Denne morgonen i 1968 er ein dag som har brent seg inni minne til noverande eigar av garden Slettedal, Einar. Han var 17 år og var heime denne natta, då ei stor fonn kom og tok løda med husdyr og stabburet på garden. For dei som ikkje er lokalkjent så er Sledalen ein sidedal til Bondalen og ein køyrer opp frå Rekkedal.

Einar Slettedal med bilde av gamle grendi
Einar Slettedal med det kjærkomne minne. Eit flyfoto av gamle tunet."Gamlegrendi"som han seier. 

Han hugsar at han vakna av ei during som om det var eit takras og så vart alt stilt. Han kom seg på beina og møtte faren og dei kunne konstantere at bislaget var fylt med snø. Dei kava med å få opp ytterdøra, og då dei kom seg ut, så oppdaga dei katastrofa som hadde råka garden. Løda og stabburet var vekk og der låg fonnbréde i tunet.

Faren Karl, gjorde seg klar for å kome seg til folk for å varsle i den djupe snøen som hadde lagt seg om natta og Einar ville være med. Men faren var bestemt på at ikkje meir enn ein av dei måtte gå, om noko skulle gå gale. Han nådde telefon og fekk varsle lensmannen klokka fem på halv sju, som varsla vidare til Ørsta.

Heimevernet og frivilligt mannskap var frå før på veg til Langstøylen i Follestaddalen og ein del vart omdirigert til Sledalen, men undervegs så kom meldinga om eit nytt stort ras på Rise med store materielle skader, og menneske som var sakna. Det vart då rimeleg at mannskapet måtte til Rise då meldinga i Sledalen lydde på -ingen personskade.

Flyfoto Sledalen 1960 med pil
Pila viser korleis fonna kom og tok stabbur og den nye driftsbygninga.Flyfoto frå kring 1960. Det nye tunet er flytta 300 meter heimover dalen, til ny tomt som dei kjøpte av nabogarden  Aksla. Øvst vedhuset, så Raudestova eller kårstova, bustadhuset, stabburet  og nyeløda som var  bygd i vinkel på gamleløda

Hjelpemannskapa kom ut på føremiddagen.

Etterkvart ut på førmiddagen kom hjelpa også til Sledalen, etter det meste var gjort på Rise. Heile driftsbygninga var reven av murane og det var berre vinkelen på gamle løa som stod att. Alle husdyra vart rekna som omkomne så her var det sett inn alle krefter på å evakuere folk frå det rasfarlege tunet. Gode grannar i Aksla tok i mot, og her fekk huslyden hus i månader framover til dei kunne flytte attende. Det var tragisk for oss og foreldra mine Karl og Synnøve å sjå livsverket sitt ligge i ruinar, seier Einar.

 

Sledalen 1968 feb.gamlestova og den skada løda foto.Hallkjell Buset
Fonna hadde øydelagt tunet i Sledalen og dette var slutten. Bilete er teke i slutten av februar 1968. Foto Hallkjell Buset. 

Pga. fonnfaren kunne ikkje gravearbeidet settast inn før etter 11 døgn. Fonna hadde fare hardt fram i Sledalen og det viste seg at det var mykje verre enn det folk hadde trudd. Den forholdsvis nye driftsbygninga frå 1954 var fullstendigt smadra av fonna, betong og mursteinsveggane var velta og knuste nedover den store besetninga på 35 dyr som var i fjøsen; 8 mjølkekyr, 8 kviger, oksar og kalvar og 13 sauer vart drepne av fonna. Berga vart følmerra, 2 kyr og 3 sauer. Dei kyrne som vart drepne låg på båsen då dei grov dei fram, men som eit mirakel var to i live og funnen i fonnbreen ned mot elva etter dei hadde vorte slengde utgjennom ilag med delar av betong og murstein. Denne ferda hadde gjort stor skade på dyra og dei måtte avlivast. Dei hadde sprengt levra av trykket då dei gjekk utgjennom veggen, sa obduksjonen. Sauene hadde gått utføre og nedmed  muren og kome seg inn i gjødselholet, der dei vart funnen i live fleire dagar etterpå.

