Om ikkje altfor lenge skal det byggast ny fergekai på Sæbø. Sandvika er ingen god plass for fergekaia. Skal den ligge der den ligg i dag, må vel Prestehagen reduserast og bautasteinen flyttast. Skal kaia flyttast lenger ut i Sandvika vil den kome i konflikt med badestranda. Trafikk- forholda vil aldri verte gode dersom kaia skal ligge i Sandvika.
Foreslår at fergekaia og «Hjørundfjord» bytter plass.
Etter at området mellom kommunekaia og Hjørundfjordheimen vart utfylt, er der rikeleg plass til fergekaia og ein stor oppstillingsplass. Og trafikkforholda vil verte veldig gode.
Her er det rikeleg plass både til ferjekai og oppstillingsplass
Staden ligg sentralt og ligg nermare Hjørundfjordheimen, Hotellet og Skulen. For skuleborna vert det ein kortere og tryggere veg. Og Sandvika får ligge der som ein fredeleg plass.
Til slutt må eg understreke at eg ikkje har personlege interesser for å flytte kaia. For meg kan den legge kvar som helst. Men voner at dette forslaget vert vurdert når det skal byggast ny fergekai her på Sæbø.
Bjarne Hustadnes
Kommentarar
Forslaget er i mine augo både praktisk og fornuftig. Men realiteten er vel at det pr.i dag ligg føre ein reguleringsplan for Sæbø sentrum der den nye ferjekaia er plassert i Sandvika.
Skal ferjekaia omplasserast, vil det seie ei endring med nabovarsel/godkjenning, omregulering, m.m. Med andre ord meir krangel, fleire innvendingar og ei ny utsetjing. I verste fall ein ny reguleringsplan med dei åra det krev.
Lat oss heller i fellesskap gå inn for den nye ferjekaia der ho er planlagd slik at midlane går nett til det prosjektektet i det planlagde tidsperspektivet.
Dessutan er vel noko av hensikta med utfyllinga mot sjøen ein "promenade" frå hotellet til sentrum. Ei ferjekø ville vel bryte noko av det?
Ein heilt annan ting er at lemmen peikar mot nordaust i reguleringsplanen. Hadde det vore ein ide å få lemmen til å peike meir rett mot Lekneset, eventuelt søraust, i reguleringsplanen for Sæbø? Då hadde vi unngått konflikten mot det som vert det nye flotte rekreasjonsområdet kring badestranda.
Mange bygder har tettstedet sitt i ei vakker vik. Det skal være en trivelig plass for de fastboende , og selvsagt også for besøkende av alle slags kategorier. Nå finnes det landskapsakitekter som hjelper bygdene å flette sammen fremskritt med kulturhistorie på en harmonisk måte, så bygda blir like fin fra sjøen som fra land.God gammel kultur bør bli holdt i hevd og vernet. Den lille plassen rundt prestegården, gamle verneverdige hus, den klassiske badeplassen i Sandvika som ligger rett foran den prosjekterte miljøparken på Kapteinskvia.Mange savner ikke sjarmen før den er vekk.- Vær forsiktig Sæbø.Gjem gjerne vekk parkeringsplassen litt, for eksempel.Behold mest mulig av sentrum som et hyggelig rusleområde. Ikke gjør stedet om til en utrivelig trafikkmaskin som enkelte tettsteder rundt fjorden har gjort før dere !Få hjelp utenfra, så alle behov blir dekt, og Sæbø bli enda vakrere etter fornyingen .
Mulighet for ladding av biler må det vere på kaiene.
Bruken av privatbiler blir heilt sikkert mindre med tida i desse migjøvern tidene.
Små elbiler blir det sikkert men ellers så trur eg det blir mykje meir kollektivtrafikk.
Kanskje meir bruk av båt er tingen i framtida.
Olsen henter fort 10 personer frå bygdene fjorden.
Folk blir meir og meir rastlause, og bilen e nok det siste som forsvinn, iallefall dei neste 100 år:P
Dei har stor makt nå i desse milgjø tider.
Ingår Norge avtale om mindre utslepp med andre land så må nok bilparken i norge reduseres eller så må vi få andre drivstoff og mindre biler.
Mindre elektiske biler trur eg blir heilt vanlig.
Skulle Sæbø verte av interesse for cruise-selskapa, er etter mitt skjøn berre området mellom hotellet og sentrum aktuelt som hamnområde.
Eit slikt "framtidig scenario" er vel ikkje utenkjeleg?
Særleg om/når vegen til Skårasalen kjem.
Ei ferjekai vil her bandlegge området og utelate den einste staden for nett ei kai for cruise-båtar.
Kanskje og eit moment for førebels å la denne strekninga ligge urøyvd?
Slik ser i alle fall eg det.
Dersom ferjekaia skal flyttast til den nye promenaden så vil dei kommunale midlane som no er brukte vere vekkasta, og å gjere ferdig Lissjeelva kan vi spare oss, då denne kanskje vil måtte leggast i rør.
