Eg vil her legge fram argument for å tilrettelegge ein tursti frå Hundeidvik langs stranda til Trandal og Leknes, frå Stennes til Viddal, og ein etappe frå Finnes via Skår til Hustadneset. Tiltaket er drøfta med fleire hjørundfjordingar, og ingen har sterke innvendingar. Aktive folk i turistforeninga har heller ikkje avvist dette som eit umulig prosjekt.

hjfjsti

Hjørundfjorden rundt
Hjørundfjorden rundt er eit omgrep for dei sprekaste av fjellfolka, det er mest lokale entusiastar som har prøvd seg på rundturen som går over skar og fjelltoppar, med mange tusen høgdemeter og skredfare. Berre unntaksvis er denne fjellruta i kontakt med sjølve fjorden. Den kan aldri bli ein folkeklassiker. Difor treng vi ein lettgått fjordsti nesten utan høgdemeter. Enkelte passasjar må kanskje svinge 50 m opp i lia for å unngå flog, men det bør vere ein bortoversti, for det er mangelvare på Sunnmøre.

Unikt i verdssamanheng
Spør du ein asiat eller amerikanar om kva han tenker på når han høyrer om Norge, så svarer dei med to ord: Vikings, fjords. Dei kjem i tusentals for å sjå på fjordane våre, i bussar, turistskip og bilar. Dei fleste norske fjordar har bilveg langs strendene, men der likar ikkje fotturistar å vandre. No kjem økoturismen for fullt, og då vil Hjørundfjorden stille svakt med heliskiing og bilveg til Skårasalen. Hjørundfjordstien ville bli eit unikt tilbod til fotturistar, ikkje berre i Norge, men i verdssamanheng.

5 dagars tur
Det er ikkje mange turistar som ligg meir enn ei natt når dei besøker Hjørundfjorden. Den kjappe ferjeturen mellom Leknes og Sæbø gir eit altfor kort gløtt. Med overnattings- og serveringsmuligheit i kvart grendelag ville ein kunne tilby eit fabelaktig ferieopphald i Hjørundfjorden. Dei fleste fotturistane ville trenge 5 dagar frå Hundeidvik til Sæbø, og legge att fleire tusen kroner i mat og seng. Naturlege nattestopp ville vere på Trandal, Leknes/Norangsfjorden, Viddal/Bjørke/Finnes, kanskje på Skår, og siste natta på Sæbø.

Kva finst i andre deler av verda?
Eg har gått stien på sørsida av Vest-Kreta. Den går langs havet frå grend til grend, og i alle grendene får du rom for natta og sjølsagt servering på den lokale tavernaen. Ryggsekkane kan sendast på rutebåten. I grenda Loutro vil dei ikkje ha bilveg nettopp fordi dei då vil miste sitt unike preg, og dermed også fotturistane. Men på Kreta er ingen fjordar, det har vi berre i Norge.

loutro

Kva finst i andre deler av Norge?
Ser du på rutekartet til Den Norske Turistforening, så er 99,9 % fjell- og motbakketurar,  ingen ruter går langs ein fjord. Til og med den såkalla 'Fjordruta' på Nordmøre held seg langt ifrå fjordstrendene. Geirangerfjorden har mange spennande stiar, men dei går stort sett rett opp og ned, dei er usamanhengande, og det er for bratt langs strendene til å anlegge sti. Langs ei skikkeleg fjordrute skal det lukte tang, og ein må kunne stoppe og fiske eller ta ein dukkert nesten kvar som helst.

Topografisk ideell fjord.
Hjørundfjorden har steile tindar, men langs strendene er det berre mellom Høydalen og Standal at det er flogbratt. Langs resten av dei veglause strendene vil det vere mulig å trakke til ein halvmeter slik at skosålane ikkje vrir seg for mykje. Rett nok vil ein treffe små hamrar, gjøl og elvar som vil vere ei utfordring, men det er nettopp slike passasjar som set ein ekstra spiss på turen. Nokre små naturinngrep for å sikre utsatte passasjar må til. I all hovudsak bør stien ha minimalt med stigning, det bør vere fjordnært slik at ein kan ringe etter båtskyss dersom nokon skulle få problem, eller regnskurane skulle bli for harde.

motviddal

Dyre- og fuglelivet.
Oter (slentr), hegre og andre fugleartar vil kunne bli forstyrra av trafikken på ein slik sti. Ein må difor samrå seg med fagkyndige for å ikkje legge råsa rett ved dei viktigaste hekke- og buplassane.

Tursesong og skredfare.
Hovudsesongen for fotturistar i fjellet er frå juli til september. Ein fjordsti vil ha ein dobbelt så lang sesong. Sjøl om ein måtte henge opp skilt med åtvaring mot snøras til langt ut i mai, så vil sesongen om hausten vare til lenge etter at nysnøen bremsar fjelltrafikken. Mai – november vil bli hovudsesongen.

Mellom Viddal og Stennes

Kostnad og dugnadsinnsats.
Dugnadsinnsatsen vil bli avgjerande, og det er snakk om tusentals timar. Det er utruleg kva som har vore laga på dugnad; i Utladalen har 1500 dugnadsdeltakarar bygd vegen inn til Vetti. Den vart så god at den kan syklast. Om dugnadsinnsatsen kjem opp mot dette, får ikkje fjorden billigare reiselivsprosjekt. Hyttevertar kan invitere turistar til stiryddingsferie. Eg trur dei vil betale for å få lov til å vere med å anlegge stien.

utladugnad

Dei ulike turlaga og trimgruppene på Sunnmøre kan inviterast til dugnadshelger. Kanskje kan kvart turlag adoptere kvar si strekning, og ta ansvar for vedlikehald? Seniorgruppa til ÅST kunne utfordrast til å lage (enkle overbygde?) rasteplassar. Skuleklasser treng den trimmen som ligg i beitesaksklipping i ulendt terreng. Ørsta Stål og Tussa vil kunne yte litt til sikringsarbeidet. Det vil vere trong for proff skilting.

Skogrydding.
Den største utfordringa før stien er etablert vil vere å rydde skogkratt. Det kryr med flott i strandskogane, så ein bør unngå at greinene heng nedover stien i alt for stor grad.

jungel

Etappar.
Det vil vere naturleg å bygge ut Hjørundfjordstien i etappar. Første runde kunne vere strekningane Hustadneset - Skår, og frå Leknes til Trandal. Dermed ville ein få erfaring både med gjennomføring og bruk. Kunne ein få til desse strekningane på 2-3 år, så er ein skikkeleg i gang.

Motforestillingane
-er sikkert mange. Utmarks- og jaktinteresser? Skredfaren? Trakk på innmark? Ansvarsforhold? Ulykker? Vil dei ulike bygdelaga få eit eigarforhold til stien? Kven kan stå som leiar for å gjennomføre eit slikt prosjekt?


Helge Standal