På garden var eit stort stabbur, her hadde familien all sin mat, her hekk også store mengder sengeklede som familien brukte. Mora Synnøve heldt storklevask laurdagen før fonna kom, alt hengde ho under stabburet til tørk, ikkje ein handduk var att i huset. Fonna krasa stabburet til pinneved. Det vi fann att var ein mjølsekk oppe på taket av gamleløa, ein bismarvekt, nokre sekkar med kraftfor og eit sundt rive ullteppe, fortel Einar.

Vedhuset var også knust, den gamle stova(kårstova frå 1858 som er eldste huset på garden) har fått seg ein kraftig trykk av fonna, dører og vindauge var knuste og nedre del av stova var fylt av snø.

Den organiserte hjelpa med utgraving  kom på plass fyrst etter 11døgn.

Etter vel ei veke kom hjelpemanskapet på plass. Først var det lokal befolkninga i Bondalen som kom til og grov fram dyra som no hadde lege 11 døgn i snøen. Det vart eit veldigt arbeid å få bort knuste murar og materialer. Dagen etter kom den store styrken på 70 mann frå Ørsta, Bondalen og Vartdal. Ørsta kommune stilte med buldosar og alle kommunale arbeidarar hjelpte til. Buldosaren vart brukt til å brøyte veg frå Aksla til Sledalen og nedigjennom den fleire meter høge fonnbreen til tunet, og vidare nedtil elva der det vart laga ei stor dyregrav. 14 storfe og 12 sauer var her gravne ned. Torrhøyet som var spredd utover all mark vart samla inn. Ut på våren fann vi att ei tønne med saltakjøt som stod på stabburet fortel Einar. Den låg under ei bølgeblikkplate ned på marka og var like heil og maten var fullt brukbar. Traktor og dei andre reiskapa kom frå det i brukbar stand.

Frå Sledalen høge brøytebarar feb.1968 Foto Hallkjell Buset
Foto i slutten av februar 1968. Buldosaren  har laga veg gjennom tunet og nedmot elva, til den store dyregrava. 3-4 mtr. høge brøytebarar. Foto Hallkjell Buset

Karl var ikkje motlause.

Så snart som det let seg gjere fekk Karl kjøpe inn nye mjølkekyr og i ein provisorisk mjølke plass i ruinane held han mjølkeproduksjonen oppe. Om våren køyrde han inn grasavlinga i dei gamle siloane. Samtidigt vart det planlagt flytting og oppattbygging av nytt tun. Å bygge oppatt i Sledalen vart ikkje aktuelt. Den siste plassen som var sett på som fonntrygg sopa den 150 m breie Raudefonna over morgonen 19.februar 1968. Naturlege ryggar og gjel hadde fonna passert, så menneskeskapte fonnvern ville ikkje nytte for å beskytte bebyggelsen. Dette var fjerde gongen tunet på denne garden hadde vorte råka av fonn, men til all hell hadde det ikkje gått menneskeliv nokon av gongane.

Faren Karl,var lenge i tvil om han skulle bygge oppatt i Sledalen.

Tida som kom var hektisk med våronn og eit kjempe arbeid med opprydding. Og oppi alt skulle familien bestemme seg for om dei skulle bygge oppatt eit nytt tun, og skulle dei det, var den einaste muligheita å kjøpe seg ny tunplass med grannen i Aksla. Karl og Einar var også på Austlandet og såg på ny gard, men pga. odel på den garden, slo dei det frå seg og banda til Sledalen vann.

Avisutklipp frå fonna i Sledalen 1968 Syneve og Karl
Karl(55) og Synnøve(46) Slettedal i den harde tida i februar 1968.Foto Sunnmørsposten.

Einar fortel at den ukuelege optimisten på landbrukskontoret, Anders Hustadnes var ei medvirkande årsak til at det vart oppatt bygt i Sledalen. No vart tunet flytta 300 meter heimover på ny jord på Akslagarden.

Anders Hustadnes var til stor hjelp no framover og ny driftsbygning kom opp, og til jul i 1969 flytta dei også inn i nytt hus.

Underteikna har ilag med Einar Slettedal, lese igjennom avisomtalen i Sunnmørsposten i dagane etter, og gjennom samtale har vi kome fram til denne artikkelen. Ei hytte til Hallkjell Buset gjekk også med i fonna denne dagen.

 

 

Ivar Svein Mo