Bygdemobiliseringa tok eit initiativ i 2006 og teikna ein 3D modell av Sæbø der folk kunne få sjå ein visjon korleis ein kunne tenke seg Sæbø
skulle sjå ut, men pga. at arkitekten ville lage til ein diskusjon og teikna inn eit torg der bautaen vart flytta, har det heile dreia seg om
dette og 3D teikninga ser ut til å ha lita nytte. HB. støtta arkitekten for ein flott ide, men her tok vi feil i lag med arkitekten! Folk ville
tydelegvis ikkje diskutere dette og det vart ei avsporing, og det respekterar vi utan problem. HB har ikkje noko planer om å flytte bautaen!
Målet Ørsta kommune i samarbeid med HB. var å skape eit levande Sæbø sentrum, dermed er der satsa framimot ein million kroner til no. Den
tilårskomne ferjekaia i dag, ligg og bind opp areal der den ligg no, og den regulerte kaia i Sandvika bind opp areal der, som ikkje kan brukast
til anna før ei ny regulering ligg føre.
HB sitt syn er: Skal vi skape eit levande miljø på Sæbø så må areala frå Bondalselva til kommunalkaia være i eit og brukast til sysselsetjing- og
trivselstiltak, med ei levande elv med gangbru over. Gjer vi område om til eit ferjeleie vil Sæbø verte eit ferjeleie der folk stoppar kun for å
vente på ferja og det vert lita utvikling.
Spørsmålet er i dag: Skal vi forsette der vi har begynt eller flytte ferjekaia og øydelegge den nye promenaden? Skal vi slutte å diskutere om
bautaen skal flyttast eller skal vi lage ferdig 3D teikninga og sjå framover til eit levande Sæbø, med nye buplassar og næringsliv?
Eit mål for Sæbø er at prestegarden skal ligge der som ei perle i sentrum og være ein attraksjon i seg sjølv og det må vi fortsatt håpe på
går i orden. Ei ny regulering av ferjekaia vil stoppe all utvikling og ta mange år, kva med den gamle ferjekaia då? Kollapsar dagens ferjekai vil det i eit krisetilfelle verte Leknes- Standal, men det kan sjølvsagt ikkje vare i eit riksvegsamband, men ein veit ikkje kor lenge!
--
Ivar Svein Mo
Å frykte kollaps og krisetilfeller på noverande kai synes eg er unødvendig , det må vere viktigare å fokusere på å få ei best mogleg løysing på problema knytt til trafikken og bruke tid på det . Bil skal vi ha i 100år til(MagneR.) og ny fergekai skal vel tene i minst dei første 50 av desse
m.v.h.
Det trur ikkje eg vist man ser på kor fort utviklinga går.
Man kan nå alt senke ned veger i sjøen .
Vegen går då i eit rør.
Det er heilt sikkert andre løysinger på å få en vei over fjorden på om 50 år.
Eg trur nok ferga er vekk om 50 år.
Biler om 100 år?
Om vi har biler om 100 år? Kanskje men
det kalles kanskje noko anna en bil då.
Kva vi forflytter oss i om 100 år kan vi ikkje tenke oss heller.
Tenk vi nokon i 1908 kunne gjette korleis bilen såg ut i 2008.
Oljen vår er på vei ut også om 50 år.
Kva smør vi en motor med då?
Drivstoff motoren er på vei ut innen den tid.
Kanskje sola driv oss framover om 50 år.
Store endringer blir det.
På spørsmål som Ivar Svein Mo stiller om vegen frametter er det så taust, så taust som tilsvar/kommentar frå nærmiljøet. Det er påfallande kor få som har synspunkt på dette.....
Lettare er det kanskje å ha synspunkt på "fjernare" mål.
Utanfor rekkkevidde, uoppnåelege kanskje?
Der ansvaret, om ein kan kalle det for det, pulveriserast?
Eg oppmodar HB om å halde fram som dei stemnar. Utfyllinga mellom sentrum og hotellet er så og seie gjort. Gjer promenaden med bru ferdig. Lat området så ligge der i påvente av å nyttast til det føremålet er.
Den noverande reguleringsplanen med ferjekai har vore ute på høyring/nabovarsel. Innvendingane var ikkje så tungtvegande at dei vart teke omsyn til.
Ein "omkamp" er utopi å tru på.Ein vil berre risikere at prosjektet vert utsatt i tid, og at midlane vert overførde til andre føremål.
Eg har budd ved det noverande ferjeleiei ei årrekkje. Det var trivlege år. Liv og røyrsle, pulserande!
Så frykt ikkje de badande og vitjande i ein framtidig park i Sandvika. Ei flytting av ferjekaia 50 mot nord vil ikkje vere noko katastrofe. Korkje visuelt eller auditivt!
Sølvi Britt Skylstad har også eit godt poeng «Ein saknar ikkje sjarmen før den er vekk». Støttar og Arve Svoren som påpeikar at ein kun skyv trafikkproblemet ved å flytte ferga til Sandvika.
