Bondalen Kristlege Ungdomslag (BKUL), tilslutta Norges KFUM, vart starta i 1890, og har vore i samanhengande drift sidan. Laget åtte forsamlingshuset Fredly som stod på Frøland. Då huset vart rive i 1985 på grunn av utviding av riksvegen, fekk BKUL ein erstatningssum som styret har forvalta etter beste evne i samsvar med retningslinjene til KFUM. Det vart til dømes kjøpt stolar til møtesalen i Grendahuset. Laget tok ein stor del av kostnadane med rehabilitering av Sæbø Bedehus tidleg på 1990-talet. Huset vart ombygt, og BKUL vart medeigar. Det er også overført ei gåve til reparasjon av grendahustaket.

I 3 periodar var det tilsett løna ungdomsarbeidar, Reidun Ålstad, Stig Rune Nordkil og Åsa Forngren. Dei to fyrste i heil stilling, den siste på deltid. Då ungdomsklubben Ten Treff gjekk på Bedehuset, vart det ei tid leigt inn studentar frå Volda.

Siste åra har det vore ytt tilskot til konfirmantane etter som soknerådet har søkt, til utflukter eller instruktør, som dei ikkje hadde hatt økonomisk høve til elles. Det har også vore prøvt å halde i gang vanleg lagsarbeid, noko som seinare år har vorte vanskelegare.Situasjonen er slik no at det er vanskeleg å få fulltalig styre på årsmøta.

Om nokon i bygda kunne tenkje seg å støtte oss, med å kome på årsmøte og/eller bli medlem i laget, vil dei vere svært velkomne! Årsmøtet er på Sæbø Bedehus, fredag 8. februar kl. 20.00.

Fredly 1985a 

Forsamlingshuset Fredly på Frøland, 1985

 

For styret: Margreta Aklestad
For valnemnda: Annemor Henjum Moe