Det er sikkert mange "gamle" datamaskiner på Ørsta kommune sitt lager som er bra nok til å ha på Sæbø. Biblioteket har alt internettsamband, men berre for tilsette. Alt som trengs er å leggje til fleire PC'ar.
No, når eg skal reise "til byen" for å handle, reiser eg rett forbi både Sæbø og Ørsta og heller inn til Volda sentrum. Der kan eg både handle og sjekke eposten min. Om det var internett på biblioteket ville eg heller være på Sæbø bibliotek på opningskveldane.
NB - Tussa greia ikkje å gje meg samband p.g.a. at eg ligg "bakom fjellet" på Trandal så og seie.
Dette kan også tiltrekke ungdom og andre til å bruke biblioteket meir.
Takk, .. og orsaka meg.. (12.03.2008 kl. 23:04)
Takk til Unn Frøland! Ja, du har rett. Jodå, eg misforsto heilt kva han Ivar Svein meinte.
Men eg trur ikkje biblioteket heller treng å kjøper inn nye datamaskiner. Eg forsto at dei finst no "på lager" einkvan plass i kommunen. Og abonementet har biblioteket alt på plass. Dvs det vert liten instalasjonskostnadar. Kanskje IT-teknikkeren trengst berre "klar" signalet?
AmerikaPer : - )
Ta ein telefon til Ørsta biblioteket!. (10.03.2008 kl. 19:24)
For å masa enno litt meir:
OM KANSKJE det er dei som VIL ha gratis PC-anlegget på Sæbø biblioteket, so må dei berre ta seg ei telefonprat med Ørsta biblioteket og melde ifrå!
70 04 55 20
Måndag til torsdag kl. 12 - 19
Fredag og laurdag kl. 11 - 14
AmerikaPer : - )
Ut av skapet?.. (10.03.2008 kl. 19:07)
Jo,..eg tenkjer ca. 125% of Trandalingane veit kven AmerikaPer, AmerikaEivind, og Amerika Ellen er,.. og kanskje også kjenner til han Amerika Olav? (Ja, og Gunvor og Alma med?)
Nei, eg har svært lite privat "skap-plass" oppe med meg å gjøyme meg bort inni.
Men internett samband det FINST ikkje!..
AmerikaPer : - )
Der misforstod du (09.03.2008 kl. 09:29)
Det var nok ikkje slik Ivar S meinte det. Eg foreslår at så lenge ikkje "Amerika-Per" kjem ut av skapet så legg vi denne tråden daud!
Unn Frøland
Bærbare datamaskin.. (08.03.2008 kl. 20:42)
Javel, ..å kjøpe inn maskin og betale for abonementet,.. ja, det var og EIN løysning!
MEN, men.. eg trur ikkje eg kjem til å kjøpe ein bærbare maskin + abonnement v/Tussa berre for å ta meg ein tur til Sæbø ferjakai ein gong iblant å sjekke eposten. Nei, det er mykje lettare å reise rett FORBI Sæbø og inn til storbyen Volda eller Ålesund. Der får både skattebetalerer og "flyktingane" bruke maskiner heilt gratis.
Forresten,.. både bibliotekar og IT-teknikkaren sa at dette ER INGEN PROBLEM,.. berre folk melde ifrå sine intressa vedk. PC på Sæbø.
Ta ein telefon til Ørsta biblioteket!
AmerikaPer : - )
Nettet ligg klart også. (24.02.2008 kl. 14:19)
Det trådlause nettet til Tusssa som dekkjer fergekaia fungerer sikkert på biblioteket også. Så her er det kun å kjøpe inn maskiner og å betale for abonementet, utan dyre instalasjonskostnadar.
Ivar Svein Mo
Internett på biblioteket (24.02.2008 kl. 12:28)
Glimrande ide! Treng for så vidt ikkje vera så mange maskiner, eit par skulle vel halde. Her er plass nok i det som tidlegare mykje vart brukt som møterom.
Kari Hame