Etter at dei gjekk til angrep på Ole Ragnar Riise sine ved fotballvegen. Flytta han dei fram til fjøsen. Då slo dei til mot Askjell sine ved rampa.
Etter at dei vart berga, fylgde dei etter til Ole Ragnar sine att. Det var ikkje lenge før det var hol i hol.
Hadde dei endå ete ein og ein då!
Det vart prøvd med radio og anna skræmsel, men til liten nytte. Dei flytta seg berre litt når ein gjekk utav traktoren. Svært mange kalvar og ungdyr trass i at det vart felt 16 dyr på Rise i haust.
Dei gjekk berre litt vekk medan dei venta på å få fred med ballane. Dessverre litt uklart bilete på frihand.
Eg ba Johan Hjellen om å ta ei teljing. Dette vart gjort i går kveld med fylgjande resultat.
Rekedal 2, Tryset 2, Villane 7, Årset 10, Stokke 4, Kvistad 20, Hustad 26, Moane 20, Sæbø 7, Årskog 1, Aklestad 13, og Rise 40. Tilsaman 152.
Ikkje lovande for neste års avling, spør du meg.
Det må takast ut meir dyr enn haustens gode resultat. Stammen er alt for stor for oss som skal leve av jordbruk.
Rundballane er no sikra, og må nok sikrast betre til neste år. Dei som er skada vert fora så fort som råd er.
Fleire av Dagfinn Hoems kaliber må til skogs skal ikkje dette ende med reine storplaga, eller at ein hard vinter tek ut mesteparten.
Eller kanskje må bøndene "håpe" på på ein epedimi. Den kan snart vere her!
Kommentarar
Dette kan ikkje forsette slik.
Dei yngre dyra lærer av dei voksne så det blir berre verre og verre for kvar generasjon av hjort.
Mora lærer kalvene dette så klart.
Dyra er berre slik dei at dei går der maten er lett å få tak i.
Felles område for fleire gardbrukera til lagring som er innegjerda med 2,5 meter gjerde må nok til.
Lagring i plasthaller er også ei mulighet.
Såg på Nrk om plaga med bjørn og bossdunker i Amerika .
Bjørnen gjekk inn og fann mat i bossdunkene.
Klart dei gjekk dit maten var.
Mange bossdunker stod opne.
Reven også tilpasser seg folk og mat.
Klart reven kom på trappa mi når det var
kattamat å finne der.
Eg har slutta og ha kattamaten ute slik at slepp at reven går der kvar natt.
Redd er han ikkje .
Eg vil ikke ha reven her på grunn av at han kan drage med seg skabb ol.
Nå får ikkje katten mat ute lenger.
Eg har laga dør til katten slik at han kan gå inn å få seg mat og drikke når han vil.
Eg måtte tilpassa meg reven sine vaner.
Så er det så klart eit spørsmål om kven som skal bere kostnadene med lagringa av rundaballene då.
Tilskot bør det kome frå Naturvernerene og staten.
Det forundrer meg mykje at gardbrukerene ikkje forstår at rundballene ikkje kan ligge ute i all slags ver heile vinteren.
Høylødene vart oppfunne for kanskje fleire tusen år sidan. Dette minner litt om mannen som let rabbene stå ute langt ut over hausten. Hjorten forsynte seg godt og mannen kunne søke om ekstra fellingsløyve.Ein annen måte å verte kvitt problemet på er i skyte siste hjorten.
Så sant ikke jaktløyvene som selges på Riise er et underskuddsforetagende, kunne en bruke midlene til å kjøpe gjerder.
Generellt om bestandsutvikling for hjort er jeg enig i at den gir større og større beiteskader om sommeren.Dette er et problem og økonomisk tap for bøndene her i dalen og det er selvfølgelig leit.
Gjerdeproblematikken burde det gå an å løse dersom bonden vil prioritere det.
Forandrer dei seg i magesystemet og blir tennene anleis.
Når vi gjerder inne rundballene etter 10-20 år så er hjorten nødd til å gå tilbake til den kosten dei hadde før mitt på vinteren.
Korleis vil hjorten takle det når dei unge dyra ikkje har lært av mora si kvar dei skal finne mat mitt på vinteren.
Får vi då utmagra dyr inntil dei lærer å finne mat igjen og må vi legge ut mat.
Dette med lett tilgang på mat er vel noko vi mennska blir påvirka av på samme måte.
Kan vi menneska å finne oss mat i ei krise.
Har vi også glemt kunsten med å finne maten i naturen.
For mange mange år sidan var det ein bonde på Kvistad som felte eit tre over kraftlina og sleit den av ! Då var det at Kraftlagstyrer Alvestad sa "Bønder og pakk" Men eg trur bøndene tok det humoristisk'