Etter at dei gjekk til angrep på Ole Ragnar Riise sine ved fotballvegen. Flytta han dei fram til fjøsen. Då slo dei til mot Askjell sine ved rampa.

Etter  at dei vart berga, fylgde dei etter til Ole Ragnar sine att. Det var ikkje lenge før det var hol i hol.

Angripne rundballar.

Hadde dei endå ete ein og ein då!

Det vart prøvd med radio og anna skræmsel, men til liten nytte. Dei flytta seg berre litt når ein gjekk utav traktoren. Svært mange kalvar og ungdyr trass i at det vart felt 16 dyr på Rise i haust.

Dei står på lur.

Dei gjekk berre litt vekk medan dei venta på å få fred med ballane. Dessverre litt uklart bilete på frihand.

Eg ba Johan Hjellen om å ta ei teljing. Dette vart gjort i går kveld med fylgjande resultat.

Rekedal 2, Tryset 2, Villane 7, Årset 10, Stokke 4, Kvistad 20, Hustad 26, Moane 20, Sæbø 7, Årskog 1, Aklestad 13, og Rise 40. Tilsaman 152.

Ikkje lovande for neste års avling, spør du meg.

Det må takast ut meir dyr enn haustens gode resultat. Stammen er alt for stor for oss som skal leve av jordbruk.

Rundballane er no sikra, og må nok sikrast betre til neste år. Dei som er skada vert fora så fort som råd er.

Dagfinn jeger 07

Fleire av Dagfinn Hoems kaliber må til skogs skal ikkje dette ende med  reine storplaga, eller at ein hard vinter tek ut  mesteparten.

Eller kanskje må bøndene "håpe" på på ein epedimi. Den kan snart vere her!