Ein kan heller ikkje sjå på 3D teikningane som vekkasta. Mi bestemor har ikkje oppfatta konsekvensane for henna eigedom før 3D teikningane kom, det gjeld kanskje fleire? At teikningane har skapt engasjement er vel positivt for eit lokaldemokrati?!
Vi har vel alle opplevd å trykkje ekstra på gasspedalen for å nå ei ferje? Er ikkje det eit poeng å spare mest mulig av sentrum for ein slik trafikk?
Kva med heller å legge ei gjestebrygge for småbåtar der ferjeoppstillingsplassen er tenkt i reguleringsplanen? Det ville føre til langt mindre biltrafikk, samstundes som tilstrøyminga av gjestar og potensielle butikkundar ville auke.
Eg veit ikkje kvar den nye ferjekaia ideelt sett bør ligge. Men at ein kan finne ei betre plassering enn Sandvika, med dei positive verknadene ein ønskjer for lokalsamfunnet, det viser vel innlegget til Bjarne Hustadnes.
Sjølv bur eg i Sandvika/Bærum rett utanfor Oslo. Denne tettstaden er eit godt eksempel på korleis biltrafikken fungerer som ein farleg, støyande og miljøfientleg mur mellom fastbuande og tilgangen til badestrand, båthamn og sjøen.
Det å gjennomføre ein ikkje ideell reguleringsplan, er i mine auge korttenkt.
Det kjem generasjonar etter oss som skal leve med dei vala vi tek i dag. Ein reguleringsplan skal vel vere det verktyet den vanlege kvinne og mann kan bruke for å påverke politikarane sine vedtak. Til eldre ein slik plan er, til lågare status bør han ha. Dvs. at det er både naturleg og nødvendig med endringar. Eg vil på det sterkaste anbefale «å snu kvar ein stein» og ikkje la «gammal vane» styre, som Knut Riise skriv.
Pernille Våge
Dine bakenforliggende motiver er så iøynefalllende at det nesten er pinlig.
Skulle jeg få et fergeleie 50 meter nærmere min og min families sommersted, ville jeg naturligvis protestere.
Hvem ville ikke det?
Sæbø sentrum og Hjørundfjorden er innne i en prosess der reguleringsplanen ligger i botn. Bl.a flytting av fergeleiet.
Om du viser til " medsammensvorne" i et febrilsk forsøk på å endre en alllerede vedtatt plan, så er det vekkasta energi.
Både juridisk, moralsk og oppegående er planen vedtatt.
Skal den endrest, så er det en lang,lang vei å gå.
" Den tause majoriteT" er forørig enig i HB sin strategi.
Tilpasss "dokke" realitenes verden...... De alltid velkomne eigarar av fritidshus
Kanskje er det imidlertid tankevekkande for oss fastbuande at vi pr.person/familie er det som trass alt "bestemmmer.?"
«Om du viser til «medsammensvorne» i et febrilsk forsøk på å endre en allerede vedtatt plan, så er det vekkasta energi. Både juridisk, moralsk og oppegående er planen vedtatt.»
Eg er ikkje sikker på om eg forstår heilt denne formuleringa til H. S. Det kan verke som H.S. meiner at ein reguleringsplan er eit dokument, endeleg vedteke for all framtid. Slik er det nemleg ikkje! Både intensjon og ord i plan- og bygningslova legg opp til at reguleringsplanen skal vere eit levande og nyttig verkty for arealplanlegginga i eit lokalsamfunn. For at dette verktyet skal fungere etter intensjonen, skal planen rullerast etter ei viss tid. Det er tale om hovudrulleringar og andre rulleringar når
behovet melder seg. M.a.o. kan lokalpolitikarane bestemme at ein plan skal justerast mellom dei lovpålagde rulleringane, når tungtvegande grunnar krev det. Alderen på ein ikkje gjennomførd reguleringsplan er såleis avgjerande for statusen til planen. Ein t.d. 10 år gammal plan, som den vi her snakkar om, er oftast overmoden for endringar. Og lova krev at kommunen stimulerer til eit aktivt engasjement frå publikum.
Den siste formuleringa til H. S. seier vel i uklartekst at vi ikkje- fastbuande bør halde fingrane frå fatet?
Viss du H. S. meiner du har ei så god sak, treng du vel ikkje vere redd for ei fri meiningsutveksling, sjølv om somme av meiningane skulle kome frå ein ikkje-fastbuande, men like fullt Sæbøpatriot?
Vær vennlig med oss som kommer til fjorden der vi har en del av vår bakgrunn,barndomsopplevelser,nedarvede historier om kampen for tilværelsen overlevert fra tidligere generasjoner med frodig krydret fortellerglede. Vi er muligens fjordens beste besøkende, interessert i bygdenes vel, mens vi viser frem våre fjord og fjell til nye generasjoner.
-----------------------------------------
Å bryte saklighetsregler( med hersketeknikk,snakk om vikarierende motiver etc. ) for å få vekk meningsbrytende innlegg er ikke særlig demokratisk.Ideer om fremskritt kan vinne på å betraktes fra forskjellige ståsted som det kan være lurt å studere på veien til et fremtidig vakkert og hensiktsmessig bygdesenter.