kommentarar, og artiklar som skil seg litt frå det vanlige.
Me har også vore opptatt av å få med artiklar frå fleire aldersgrupper, både unge og eldre skribentar, kvinner og menn, slik at ein fangar opp interessene til dei fleste av Portalens lesarar.

Inndeling i kategoriar.

Det er stor breidde i artiklane som vert lagt inn på Portalen, det var difor naudsynt å dele inn i fleire kategoriar før me skulle foreta nominasjonane.Juryen har bestemt seg for følgande inndeling; 

  1. Årets Reportasje (åpen klasse)
  2. Fjell og Natur
  3. Folk og Samfunn
  4. Reisebrev og Turopplevingar

Det vert nominert 10 artiklar/reportasjer i kvar kategori, og det vert då ein premievinnar i kvar klasse. Premiane som skal fordelast er organisert av Styringsgruppa og er; 

- Middag for 2 på Rekkedal Gjestehus

- Gåvekort på kr 500 frå Ose & Aarseth + T-skjorte

- Gåvekort på kr 500 frå Ose & Aarseth + T-skjorte

- Bag med diverse fritidsutstyr frå Sparebank 1 Ørsta/Volda  

 

Eg vil gjerne nevne at både me i juryen og folk flest elles nok er av den oppfatning at det ikkje er kåring med premiering som først og fremst motiverar folk til å skrive på Portalen. Eg trur dei fleste som skriv på Portalen gjer det fordi dei har lyst og at det er morosamt, og heller ikkje fordi folk flest som les forventar høgt nivå på artiklane som vert lagt ut.
Samtidig er det stimuli for dei fleste å få anerkjennelse for det ein gjer, ikkje først og fremst på grunn av premiering, men fordi det ein gjer vert lagt merke til av andre.
Difor er det å håpe at ei slik kåring også kan bidra til at endå fleire tek skrittet og legg ut stoff på Portalen. 

Resultatet

Resultatet av kåringa kjem i ein eigen artikkel på Portalen i morgon laurdag 16/2. Ingressbiletet har ingenting med kåringa å gjere, det var berre eit slikt fint motiv J Så følg med vidare i morgon folkens;  ”sjå kva som skjer” !