Picture1

Eiksundtunnelen ligg der, og ventar han på turistar til Hjørundfjorden?

 

 

Når ein diskuterer utvikling i Hjørundfjorden, er det lett å tenkje berre på saker som direkte vedkjem fjorden. Eg vedgår gjerne at eg oftast tenkjer slik sjølv. Av og til er det likevel grunn til å sjå utover, og sjå om dei store regionale prosjekta også er viktige for oss.

Hurra!

Vi har den siste tida hatt friske innlegg og friske debattar om utvikling av næring i Hjørundfjorden. Det har vore gode debattar, og det har vore nye og flotte innspel.

I eit slikt perspektiv synest eg det er viktig også å glede seg over at Eiksundsambandet no opnar. Vi bør rope hurra.

Eiksundsambandet er sjølvsagt ikkje eit Hjørundfjord-prosjekt, men likevel er vegsambandet viktig for Hjørundfjorden og utviklinga her.

Vel timen til Runde

Det gjeld først og fremst innan reiseliv. Heilt overordna har vi fått ein link mellom fjord og kyst vi ikkje har hatt tidlegare. Utan å tenkje på ferjetider, har vi fått eit samband som gjer at magiske opplevingar i fjord og fjell kan koplast mot det utrulege vakre fuglelivet på Runde. Vi har fått ei kopling mellom tøffe og røffe hamrar, ski og snø - mot havet, vind og strand på Flø. Kontrastane er fullkomne, og dei kan oppsøkjast ferjefritt med ei reisetid på vel timen.

IMG_2327

Anton Sæbønes er på det djupaste punktet i tunnelen, 287 muh,  på prøveturen den 16. februar. Han vart invitert med fordi han er ein vegvesen-veteran.

Gode kontaktar

Det er allereie gode kontaktar mellom ytre og Hjørundfjorden, kanskje spesielt mellom Sæbø og Herøy. Det er mange herøyværingar som har sitt ferieparadis på Sæbø, anten det er på Hjørundfjord Camping eller Bondalselva Camping. Også for Bondalseidet er Eiksundsambandet positivt. Fleire vil kome frå ytre og bruke både bortover- og nedoverski.

Viss vi handlar rett, kan vi utvikle endå fleire samarbeid og kontaktar. I turismesamanheng er det lett å tenkje utlandet. Vi vil gjerne at vi skal verte oppsøkte av tyskarar, japanarar, svenskar og amerikanarar. Det er også eit ynske eg har, men vi må ikkje gløyme at i reiselivssamanheng i Noreg er nærturisten den viktigaste. Det er nærturisten som legg att flest kroner.

 

 

 

Pengane er dei same

Berre spør Rekkedal Gjestehus, Christian Gaard og Sagafjord Hotell kvar pengane kjem i frå. Eit unnatak er sjølvsagt Union Hotell som har fått ein unik posisjon, men likevel trur eg dei fleste pengane som vert lagt att på Øye er frå Noreg.

Difor er Eiksundsambandet umåteleg viktig for å byggje opp ein base for reiselivssatsing. Vi har fått ein marknad som alt er kjend for oss mykje nærmare.

Kvivsvegen

Det neste store regionale prosjektet er Kvivsvegen. Kvivsvegen er ei openberring for Storfjorden. Det vil ta halvtimen å kome seg frå Bjørke til Stryn, og Storfjorden er med eitt i ein rimeleg pendlaravstand til ein større stad. Frå Sæbø til Grodås vil det verte fire mil ferjefritt. Utruleg. Kvivsvegen vil gje oss endå større mulegheiter innan reiseliv.

Då vil Hjørundfjorden med eitt liggje midt mellom breen og fuglefjellet. No er det Geiranger som er fjorden i mellom. Kanskje vert det Hjørundfjorden som vert sett på fjorden midt i mellom. Og då handlar det både om den utanlandske og norske turisten som vil oppleve både bre, fjord og kyst.

Dette er mulegheitene, og dette er utfordringa.

Viss vi ynskjer at Hjørundfjorden skal verte eit reiselivsmål,  må vi vidare våge å ta diskusjonane. Er det Skårasalvegen eller Hjørundfjordstien, eller begge deler. Er det nye hotell, eller hytter, eller kanskje begge deler. Er det økoturisme, geoturisme eller dieselturisme, masseturisme, eller turisme for dei rike. Vil vi ha bussturisten frå Hedemark, fotturisten frå Larsnes eller lorden frå England? Eller begge deler?

 

 

Den diskusjonen får vi ta. I mellomtida: Hurra for Eiksundsambandet. Hurra for Kvivsvegen, og hurra for dei som har arbeidd desse prosjekta fram.

  

Rune Sæbønes

Medlem i styringsgruppa

Hjørundfjord bygdemobilisering