Nokre hadde vore til Volda først på bading og tok Ørstaturen som rein bonus med mykje god underhaldning.

J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta:

H&E
Hanne og Emilie Cathrin i aksjon for J14.

Første kampen (som dei fleste sikkert forstår dreiar det seg om handball!) starta kl 11.00 og det var J14 som var i ilden mot Rollon.
Jentene spelte ein god kamp som aldri var spennande, til det var dei altfor overlegne!
Resultatet var 22-14 og siger.

J14 spelte også kamp mot Godøy der dei vann 20-3!

Desse jentene var med søndag: Emilie Cathrin (1), Hanne (3 og 2 mål), Michelle (3,2), Karen (4,1), Elise (2), Marthe (2), Ingeborg (1), Susanne, Monica, Malene (5,5), Else Marie (2,8).

J14
I forsvar mot Godøy. Hanne, Karen, Elise, Michelle, Else Marie og Ingeborg.


G14 Ørsta/Åmdal/Sæbø:

G14
Petter, Martin og Jonas i angrep.

G142
Martin D i farta. Petter og Martin.

Gutane spelte ein tett og spennande kamp mot Rollon/Aksla. Pauseresultatet var 7-7 og laga fylgde kvarandre heile vegen og det stod 10-10 i sluttminutta. Petter sette då eit knallhardt skudd rett i mål og gutane kunne juble over siger 11-10.
Målskårarar frå Sæbø og Åmdal: Petter (4), Martin D. (2), Jonas (1) og
Martin Aa (1).

G16 Ørsta/Åmdal7Sæbø:

Gutane spelte ein spennande kamp mot eit gudt Eid-lag som har slått våre gutar  klart i dei to første kampane. No ville Ø/Å/S det annaleis og vann knepent 15-14 i ein tett og fartsfylt kamp!

G16
Øyvind i mål, Frode og Sivert.

Sivert er innkalla til:

NHF/RMN innkaller til samling for gutter NM 15 (regionslaget) - Trondheim 08.02.- 09.02.2008.
Vi gratulerar!

J16 Sæbø/Åmdal:

J16
Malene, Tiril, Liv Grete (med tre Ørstaspelarar på ryggen) og Torill.

Jentene sin kamp denne søndagen var mot Ørsta/Volda3 som stilte med sitt sterkaste lag. Vi har mistanke om at trenaren til Ørsta, Gry Nupen har utsatt ein fødsel på grunn av denne spennande kampen!! Lykke til med fødselen Gry!
Og det vart virkeleg ein spennande og fartsfylt kamp!
Laga fylgde kvarandre tett heile vegen der våre jenter var hakket foran. Sluttresultatet vart 23-23 og uavgjordt. Men vi var BEST!!

J16 1
Tiril, Monica og Else Marie.

Desse jentene var med på kampen: Monica, Malene (8), Hanne, Else Marie (5), Kathrine (1), Tiril (1), Sara (1), Marita, Karoline, Liv Grete (3) og Torill (4).
 
Monica, Hanne, Malene og Else Marie spelar også på J14 så dette var tredje kampen denne dagen. Monica gjorde ein kjempeinnsats i mål alle tre kampane! Ellers flott kamp av alle jentene. Ein av årets beste!

Takk for kampen
Nokre av jentene går på skule ilag og andre spelar handball på same lag. Dei fleste kjenner kvarandre (iallefall litt), så etter kampen var alle vel forlikte!

Publikum 2
Publikum! 

Publikum3
Heia Sæbø!!!
Det hadde vore kjekt med ei skikkeleg tribune! Det er ikkje godt å sitte mange timar på harde trebenkar...

App1
Eit lite kunstverk tilslutt, laga av Anna ;)